Gå til innhold
Trenger du hjelp med PCen? Still spørsmål her! ×

Bluescreen, Softwarekrasj, CRC-feil


Anbefalte innlegg

Hei

 

 

Oppsett:

Gigabyte GA-965P-DQ6 Socket LGA775

C2D 6600 2,4GHz

2x2GB Crucial BallistiX DDR2

Ukjent antall SATA-II-harddisker. WD og Seagate 320GB-1500GB

Windows 7 64 med alle oppdateringer installer. Minimalt med programvare installer. Firefox, Live Messenger og µTorrent.

 

Crucial-brikkene har vore bytta ein gang då dei første eg fekk ga bluescreen konstant.

 

 

 

Har i det siste hatt ein del uforklarlige problem med eine datamaskina mi.

Får innimellom bluescreen med dropping av fysisk minne. Dette har eg hatt litt av i lenger tid, men ikkje meir enn "normalt" (det skjer jo innimellom med dei fleste har eg inntrykk av)

 

Det nye problemet som har oppstått er CRC-feil i WinRAR. Det som er litt rart er at det er faktisk ikkje CRC-feil i filene. Det er litt tilfeldig kva slags filer det er feil på.

Det kan for eksempel begynne med feil på r02, r23, r40 og r46. Starter maskina på nytt og det kan no vere feil på r14, r37 og r46. Ved neste omstart kan problemet vere på r12, r14 og r46. Det er til ein viss grad dei samme filene kvar gong, men med variasjoner.

Viss eg flytter alle filene til ein annan fysisk harddisk oppstår feilen på nye tilfeldige filer. Samme om eg flytter filene til ei anna datamaskin.

Når dette problemet først oppstod var alt iorden etter ein omstart, men no klarer eg ikkje å få vekk problemet.

 

I går hadde eg og problem med at windows explorer krasja konstant. Dette ser ut til å vere i orden no etter eg flytta minnebrikkene frå kanal 2 + 4 til kanal 1 + 3. Firefox krasjer og ofte. I tillegg er det diverse andre ting som plutselig ikkje virker, sannsynligvis pågrunn av ting som har krasja. Etter omstart er det stort sett i orden ei stund.

 

Kjem og ofte tilbake til maskina og ser at "Windows has recovered from an unexpected shutdown"

 

 

Mistenker at problema her er relaterte til kvarandre og at CRC-problemet ikkje er med harddiskane.

Min logikk tilseier at dette er eit hovedkort som er i ferd med å synge på sitt siste vers.

 

Er det ting eg kan gjere for å prøve å lokalisere feilen og utelukke komponenter?

 

 

 

Mvh Simen

Endret av Semikolon
Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Det var vist ein feil. Eg hadde Crucial BallistiX frå før og. Veit ikkje kvifor eg skreiv Corsair....

 

Brikkene heiter

BL25664AA80A.16FE5

LEAD-FREE w/EPP

800MHz 4-4-4-12 2.0V

 

 

Eg skal prøve det du foreslår.

Takk for svar :)

 

Mvh Simen

Lenke til kommentar

Har testa litt med memtest no.

På den eine brikka kom det opp over 300 feil på 35 sekunder. Den andre hadde ca 10 feil etter eit par minutter.

 

Testa med nokre eldre OCZ-brikker eg hadde i Media Center-maskina mi, og uten å ha kjørt testen 100% ser det bedre ut. Ikkje ein einaste feil på samme tid som dei andre hadde mange feil.

 

Då rekner eg med det er brikkene som er problemet. igjen....

Men kan det hjelpe med høgare spenning? Eg veit ikkje kor høg spenning dei får i utgangspunktet, og i BIOS er det ingen innstilling for fast spenning, berre kor mykje ekstra spenning dei skal få i forhold til standard.

Endret av Semikolon
Lenke til kommentar

Dei er ikkje to år gamle heller. Så går vel under reklamasjon uansett :)

 

No skal spenninga på Minnet vere ca 1,97V. Fortsatt problemer. Så då får eg skaffe meg nye tenker eg..

 

 

Takk for svar :)

 

 

Mvh Simen

Lenke til kommentar

Ser ut til å vere mykje problem med BallistiX-brikkene rundt omkring i verden.

 

 

Men då tenker eg problemet er løyst. Og det forklarer kanskje kvifor eg har hatt litt problemet innimellom siste året :hmm:

 

 

Takk for hjelp :)

 

 

Mvh Simen

Endret av Semikolon
Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...