Breidablik Skrevet 25. mai 2010 Del Skrevet 25. mai 2010 Hei! Jepp, så var det på tide å prøve seg på tørrisklokking. Eg har drive med overklokking ein god del frå før, men den heftigaste kjølinga eg har brukt så langt er vasskjøling, og det tenkte eg då å gjere noko med. Eg driv for tida å oppgraderer frå LGA775 til 1366 i main-PCen, så eg tenkte eg like gjerne kunne klokke i hjel det gamle. Det er då i utgangspunktet snakk om ein E8400, eit Asus P5Q Pro og 4 Gb OCZ PC2-8500 Reaper HPC, men sidan eg skulle bestille nytt utstyr likevel heiv eg med ein Intel Celeron 430 i handlekorga i tillegg, så det blir nok litt old-school-klokking også. Eg kjøpte heilt nyleg tørris-potten til tharshan (aka "Gubben"), og var i dag ein tur innom Tess for å spørje om bestilling av tørris. Det gjekk uventa enkelt og greitt. Dei sa dei kunne bestille til torsdagar, så dersom eg var interessert kunne eg berre komme innom. Eg tenkte då å vente til det nye oppsettet pluss celeronen kom før eg bestilte, så det blir mest sannsynleg gjort neste veke. Eg kjem til å bruke denne tråden som ein slags logg for gjennomføring, resultat og spørsmål ang. tørris osv. Lenke til kommentar
ORLY? Skrevet 25. mai 2010 Del Skrevet 25. mai 2010 Følger med! Spent å se hvor langt du kommer. Har sinnsykt lyst til å slenge i5'n min på is, men har verken utstyret, eller penger til å kjøpe ny/erstatte ødelagt prosessor Lenke til kommentar
Breidablik Skrevet 25. mai 2010 Forfatter Del Skrevet 25. mai 2010 (endret) Det har vel strengt tatt ikkje eg heller. Eg har heilt nyleg investert litt over 5 500,- på nytt HK, CPU og RAM (* clicky *), 2 500,- på 26", litt over 3000,- på vasskjøling og no 2 000,- på dice-potten... Om ein ikkje har råd tar ein seg råd... Edit: Pluss ca 300,- på Celeron 430. Dessutan blir det vel nokre hundre på tørris etter kvart også... Damn, det her såg plutseleg veldig mykje ut. Endret 27. mai 2010 av Breidablik Lenke til kommentar
ORLY? Skrevet 25. mai 2010 Del Skrevet 25. mai 2010 Når man er 15, og for øyeblikket ikke har jobb, 0 hardware interesse i foreldra. Så er nok ikke bare å ta seg råd. Lykke til meg klokkinga! Lenke til kommentar
Breidablik Skrevet 25. mai 2010 Forfatter Del Skrevet 25. mai 2010 Hehe, forstår den. Foreldra mine er ikkje akkurat begeistra for interessa mi for data/hardware/overklokking heller, men dei går med på det så lenge eg betaler ting og tang sjølv. Og takk for det! Lenke til kommentar
Breidablik Skrevet 25. mai 2010 Forfatter Del Skrevet 25. mai 2010 Eg kan forresten nemne at den E8400en eg har sannsynlegvis er ganske redusert som det er. Den har køyrd på nesten 1,6V @ 4,65 GHz på luft tidlegare, og no har den litt problem med booting på høge frekvensar, men vi får sjå korleis den gjer det under skikkeleg kulde. Eg har som mål å få den opp mot 5 GHz, i alle fall over 4,8. Så alt i alt er det vel Celeronen eg har mest trua på. Den skal godt over 4 GHz, om mogeleg. Lenke til kommentar
Breidablik Skrevet 27. mai 2010 Forfatter Del Skrevet 27. mai 2010 (endret) Eg kan vel oppdatere litt her. Først og fremst, i7-oppsettet kom i går. Foreløpig har eg stort sett berre fått sett det opp og montert vasskjølinga, men no utover kvelden blir det sikkert litt klokking - max fsb i første omgong (eller bclk som det heiter...). Til no køyrer kortet stabilt på 220 bclk, så då var det berre å fortsette. Ellers er ikkje pakken med celeronen komen enno slik som eg trudde. Den skulle vore her i dag, men den er dessverre ikkje komen lenger enn til Ålesund, så då er den i alle fall her i løpet av morgondagen. Ein annan ting er at eg manglar to skruar til potten, som det verkar til å vere umogeleg å skaffe. Korkje Jernia, Byggmaker eller ByggTorget har... Men det ordnar seg nok. Eg kom også på at eg ikkje har aceton til å ha nederst i røret. Er det nokon som veit kor eg får tak i slikt? Er dette noko som vert seld på bensinstasjonar o.l.? Endret 27. mai 2010 av Breidablik Lenke til kommentar
ORLY? Skrevet 27. mai 2010 Del Skrevet 27. mai 2010 Kan jo komme med no primitive løsninger da. Som fks en gummiring/foring men en skrue opp gjennom hovedkort, som en 'backplate' løsning, også stramme til en mutter oppå hk? Skal vel gå fint det. Så lenge du ikke skader hovedkortet så regner jeg med at det skal funke flott. Hihi. H50 er jo _litt_ morsom og klokke med den også. Sinnsykt lyst på custom vannkjøling. Men da må jeg nok modde noe jevlig, eller bytte kabb, igjen! Fortsatt lykke til, følger meg. Lenke til kommentar
Breidablik Skrevet 27. mai 2010 Forfatter Del Skrevet 27. mai 2010 Bakplate har eg, men eg har berre to av dei fire skruane som skal opp frå baksida av hovudkortet og festast i potten med vingmutrar. Det går vel alltids an å berre bruke ot også, i motsatte hjørne, men det blir langt ikkje frå like godt festa som med alle fire... Lenke til kommentar
ORLY? Skrevet 27. mai 2010 Del Skrevet 27. mai 2010 Om du har bakplata: finn en skrue(trenger ikke være stor nok, bare den er lang nok. Så mekker du på en mutter på toppen, da er jo alt fiksa? Lenke til kommentar
Breidablik Skrevet 27. mai 2010 Forfatter Del Skrevet 27. mai 2010 Det som er problemet. Ingen som har så lange skruar (12 cm) og under 4mm i diameter... Dei einaste som er lange nok har for stor diameter. Lenke til kommentar
ORLY? Skrevet 27. mai 2010 Del Skrevet 27. mai 2010 Strips gogo. Neida, gir nok ikke hardt nok press. Lykke til med problemet! Lenke til kommentar
Breidablik Skrevet 27. mai 2010 Forfatter Del Skrevet 27. mai 2010 Hehe, strips har eg gaaanske lite trua på. Men takk for det, eg finn vel på noko. Lenke til kommentar
Kaaz Skrevet 27. mai 2010 Del Skrevet 27. mai 2010 Eg kom også på at eg ikkje har aceton til å ha nederst i røret. Er det nokon som veit kor eg får tak i slikt? Er dette noko som vert seld på bensinstasjonar o.l.? Aceton får du ihvertfall på apotek og sannsynligvis også i malingbutikker. Lenke til kommentar
Breidablik Skrevet 27. mai 2010 Forfatter Del Skrevet 27. mai 2010 Då får eg ta ein tur innom apoteket i morgon. No når eg tenker etter er det vel faktisk no på torsdag eg får vite om eg kjem opp i eksamen eller ikkje... Viss eg kjem opp betyr vel kanskje det at klokkinga må vente enda ei veke. Jaja, får håpe eg ikkje kjem opp, då. Lenke til kommentar
Breidablik Skrevet 28. mai 2010 Forfatter Del Skrevet 28. mai 2010 (endret) Då var ein stykk Intel Celeron 430 i hus! Aceton har eg ikkje fått tak i, så det får eg fikse over helga. Eg trur også eg skal byrje å isolere hovudkortet no snart. Det gjer jo ikkje akkurat noko å ha god tid til det. Update: i7-klokking Den nye 920en min klarer seg veldig godt. Den køyrer atm 3,9GHz på 1,2V. Det må eg seie eg er rimelig imponert over. Temperaturane er jamt over litt over 60 grader (av og til opp i 65 på enkelte kjernar), men etter kvart som nye og kraftigare vifter til radiatoren blir bestilt skal eg vel få has på litt av dette også. Berre for å nemne det: 3,9GHz på 1,2V er 1,24GHz over default frekvens (ca 35% overklokk) og spenning under stock! No gler eg meg til å teste den opp mot høgare spenningsverdiar. Greier den 4,4GHz på under 1,3V tru? Endret 28. mai 2010 av Breidablik Lenke til kommentar
Breidablik Skrevet 31. mai 2010 Forfatter Del Skrevet 31. mai 2010 Ok, i går skar eg ut ein passande bit armaflex som passa perfekt rundt socket. Men eg har eit spørsmål: Er vanleg kløvervaselin (gul boks, 100% fri for vatn og andre uhumskheiter) ok til å smørje på under armaflexen eller er det noko anna spesielt som er betre? Lenke til kommentar
ORLY? Skrevet 31. mai 2010 Del Skrevet 31. mai 2010 Etter det jeg har hørt er vaselin vannfri ja. Brukes til å smøre servoer(strømsaker) i rcbiler når der regner, med vann på servoene klikker jo rc-bilen. Så vaselin skal nok funker flott i dette tilfellet også. Lenke til kommentar
Breidablik Skrevet 31. mai 2010 Forfatter Del Skrevet 31. mai 2010 Ja, eg veit at kløvervaselin er fri for vatn, men er det det beste å bruke, eller er der andre betre typar vaselin? Lenke til kommentar
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå