Gåvekk123 Skrevet 12. august 2010 Del Skrevet 12. august 2010 Hei, lurer på hvor jeg kan finne billige deler til min Dell Dimension DIM500? Den er nokk så dårlig nå: intel pentium 4 2.80Ghz, 1gb ram, 160gb HDD og innegrert skjermkort. Har også merket at pc`n går litt sakte. er det noe med skjermkortet å gjøre? Siden det heter noe med Intel Lenke til kommentar
enixitan Skrevet 12. august 2010 Del Skrevet 12. august 2010 Om du er ute etter originaldelar (altså offisielle reservedelar frå Dell) ville eg kikka på Ebay. Om du er ute etter alle slags delar må me nesten vite kva for delar du er ute etter, kanskje det kan kjøpast endå. Har også merket at pc`n går litt sakte. er det noe med skjermkortet å gjøre? Siden det heter noe med Intel Med ei så vag skildring kan dette problemet ha like mange årsakar som eg har hår på hovudet. Kva går sakte? Korleis oppfører den seg (fungerar den normalt og stoppar heilt opp i nokre sekund, eller brukar den bare lenger tid på oppgåvene)? Gjer den dette uansett, eller bare når du gjer visse oppgåver/brukar visse program/spel? Ut frå delane du nevner er denne maskina frå 2003/04, tippar eg. Det er viktig å hugse på at det har skjedd ein del utvikling på programvaresida på 6 år, og at programvare generelt forventar meir av maskinvare, eksempel på programvare som vil virke krevjande er Flash, som dei fleste brukar på ei vanleg surfemaskin. At skjermkortet heiter Intel har lite å gjere med om ting går raskt eller treigt. Det er eit integrert skjermkort som ikkje har like god ytelse som dedikerte skjermkort, men du nevner veldig lite om bruksområde, så det er umogleg å seie om det er dedikert grafikkytelse som kan løyse problemet ditt. Lenke til kommentar
Gåvekk123 Skrevet 12. august 2010 Forfatter Del Skrevet 12. august 2010 Når jeg bruker den på nettet bruker den lengre tid på å få opp sidene enn det min andre pc gjør som er enda dårligere.Noen ganger tar det lang tid før den åpner opp programmer en det den skal gjøre.Da kan jeg også se at prosessoren nesten ikke jobber. Også når jeg starter den så kommer det opp noe: Floppy disk slow failure eller no( husker ikke helt) strike F1 to continue. Er ute etter noen deler til oppgradering.. Bedre skjerm kort og minne Lenke til kommentar
enixitan Skrevet 12. august 2010 Del Skrevet 12. august 2010 Det kan òg vere eit programvarerelatert problem. Har du prøvd å reinstallere systemet med gjenopprettings-CD som kom med PC-en, for å sjekke om det gjer det noko betre? Sjekk òg at maskina di får god lufting (så god som den kan frå eit OEM-kabinett i alle fall), fjern støv o.l. Eg tippar du skal ha RAM-brikker av type DDR-SDRAM (òg kalla DDR DIMM), eller SDRAM (òg kalla DIMM SDRAM). Ta ut ei av RAM-brikkene og sjå kva for type det er, du skal ha same. Komplett og Dustinhome sel begge dei to overnevnte typene. Når det gjeld skjermkort, finn ut om du har eit AGP-spor (desse er som regel brune, og er plassert lenger vekk frå bakveggen enn PCI-spor (ofte kvit/beige)). Har du det kan du kjøpe Radeon HD4670, dette er det beste du får tak i med AGP-grensesnitt (ein standard som vart skifta ut i 2005), ut frå det eg kan finne. Har du bare PCI-spor er nok 9400GT det beste du kan bruke. Begge to vil nok bli avgrensa av prosessoren din, og ikkje yte til sitt fulle, men du kan i alle fall vere trygg på at skjermkortet ikkje er problemet. Lenke til kommentar
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå