Tosha0007 Skrevet 9. mai 2010 Del Skrevet 9. mai 2010 Har i den seinaste tid blitt meir og meir usikker på om det fins gjeldande reglar for reklamasjonsrett på klær. Vanlegvis er det jo to års reklamasjonsrett på ei vare, gitt at vara ikkje er meint å vare vesentleg lenger (fem års reklamasjonsrett). Er klær meint og vara vesentleg lenger enn to år? Dei er jo ofte utsett for sterk slitasje. Etter å ha lese rundt på nettet finn eg ikkje noko eintydande svar om kva som er gjeldande rett. Forbrukarrådet meiner sjølvsagt det er fem år, men når tok dei sist ikkje forbrukaren si side? I tillegg, kva er rekna som "normal" slitasje på eit plagg? Vil ei jakke til 1500 kr tole mindre enn ei jakke til 5000 kr, og derfor ha to års reklamasjonsrett mens den dyraste har fem år? Kva er rekna som normal slitasje (sjå døme 1), og kva vil gå på reklamasjonsretten? Døme 1 Kunde kjem inn med ei jakke (verdi 1000 kr) etter 7 måneder. Glidlåsen er øydelagd. Kunden har bevisbyrda ovanfor butikken at dette er ein feil som var ved kjøpstidspunkt, men korleis kan dette avgjerast i praksis? Klær er etter mitt syn mykje meir råka av ytre faktorar enn det t.d. ein tv er. Døme 2 Kunde kjem inn etter 3 år med ei jakke (3000 kr) som knapt er brukt, men trekk vatn. Dei fleste membranar må reingjerast og vedlikeholdast for at dei ikkje skal misse effekten over tid. Skilnaden på delamminering grunna manglande vedlikehald og fabrikasjonsfeil er ofte vanskeleg og finne. Kva har kunden krav på i ein slik situasjon? Vil prise spela inn for reklamasjonsrett, kan ein forvente same slitestyrke av ei jakka til 500 kr som ei til 5000 kr? Sjå vekk frå produsentar sin eigen garanti, t.d. Gore Tex sin "Guaranteed To Keep You Dry"-garanti. Lenke til kommentar
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå