Gå til innhold

Fekk nye høgtalarar, treng billig forsterkar


Anbefalte innlegg

Hei! :)

 

Eg fekk nokre høgttalarar av ein bekjent som ikkje trengde dei lenger, men eg har ikkje forsterkar. Høgttalarane det er snakk om er eit par Mission 761i + eit par Philips LSB381. Eg kopla dei opp mot stereoanlegget i stova for å sjå korleis dei spelte, og vart ganske imponert. Det einaste er at det manglar ein del bass, så ein sub må eg ha. Dette kan det også hende eg får meg tak i gratis - ein stykk Jamo av eit eller anna slag. Eg såg på den for ei stund sidan, og den forrige eigaren sa den spelte veldig godt. Den har ikkje innebygd forsterkar, men der er mogelegheiter for det (der har vore forsterkar før, men den er tatt ut).

 

No har eg eit surroundanlegg frå Logitech (x-540), som fungerer heilt ok. Eg tenkte også (dersom eg ikkje får tak i sub) at eg kunne bruke bassen der dersom det lot seg gjere, då denne har innebygd forsterkar. Greia med denne suben er at den kun har RCA-utgangar. Men då har eg eit spørsmål - kan eg berre lodde på ein RCA-plugg på ein vanleg to-delt høgttalarkabel? (Slik) I så fall vil det vere det einaste eg treng å gjere... Trur eg... :p

 

Uansett tenkte eg det var greitt å spørje om det her, etter å ha lest litt rundt i denne delen av forumet og sett at det er veldig mange med god peiling her.

 

 

Takk for svar! :)

 

 

Edit:

 

Nevermind. Forsterkaren i suben frå x-540 var meir enn god nok. Eg lodda RCA-pluggar på Mission-høgttalarane, og plugga dei i forsterkaren. Deretter kopla eg Philips-høgttalarane til Mission, og det funka fett. :)

Endret av Breidablik
Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...