Gå til innhold

Kamptråd - Manchester United vs West Ham


Latias

Anbefalte innlegg

Videoannonse
Annonse

Fy faen for noen mål egentlig.

 

Herlig kveld, I'll take it.

 

Scholes banens beste. Valencia HERLIG å ha på vingen, og Rooney er GUD. Og Berba er positiv.

 

Og Park er veeeldig god nå for tiden for oss, og Evra viser forbedring. Vidic er KONGEN bak i forsvaret. Foster er usikker, Neville har en bedre kamp enn vanlig, Brown er helt grei. Gibson er ikke god nok men var ikke katastrofe. Anderson sin skade er synd, virket helt grei før det skjedde.

 

Er vel ikke så mye å si nei.

 

Neste: WE'RE THE FAMOUS MAN UTD AND WE'RE GOING TO WEMBEEERRRLEEEEEEY!

Lenke til kommentar

Ny vinn eller forsvinn kamp om gullet. Tap i dag hadde gjort gull vanskeleg, om ikkje umogleg. Framleis kan me i verste fall hamne 4 poeng bak Chelsea etter deira kamp, men no er det dei som har presset på seg. Topplaga vil utan tvil gå på fleire blemmer ut sesongen, så det er berre å håpe at me klarar oss gjennom dei tøffe siste månedane.

 

Første omgangen var mildt sagt tam, og tidvis verka me uinteresserte. Som om me ikkje brydde oss om at me kunne hamne lenger bak Chelsea. Om ikkje leiinga spelemessig var 100 % fortent, så var den desto viktigare. Den gav oss trua på at me framleis kan. Fint forspel, glitrande innlegg og ei sikker heading var det som skulle til for at nervene kunne roast før pause. 0-0 til pause er eg redd kunne blitt stygt, så målet kom på eit gunstig tidspunkt.

 

Andre omgangen kan vell karakteriserast som solid, sjølv om det verken var fugl eller fisk. Får nær drømmestart med avslutninga og blir rett i etterkant truleg(?) snytt for ein straffe … Visar tidvis, særskild med måla lekre kombinasjonar og god bevegelse. Likevell kan eg ikkje friskmelda oss :( Defensivt framstår me uttrygge, om dette er grunna val av keeper eller ”nok ein forsvarskonstellasjon” veit eg ikkje. Sjølv om eg syns spelet vårt skal vera tufta på det offensive er det ganske urovekkande å kjenne den frykta eg har når ballen nærmar seg vår 16-meter. Kvar er tryggheten frå null-rekkja vår frå i fjor? Skadar har litt av skulda, men og i fjor hadde me ein del skadar.

 

Laget totalt sett


  •  
  • + Solid gjennomført kamp
  • + Lekre mål og fint forspel. Måla var rett og slett porno :ph34r:
  • + Tidvis fint spel og bra bevegelse
  • + Mange lekre crossarar
  • + Valencia skyt med venstre :ohmy:
  • - Anderson ut med skade tidleg
  • - Verkar litt uinteresserte, og ser kanskje ut til å ta litt lett på det?
  • - Det oser ikkje defensiv tryggleik

 

--------------------------

 

Vel uansett kva de måtte meine har eg laga meg ein liten spelarbørs:

 

Foster: 5(+) - Slepp ikkje mål, men sitt merkeleg nok med ei kjensle at det var meir flaks enn dugleik som gjorde dette. Gjer truleg at fleire United-fans har hjartet i halsen når han får tilbakespel, og ser usikker når han må ut i feltet og bokse/plukke ned ballen. Verkar ikkje som noko komande storkeeper for United per i dag. Ut til sommaren? Usikker kva karakter eg skulle gi han, for han gjer lite feil … Grunna uvissa han sprer landar han på 5-ar sida ;) Får pluss grunna han holdt nullen, har diverre skjedd for sjeldan i det siste.

 

Neville: 7 - Gang på gang har eg avskrive deg og Scholes grunna alder, og nok ein gong motbeviser de meg begge to. Stor kamp der han sprang opp og ned sida! Flink til å kome opp å støtte Valencia og ein sjeldan gong overlappe Valencia. Diverre ser det ikkje ut til at Valencia i like stor grad nyttar Neville når han kjem på overlappen.

 

Brown: 7(-) - Ser eigentleg ganske lite av han kampen gjennom. Om det er fordi Vidic er så overlegen i duellar bak der, eller om eg treng nye briller veit eg ikkje. Sidan eg verken merkar han gjer feil eller har fantastiske innblandingar. Solid kamp defensivt, sjølv om forsvaret som heilhet ikkje kan friskmeldas etter ein heimekamp mot WH.

 

Vidic: 7(+) - Godt å ha vår forsvarskonge tilbake! Bidrar med ekstrem duellkraft, og tapar knapt ein duell. Den beste, og viktigaste(!), bak! Kanskje me endeleg kan få satt eit forsvar som held nullen igjen?

 

Evra: 6(+) – Nok ein solid kamp av vår lille store franskmann. 110 % solid innsats som vanleg, men han verkar ikkje like sprudlande som tidlegare. Treng truleg litt kvile for og finne att overskotet! Bidrar både offensivt og defensivt som vanleg, om noko meir ruskete enn vanleg

 

Valencia: 8(-) - To strålande innlegg som ”gir” Rooney to mål! I Valencia har me endeleg fått ein kant som slår gode innlegg. Flink til å bruke både fart og styrke til å utfordre, sjølv om det tidvis skortar på fintereportoaret. Gjennomfører ein solid kamp; og er spelemessig saman med resten av laget betre i andre omgang. Endeleg nyttar han venstre foten og, einaste som manglar er at venstrefoten hans er nyttig til noko. Saman med Rooney rett bak Scholes som banens beste!

 

Scholes: 8(+)- Banes beste! Veldig god i første omgang, framleis god i andre omgang men er ikkje like fremtredande sidan andre og legg ned sin del arbeidet. Strør pasningar som berre han kan, og klarar å unngå å bli blottlagt på manglande tempo grunna kløkt og rutine. Ein stor kamp, som viser at får han tid nok er han framleis god nok! Det verkar som han er klart beste heime mot svakare lag, kanskje me berre skal bruke han på OT i framtida? Fin stikkar til Owen før 3-0 scoringa :grin:

 

Gibson: 5(-) - Dårleg første omgang der det einaste han gjer er å vera feilplassert og senda pasningar til WH sin keeper. Framleis ikkje bra i andre omgang, men viser av og til at han nesten kan. Per i dag ikkje god nok for United. Eg var tidlegare stor fan av han, og trudde han kunne bli vår neste Scholes men dersom han ikkje tar stor steg snart kan han godt forsvinne!

 

Anderson: N/A – Diverre ut med skade tidleg i første omgang. Vonar det ikkje er alvorleg, og at han snart er tilbake!

 

Berbatov: 7(?) - Vanskeleg å bedømme som vanleg. Tuslar rundt utpå der, men har ein del geniale pasningar som vanleg. Verkar som han er uinteressert og har noko heilt anna å tenka på … Fine pasningar til Valencia før måla.

 

Rooney: 8 - Nok ein god kamp av vår toppscorar, som kronar kvelden med to nye mål på hovudet? Tenk kvar me hadde vore utan Rooney? Per no verdas beste spelar i mitt hovud. ”Ronaldo who?”

 

Wayne Rooney

Wayne Rooney

Wayne Rooney

Wayne Rooney

 

Park: 7 - Kjem inn tidleg for ein skadd Anderson og sett verkeleg sitt preg på kampen. Ut er løpsmaskin Park gått, og inn er den løpssterke og, iallfall nesten, offensivt skapande Park :grin:

 

Owen: - For kort tid på banen til eigentleg å utrette noko. Likevell scorar han eit ”typisk” Owen-mål. Kald avslutning, og eit ekstremt smart løp. Her har mange noko å læra!

 

Diouf: - Kjem som Owen seint inn, og rekk ikkje setja noko særskild preg på kampen.

 

--------------------

 

Mitt utbytte av kampen:

  1. Scholes og Neville motbeviser nok ein gong at dei er for gamle ...
  2. Foster og Gibson får, om mogleg, enda mindre status i mi bok
  3. 3 viktige poeng og litt avveksling frå OL, sjølv om 2 norske på pallen i storslalåm kunne vore verdt å fått med seg

 

-----------------

 

No kan me berre gleda oss til søndag der me forhåpentlegvis kan innkassere årets første trofe :grin:

 

United, Man united,

We’re the boys in red and we're on our way to Wemberly!

 

Wemberly, Wemberly,

We're the famous Man united and we're going to Wemberly,

Wemberly, Wemberly,

We're the famous Man united and we're going to Wemberly

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...