Gå til innhold
🎄🎅❄️God Jul og Godt Nyttår fra alle oss i Diskusjon.no ×

Nynorskrevisjonen, nytt og ordskifte


Glutexo

Anbefalte innlegg

Som de veit har Språkrådet byrja arbeidet med ei ny nynorskrettskriving. Eg tenkte me kunne nytta dette emnet til å seia kva dei har vedteke, og kva me tykkjer om vedtaki. Det er allereie eit emne om rettskrivingi, men det er meir retta mot å klaga på kva ein trur hender. No byrjar det å koma meir konkrete vedtak, so det er noko å kommentera.

 

www.språkrådet.no{/url] kan de fylgja arbeidet med ny rettskriving. Det dei har kome fram til no er mellon anna å stryka fleire y-former og lata det i hovudsak vera ø-former, men lata nokon, som fyrste og sysken, framleis vera tillatne. Dei har ogso kome fram til at dei vil stryka fleire diftongar, og meir, men de kan sjå sjølv.

 

I dei nyaste sakspapiri er det skrive mykje dei vil fjerna. For meg er dei i hovudsak dårleg nytt. Det einaste bra er at dei kan taka inn nokre fleire y-former, for di ø-formene skal vera frå tysk, so dei vert ført opp som ulike ord. Men elles er det dårlig. Dei stryk mange former som turr, jol og meir. Det overraska meg litt at dei vil stryka so, sidan eg trudde det var mykje nytta. Og jol er eit av dei vakraste nynorskordi, so synd om det ikkje vert tillate. Sakspapiri er for meg veldig dårleg nytt. Men dei nemner i det minste ord og former eg ikkje har høyrt om tidlegare, so eg kan nytta dei til å skriva meir gamaldags. Og dei vil stryka sumar og sume. For ein austlending kan dei formene vera betre enn somme og sommar. Gamal er iallfall betre gammal for meg. So det er synd.

 

Og no har diskusjonsforumet opna, men det er ikkje noko å diskutera enno.

Endret av Glutexo
Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Eg likar ikkje å dekkja over ting, so eg seier det rett ut: eg kjenner allereie at utfallet ikkje vil vera godt. Eg vart sers overraska over at dei tek bort [sume], [sumar], [so], [ljod], [ljos], [gamal] og [jol]. Etter den nye bokmålsrettskrivingi kom i 2005, hadde eg trudd neste nynorskrettskriving skulle føra nynorsken mot landsmål og høgnorsk ved å opna opp for gamle former. Eg kan heller ikkje skjøna kvifor ikkje to former kan standa trass i at ei er mindre nytta. Til dømes har bokmål veit/vet og gammal/gammel, kvifor kan ikkje nynorsk hava har/hev og gamal/gammal? Eit anna døme er at bokmål har bikkjen og barnene (ingileis vanlege former). Formene [jol] og [so] har i alle fall grunnlag i sume dialektar.

 

Meir redd vert eg for hossen dei skal øydeleggja formverket. Trui på [trui] og [husi] er borte og [visor] vil eg tru dei kastar ut utan ordskifte. Ei [sida] veit eg ikkje kva dei vil gjera med, denne formi finst i dialektar på Sørlandet. I perfektum av sterke verb vonar eg at -i ikkje fell. Om det hender, vil døri lukkast og læsast for godt for utgang på vokal i perfektum av sterke verb i bokmål. Skiljet mellom hannkjønn og hokjønn fell nok òg i adjektivi. I a1, a2 og a3 i UiO-ordboki er det inkje skilje, i a4 og a5 stend skiljet (eigi hokjønnsform) allereie i klammor. Kan henda nemndi er ond nok til å gjera infinitiv på -e til eineform. Kan òg vera dei sparar a-infinitiven, men eg trur [kløyvd infinitiv] (landsens mest nytta infinitivsform) alleleis er dødsdømd.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...