Haaland Skrevet 17. juni 2003 Del Skrevet 17. juni 2003 Eg har to Western Digital Raptor 36,7 GB harddiskar, kopla til den innebygde S-ATA-kontrollaren (Silicon Image Sil3112A) på mitt ASUS A7N8X Deluxe hovudkort. Dei er sette opp i RAID 1, og verka heilt fint dei første dagane etter at eg hadde sett saman maskinen. Så, plutseleg, etter at maskinen hadde stått og stress-testa ei natt, hadde statusen til den eine disken (den som er kopla til den primære kontakten) forandra seg. Han hadde forandra seg frå "Current" til "Dropped". Maskinen verka fortsatt heilt normalt, men ut frå meldinga S-ATA-BIOS-en ga, fekk eg inntrykk av at RAID-en ikkje verka lenger. Derfor tok eg sjansen på å slette RAID-settet, for å laga det på ny. Det gjorde eg, og etterpå verka alt fint, eg måtte ikkje ein gong legga inn operativsystemet på nytt. Etter dette tenkte eg at harddisken kanskje hadde gått i stykker, så eg testa han med Data Lifeguard Tools frå Western Digtal sin nettstad. Eg valde å køyra såkalla "Extended test", men programmet fann ingen feil, og eg konkluderte med at det sannsynlegvis berre var ein eingongsfeil. Men, etter eit par dagar kjørte eg på nytt nokon ytelsestestar, og då fekk eg same feilen igjen... Eg tenkte eg kunne fiksa det på same måte som sist, men denne gongen gjekk ikkje det. Foreløpig har eg ikkje fått testa så mykje, men det ser ut til at eg blir nødt til å legga inn operativsystemet på nytt... Etter desse opplevingane sit eg att med nokre spørsmål: Kva betyr det at harddisken har blitt "dropped"? Kvifor skjer det? Korleis kan eg unngå at det skjer igjen? Er det mogleg å få alt til å verka igjen etter at det har skjedd, eller er det ingen veg utanom å installera på nytt? Og sist men ikkje minst: har nokon andre opplevd noko liknande? I tillegg til å posta her, har eg sendt ein e-post til både Western Digital, ASUS og Silicon Image, men foreløpig har eg ikkje fått nokon svar. Kan nokon her hjelpa meg? Lenke til kommentar
ToreBK Skrevet 17. juni 2003 Del Skrevet 17. juni 2003 Da jeg først leste emnefeltet på denne tråden, antok jeg at du hadde mista disken i betonggulvet med et brak, godt det ikke var så ille! Interessant problemstilling du står ovenfor, jeg går og teller på knappene med å få meg to Raptor's i RAID selv på mitt Asus P4G8X Deluxe. Det som holder meg tilbake er frykten for støy fra disse diskene. Jeg har nemlig 2 x WD120GB-SE som støyer langt mer enn jeg kan leve med i lengden, så det spørs om jeg kommer til å handle mer WD med det første. Jeg slenger bare ut en tanke her: kan dette problemet ditt relateres til BIOS? I såfall burde ASUS prompte komme opp med en fix. Har du byttet om plassering på diskene, for å se om feilen følger disken eller plassering? Om du ikke får fremprovosert feilen da, prøv å bytt diskene tilbake, men denne gangen bytt kablene. Brukte du de medfølgende kablene (som fulgte med hovedkortet)? Jeg ser med spenning frem til fortsettelsen, hold oss orientert! Lenke til kommentar
Haaland Skrevet 17. juni 2003 Forfatter Del Skrevet 17. juni 2003 Nei, eg har ikkje gjort så mykje meir etter at feilen dukka opp for andre gong. Planen er å avventa litt, og sjå om Western Digital, ASUS eller Silicon Image har nokon gode idear om kva som kan vera årsaka, og ikkje minst kva det eigentleg betyr at harddisken er "Dropped". Det kunne kanskje gitt meg nokon hint, men dokumentasjonen på både hovudkortet og særleg sjølve kontrollaren er heller dårleg, for ikkje å seia elendig... Elles kan eg jo nemna at eg ikkje bruker dei to kablane som fulgte med. Dersom du vurderer å skaffa deg slike diskar, så må du vita at dei har ein forholdsvis plagande, høgfrevent pipelyd. Etter at eg har høyrt dei, ville det ikkje vore aktuelt for meg å putta dei i den vanlege maskinen min, men dette er ein servar som skal stå for seg sjølv, så då er det ikkje så farleg. Men, for dei som ikkje er så redde for lyd, er ytelsen i alle fall svært bra! Lenke til kommentar
Haaland Skrevet 19. juni 2003 Forfatter Del Skrevet 19. juni 2003 Tenkte berre eg skulle posta det som ser ut til å vera løysingen, i tilfelle andre har/får liknande problem. Etter å ha lagt inn den nyaste Über-BIOS-en, 1005 S-ATA enhanced (kan finnast her), og lagt inn siste drivarar og verktøy frå Silicon Image sine heimesider, ser det ut til at alt verkar. PC-en har kjørt SiSoft Sandra File System Benchmark i heile natt, meir enn 140 gonger, utan at det har dukka opp nokon feil. Tidlegare dukka feilen opp etter berre eit par gonger. At det var drivar-problem med kontrollaren som laga problema, var eigentleg ikkje noko bombe, i og med at feilen dukka opp på begge harddiskane, utan at eg hadde flytta på dei eller bytta kablar. Men, eg er svært glad for at alt tilsynelatande verkar fint igjen no! Elles må eg anbefala nForcersHQ.com sitt forum, der det stod ganske mykje om problem med S-ATA-kontrollaren på ASUS A7N8X Deluxe, særleg i samband med RAID 0-oppsett. Lenke til kommentar
ToreBK Skrevet 26. juni 2003 Del Skrevet 26. juni 2003 Dette var godt nytt for deg! Oppgradering av BIOS løste altså problemet. Jeg dropper nok Raptoren ettersom den har samme høyfrekvente "whine" som WD 120-diskene. I gamle dager snakket vi om typisk "IBM-lyd" fra diskene, nå tror jeg det er dags å innføre begrepet "typisk WD-støy". Og WD-støy er uutholdelig i mine ører, så jeg kommer til å sette diskene i en serverrack nede på teknisk rom, så jeg slipper å høre på dem. Får kjøpe meg et par Seagate-disker P-ATA heller, skulle ønske de hadde 8mb cache... Lenke til kommentar
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå