Gå til innhold

Kamptråd - Manchester United vs Liverpool


Old Game

  

53 stemmer

  1. 1. Banens beste (Manchester United)

    • Van Der Sar
      0
    • Neville
      0
    • Vidic
      0
    • Ferdninand
      1
    • Evra
      1
    • Valencia
      1
    • Nani
      1
    • Fletcher
      32
    • Carrick
      1
    • Park
      14
    • Rooney
      2
    • Giggs
      0
    • Scholes
      0
  2. 2. Banens beste (Liverpool)

    • Reina
      21
    • Insua
      3
    • Johnson
      1
    • Agger
      1
    • Carragher
      5
    • Kuyt
      1
    • Maxi
      3
    • Macherano
      3
    • Lucas
      6
    • Gerrard
      0
    • Torres
      7
    • Babel
      2
    • Aquliani
      0
    • Benayoun
      0


Anbefalte innlegg

Skal vi se.. Liverpool-supportere, enighet, Wayne Rooney, verdens beste spiller. Finn minst én feil.

 

@tc47: Vel, selv om det nok stemmer det jeg sier ovenfor ang. hva jeg liker og ikke liker, så var det i aller høyeste grad en overdrevelse som spilte på kommentaren din som gjaldt såkalt "riktig side".

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Denne kampen blir et aldri så lite helvete. Liverpool taper garantert, ser for meg totalslakt. Aldri i verden at forsvaret vårt klarer å hanskes med Rooney i den formen han er i. Mayday mayday.

 

Blir fort en av de få kampene jeg får sett her på øya, forbanna tidsforskjell. :mad:

Lenke til kommentar

Hetfield er blant de mandigste menn som noensinne har satt sine ben på denne planeten.

 

Han er mer mann enn alle United-supporterne her til sammen. Vi kan snakkes når dere nærmer dere 50 år og har de armene, og klarer å kle et slikt skjegg.

 

QFT.

 

 

Stemte på Unitedseier. Klarer ikke å se for meg at vi vinner for fjerde gang på rad. Tror faktisk det kan bli en del mål. Begge lag må vinne.

Lenke til kommentar

728 Dagar

728 dagar - orginalkjelde

 

 

Søndag er det om lag to år,

Om lag 24 månader,

Om lag 104 veker,

Om lag 728 dagar,

Om lag 17472 timar,

Om lag 1048320 minutt,

Om lag 62899200 sekund,

 

sidan sist Manchester United slo Liverpool.

 

I mellomtida har Manchester United vunne to ligagull, vunne ei Champions League-finale og vore tapande finalist i ei, vunne FIFA klubb-VM, tapt ei Europeisk Supercup-finale, vunne to ligacupfinaler, vunne eit Community Shield-trofé og spelt om eit til. Liverpool har ein andreplass i Premier League, som forøvrig er ei tangering av klubben si beste plassering i den engelske toppdivisjonen etter at Premier League vart stifta og ein fjerdeplass frå 07/08-sesongen, i tillegg til ei semifinale i Champions League som klubben sin beste prestasjon utanfor ligaen.

 

Søndag kjempar Manchester United for å framleis vere i førarsetet i kampen om sitt fjerde ligagull på like mange sesongar, medan Liverpool kjempar om å unngå sin dårlegaste sesong i dette årtusenet. Før kampen leiar United med to poeng på Chelsea, som har ein kamp mindre spelt, og med den same poengsummen ned til Arsenal, som har spelt like mange kampar som United. Liverpool ligg per i dag på ein 5. plass, eit poeng bak Tottenham på 4. og henholdsvis eit og to poeng framom Manchester City og Aston Villa. Verdt å merke her er det sjølvsagt at Liverpool som har 8 kampar igjen av sin ligasesong, har ein kamp meir spelt enn Tottenham og to meir enn både Villa og City. Inntektsmessig vil det vere katastrofalt for Merseyside-klubben dersom dei ikkje skulle klare å kvalifisere seg for spel i Europa si mest prestisjefulle turnering. Mikkemusturneringa som Liverpool framleis er med i kan ikkje samanliknast med Champions League i forhold til inntekter og det har også vorte ganske vanleg at svært gode fotballspelarar gjerne vil spele i klubbar som er kvalifiserte for CL. Med like mange kampar som ligaleiar Manchester United, så har Liverpool tatt 15 poeng mindre, i snitt eit halv poeng mindre enn United per kamp spelt denne sesongen og om United skulle finne på å tape fem av sine siste åtte kampar, medan Liverpool presterer å vinne alle sine, så ville Manchester United mest truleg likevel ligge framom Liverpool på tabellen, grunna ein veldig mykje betre målforskjell.

 

Sist Manchester United slo Liverpool scora Cristiano Ronaldo eit av United sine tre mål og Javier Mascherano kjefta på seg eit raudt kort frå dommar Steve Bennett. United sine to andre mål vart scora av Wes Brown(!) og Nani. I tilsvarande kamp på Anfield same sesong var det Carlos Tevez som sikra United ein 1-0 siger med sitt mål like før pause. Sesongen 2008/09 gav United-fansen lite å glede seg over under dei to møta med Liverpool. På Anfield var det igjen Tevez som fekk det første målet, men med god hjelp frå eit sjølvmål av Wes Brown, sikra Ryan Babel alle poenga med si scoring 13 minutt før slutt. Nemanja Vidic starta noko som seinare skulle vise seg å vere ein lei trend, og vart utvist etter å ha fått tildelt sitt andre gule kort heilt av dommar Howard Webb på tampen av kampen. På Old Trafford såg det meste lyst ut når Cristiano Ronaldo sette inn ei straffe etter 23 minutt, men derfrå og inn vart kampen eit mareritt for både spelarar og fans av

Manchester United. Fire mål endte Liverpool opp med å sette bak Edwin van der Sar og etter 76 minutt vart Nemanja Vidic utvist, denne gang av Alan Wylie. 25. oktober 2009 besøkte Manchester United nok ein gong Anfield og Liverpool, og for tredje gong på like mange kampar, måtte United sjå seg slått av ein av sine bitraste rivalar. Fernando Torres og David N’gog scora kvar sin gong for Liverpool og Andre Marriner vart den tredje dommaren som fekk vise ut Nemanja Vidic mot Liverpool. Den same skjebnen fekk forresten også Javier Mascherano nokre minutt seinare.

 

Kampane mot Liverpool viser gong på gong at form, resultat mot andre lag og andre ytre faktorar ikkje har så mykje å seie. Desse kampane lever eit heilt eiget liv og om det er tilfeldig kven som ender opp som sigerherre eller ikkje, får vere opp til andre å bedømme, men dette er kampane som det er så godt som umuleg å tippe resultatet av på førehand. At eit lag er revansjesugent, i bedre form, har bedre flyt og spelarar som leverer på eit jamnt høgare nivå ellers, vil kanskje ikkje ha noko særleg å seie. I dei tre siste møta mellom United og Liverpool så har laget frå Anfield hatt ein heilt anna vilje enn det dei raude djevlane har klart å presentere. United har likevel vist i løpet av ein lang sesong at dei er eit bedre fotballag, som jamnt over tek fleire poeng, scorar fleire mål og kjem lengst i dei turneringane begge laga er med i. Kampane mot Liverpool har likevel vist seg som den lille tua, som der og då har velta eit ellers større lass. Temperaturen i desse oppgjera er det aldri noko å seie på, og at vi faktisk har fått raude kort i alle dei fire siste oppgjera mellom desse laga, seier sitt om kva spelarane legg i denne kampen. Dette er kampen som gjerne vert avgjort av ein spelar som ikkje har funne forma denne sesongen, som har vore skadeplaga og ingen har trua på. Dette er kampen der nøkkelspelarar får sjå det raude kortet og må må haldast igjen for å ikkje vise dommaren eller motspelarar kva dei eigentleg synest om ei avgjersle eller ein situasjon. Dette er kampen då ein manager vert sendt opp på tribuna etter å ha kjefta i det lengste på dommarane etter ei feilaktig eller heilt rett dommaravgjersle. Dette er kampen der alt kan skje.

 

For supporterane er kampane mellom desse to bitre rivalane ein test på tolmod, tru, håp og kjærleiken til klubben ein har i hjartet. Det er altfor lenge til neste gong desse laga skal spele til at nokon av supporterane orkar tanken på eit tap, ettersom resultatet mest truleg vil verte gnidd inn hjå den tapande part så ofte som det er mulig. Desse kampane mellom rivaliserande fans, små spark til dei som allereie ligg nede, fører til at kampen på søndag får ei heilt anna betydning enn ein “vanleg” seriekamp. På den eine sida skal det berre spelast om tre poeng, men samstundes så er dette kampen som kan løfte ei særs tung byrde frå skuldrane til dei mest engasjerte United-supportarane, eller kampen kan vere med på å i det minste redde litt av verdigheita til Liverpool-supporterar som må tole mykje tyn for laget sine skuffande prestasjonar i både serie og cup denne sesongen. Dette er kampen som skiljer mellom timar, dagar og veker i fullstendig ekstase eller ei lang, tragisk ventetid fram til neste mogelegheit til å igjen kunne sitje med hovudet høgt heva.

Nokre klarar nok å gå ut, møte drittslenginga med strak rygg og vise seg som ein god tapar, men for mange av oss er dette kampen som gir oss høgt blodtrykk, hjartebank og ein puls som overgår nivået til vanleg makspuls alt eit par dagar før kampen faktisk skal spelast. Kampen som gjer at vi ikkje klarar å snakke normalt til romkameraten når det nærmar seg avspark, og som reduserer oss til hjernedaude bavianar i 90 minutt pluss tillegg. Dette er kampen som fører til roping, skriking, banning, knusing av glas, brudd i knyttnevar som fekk ublide møte med murveggar eller andre harde objekt og lengre eller kortare perioder med fullstendig ubegrunna hat til alt som på eit eller anna vis kan relaterast til motstandarlaget. Dette er kampen då du ber til Gud, Allah, Vishnu eller den som ser ut til å passe best der og då, for at 11 mann og kanskje nokre innbyttarar skal få ei lærkule fleire gongar i mål enn dei andre klarar. Dette er kampen som kan føre til at du ikkje orkar å sjå andre menneskje på mange dagar, at du slår opp med kjærasten, drikker deg frå sans og samling, medan konklusjonen til slutt uansett er at ingenting hjelper. Det er enkelte som meinar at livet er meir morosamt for dei som er glade i fotball, men det er eit faktum som skal settjast svært hardt på prøve for ei supportergruppering når klokka har bikka 16.30, norsk tid søndag ettermiddag. Då kan det hende at verken fotball eller livet verkar spesielt morosamt.

 

Søndag 21.03.2010 klokka 14.30 (13.30 lokal tid) sparkast kampen mellom Manchester United og Liverpool i gong på The Theater of Dreams, Old Trafford i Manchester. Resultatet av denne kampen kan vere med på å bestemme om United endar på første, andre eller tredjeplass i Premier League, om Liverpool klarar å kjempe seg til ein fjerde plass eller om dei må ta til takke med femte, sjette eller sjuande. Det er likevel fullstendig uviktig samanlikna med kva det enkeltståande resultatet av denne kampen tyder for ei mengde supporterar av begge lag. Søndag er det om lag 17472 timar sidan sist United slo Liverpool. Må United-fansen vente endå eit år før dei kan sleppe jubelen laus, eller er det Liverpool-supporterane som vil få høyre spottande rop etter seg fram til neste batalje?

 

Tenk for eit antiklimaks om kampen ender med poengdeling og 0-0.

Lenke til kommentar

Eneste er vel at vi hadde dødd av spenning, men det kan man jo overleve... :hmm:

Du aner ikke hvor nervepirrende det var å være på OT da vi spilte mot City, da Owen goalet på overtid der så var det klem til en haug med isralitter, Alastor og en haug med andre nordmenn! Beste minnet mitt!

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...