Hoywin Skrevet 10. august 2010 Del Skrevet 10. august 2010 10.08.10 Er for tida i prosessen med å lage meg ein hodetelefon, har såvidt begynt å bestille delar, og har utvikla designen eit godt stykke. Som emnetittel hentydar skal hodetelefonen vere noko retro av design, der valg av materiale står i fokus; tre, skinn, metall, og så lite syntetiske saker som mogleg. Har laga eit par skisser i sketchup, slik at dykk fer eit lite innblikk i planane: (Simple skisser, men det gir ein peikepinn på korleis konstruksjonen er i grove trekk.) så over til nokre konstruksjonstekniske valg som eg står ovanfor: Er litt i tvil på kva slags system eg skal ha for å kunne justere hodetelefonen, akkurat no heller eg mot eit system tilsvarande det ein finn på icemat siberia-settet, og på mange av AKG sine sett. Dette systemet baserar seg på to store bøyler som held settet i saman, samt ei elastisk hodebøyle som justerar seg meir eller mindre automatisk etter hodestørrelsen, fordelen med dette systemet slik eg ser det, er at det er ei rimelig solid løysing, og den er lett å etterjustere dersom noko skulle bli feil. Valg av tre: sidan hodesettet nok vil bli rimelig tungt, kan det vere ein fordel å gå for lett treverk, men eg er usikker på korleis dette slår inn på akustikken. Ellers vil eg gå for mørkt treverk, men dette går kansje an å beise/lakke mørkere uansett? Semsket skinn vs Velour: Skinn ser gjerne betre ut, men er dyrare og vansklegare å sy. Velour kjennest kansje noko betre ut mot ørene enn skinn, er lettare å sy, er billig, men ser kjipt og billig ut. Drivere/høgttalere: eg har drivere fra et WESC bongo-sett, icemat siberia, og ein sennheiser 410 SL HD liggande, men er usikker på om eg skal bruke nokon av desse, eller kjøpe nye - av erfaring veit eg at sennheiser 201HD hørest bra ut, og er billig- så kansje dette - forslag? Åpen vs Lukket konstruksjon: satsar på å først lage eit åpent sett (legge inn ein metallgrill frå ei gammal straumforsyning eg har liggande, så får eg heller lydisolere i etterkant, på denne måten blir det lettare å forsøksvis få best mogleg lyd. Vinkling av drivere: her står det mellom minst mogleg distortsjon og vidast mogleg soundstage, har eit Sennheiser 595, som har vinkla høggtalarar, og liker dette godt, men eg vil også ha ein tanke større soundstage, så eg satsar på å gå for ein noko mindre vinkel, kansje mellom 20 og 25 grader? Kabling: hodetelefonen vil få to forskjellige bruksområder, portabelt(får sjå kor gremmelig det blir først ) og stasjonært via stereoanlegg, så det beste blir å lage eit avtakbart system, og to sett med kablar, ein kort, og ein lang. Eg har bestillt det eg vil trenge av kablar og strømper av ymse slag, men manglar fortsatt pluggar. Eg vil nok gå for ein Y-konfigurasjon, med anten mini- eller microjack uttak i kvar klokke og minijack- og ein kompakt 6.3mm plugg i enden( eller muligens, dersom eg finnd det, ein 3.5 plugg med gjengar til 6.3mm - som på hodesett fra Beyerdynamic.) vel, då kjem eg ikkje på så alt for mykje meir å skrive om, men dykk er absolutt velkomne til å komme med innspel og idèar Lenke til kommentar
Hoywin Skrevet 12. august 2010 Forfatter Del Skrevet 12. august 2010 (endret) Oppdatering 1: Fikk tak i eit stykke beige skinn i går, så har sydd ein del i dag. Vart ferdig med hodebandet men nåla på maskina knakk i det eg begynte på øreklokkene Vart også ferdig med ein av kablane i dag, men manglar fortsatt microjack han- og hunkjønn for montering på øreklokkene. (Skal laste opp bilete i løpet av kvelden) Endret 12. august 2010 av Hoywin Lenke til kommentar
tevil Skrevet 12. august 2010 Del Skrevet 12. august 2010 Fabelaktig DIY-prosjekt. Kan ikke huske å ha sett noe lignende. Har ikke så mange innspill på den byggtekniske eller audio-delen av prosjektet, men må ha denne i mine innlegg. Finn noe lekkert eksotisk treverk så må du jo gå med det utendørs! Lenke til kommentar
Hoywin Skrevet 12. august 2010 Forfatter Del Skrevet 12. august 2010 (endret) Dei tidlegare nemnte bileta: ferdig kabel: omtrent 1m - for tilkobling til laptop. legg merke til at pluggen også er i tre, - laga fullstendig med drill og sandpapir kabel detalj: - i teak - Hadde ein liten bit liggande, litt av den går til kabelen, resten går til smådetaljar på hodetelefonane, ellers skal resten av headsettet skal vere i lys gran. - Må forresten pusse over teak-splitteren litt meir grundig ser eg. Under kabelstrømpa: kabel eyecandy:[/b]MG_5638 (Custom) (2).jpg] hodeband: hodeband bæresystem: obs- har bytta ut den rosa hårstrikken med eit kvitt gummibånd i den ferdige versjonen Endret 12. august 2010 av Hoywin Lenke til kommentar
haarod Skrevet 12. april 2011 Del Skrevet 12. april 2011 Hvordan gikk det? Kult prosjekt! Lenke til kommentar
Hoywin Skrevet 12. april 2011 Forfatter Del Skrevet 12. april 2011 Det heile vart satt litt på hylla i det studentlivet byrja på att etter sommeren, men får sjå om det blir litt tid til overs no i påska Lenke til kommentar
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå