Gå til innhold

Augustfest 2010 - Eksistensiel


Anbefalte innlegg

Eg skal ha eit tema for kvar veke, som blir funne på litt etterkvart. Eg skal berre bruka eit objektiv kvar veka i utfordringa. Andre objektiv blir brukt utanom(mykje grunna skulegang).

 

Deltakarnivå: Entusiast, betre å satsa for høgt enn for lågt, sant?

 

Veke 1: Landskap (17-55/2.8)

Veke 2: Mennesker

Veke 3: Tilbake til kvardagen (35/2)

Veke 4: Portrett

 

Bli ein del fjellturar og andre turar, så det kan vera det går nokre dagar mellom kvar post.

Endret av Eksistensiel
Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Då er eg heima frå ein fin fjelltur. Eg, foreldre og to hundar gjekk frå Valldalen til Kindarvik, gjenom Litlos, Torehytten og Stvali. Ein veldig fin, men litt lang tur. Veldig mykje fin natur og interessante situasjonar. Kjem eit bilete frå kvar dag, pluss litt ekstra "snadder" i spoiler under.

 

1. August - Dag 1

Valldalen - Litlos

 

post-191765-1280954119,053_thumb.jpg

Far og hundar på veg innover dalen Langs Holmavatnet. Det hadde regna på og av sida me begynte å gå, men akkurat då det var på sitt verste stakk sola fram. D90 i frysepose og 17-55/2.8 er ein fin kombo.

 

post-191765-1280954318,0609_thumb.jpg

post-191765-1280954343,3856_thumb.jpg

 

 

2. August - Dag 2

Litlos - Torehytten

 

post-191765-1280955037,5374_thumb.jpg

Var ikkje veldig spektakulært lys denne dagen, men eg fekk nokre brukbare bilete. Dette er tatt rett etter eg kom fram til Torehytta, og venta på resten av følgjet(sprang den siste kilometeren på vegen frå Hårteigen). Eg sat frå meg sekken og snakka litt med hytteverten - ho viste ikkje heilt kor mange det var der, men det var 15 stykk uten seng - eg snur meg og ser dette lyset, grip kamera og spring ned til vatnet. Eit halvt minutt seinare var det vekke.

 

 

post-191765-1280954616,3408_thumb.jpg

post-191765-1280955073,2129_thumb.jpg

 

 

3. August - Dag 3

Torehytten - Sandhaug

 

post-191765-1280955192,862_thumb.jpg

Tidlig om morgonen, på veg vekk frå Torehytten. Det var ein del morgondis då me gjekk frå hytta, men eit stykke oppi bakken snudde eg meg til dette herlege synet. Hårteigen - den grå vegvisaren - er eit flott motiv og landemerke.

 

 

post-191765-1280955370,1808_thumb.jpg

post-191765-1280955398,2656_thumb.jpg

 

 

4. August - Dag 4

Sandhaug - heim

 

post-191765-1280955491,4589_thumb.jpg

Dette er ei av dei eldre hyttene på Stavali, som eg knipsa rett før eg starta turen nedover. Eg stod opp 06:15 for å rekka jobb i Kinsarvik 13:00 - brukte akkurat tre timar heim, med sekk på noko å ti kilo, og konkluderte med at eg kunne sove litt lengre. Turen er mekra som ein femtimars tur på kartet. Var ganske seigt å jobba i seks timar idag, men mange av folka som hadde vore på Stvali dagen før kom innom, så det gjekk fint. Sjølv om eg kanskje glefsa litt etter spanjolane som kom fem minutt før stengetid, og ikkje kunne engelsk.

 

Er ganske nøgd med starten på festen, kan ikkje lova slik oppvarting kvar dag. :)

Lenke til kommentar

Takke og bukke :) Eg syns det siste bilete er det svakaste frå turen, av dei eg la ut, like nummer tre desidert best.

 

Eigentleg ganske vanskeleg å ha landskap som utfordring, sida du er såpass avhengig av bra naturleg lys. Glede meg litt til dei andre utfordringane, så kan eg ta landskap når forholda er tilstades.

 

6. August

post-191765-1281124314,3938_thumb.jpg

 

Litt heldigare med lyset i kveld. Berre synd eg ikkje såg det før, så kunne eg kome meg til ein meir fotogen plass enn verandaen - trist å ha rom med vindauge som vende feil veg.

Endret av Eksistensiel
Lenke til kommentar

Endå eit litt "meh" bilete. Må skjerpa meg i morgon og utover, blir litt for snapshot. Er eigentleg inne på det eg vil, men er ikkje gjenomført nok: dårlig lys, halvhjarta komposisjon og generelt lite innlevelse. I morgon, I morgon - men ikkje i dag.

 

10. August

post-191765-1281471138,9468_thumb.jpg

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...