Dabola Skrevet 16. juni 2010 Del Skrevet 16. juni 2010 (endret) Har hatt ein Supertalent 64 Gb SSD eit års tid. Installerte Win7 Ultimate for 2-3 mnd sidan og alt har fungert som det skal heit til for eit par veker sidan. Då fekk eg plutseleg blåskjerm. Håpte på at det skulle bli eit eingongs-tilfelle. Kom i forgårs tilfeldigvis over info om at det var ingen problem å køyre chkdsk /r ved neste oppstart (via kommandolinje) også på ein SSD. Sjølve prosessen gjekk som den skulle. Fann inga melding i C:\ eller C:\Windows som rapporterte om resultatet. Sidan i forgårs har eg so hatt 4 blåskjermer. Nokon som har råd om kva eg skal gjera? Kor eg skal byrja? Har allereie sjekka at ledningane til SSD'en (som er 100% partisjonert til C:\) er i orden. Kvar bør vera det neste? Flytte koblingspkt. på hovudkortet? Stokke om minnebrikker? Køyre analyseprogram? Inn med installasjons-cd'n eller kva? Har en AMD-basert pc som tilsvarer denne pakken for eit år sidan. Eller skal eg forsøke å gå attende til IDE basert disk? På dette forumet såg eg anbefalinga om å gjere SSD'en SATA basert for å få den raskere. Det må i alle fall ha gått 3-4-5 veker med null problem etter at eg endra innstillingane i BIOS og registeret over til SATA basert disk. Er det her eg bør starte og gå tilbake til IDE basert disk? Er det ingen risiko å gjere dette? Endret 16. juni 2010 av Dabola Lenke til kommentar
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå