Gå til innhold

Prosjekt: TG hylle


Anbefalte innlegg

topp.gif

 

Sponsorar:

2tal elektro

 

Morn godtfolk

 

Har planlagt å lage hylle til TG i ein par månader no, så kan vel lage ein tråd no i og med at me først idag begynte å ta i noko :p Skal ha 2 hyller, der den første er til datamaskinene og alt anna rot, mens andre hylla vil vere på toppen og eigentleg ikkje vere til så mykje anna enn avstiving. Skal også ha bakplate og sideplate for å hindre innsyn og me kan stable ting... Heile hylla er oppimot 240 brei, 60 djup og 120 høg. Heile ramma vil bestå av treverk som er cirka 44mmx44 og hylleplatene er 16mm tjukkene trur eg.

 

Av utstyr så skal me ha 2stk 4-vegs stikkontaktar på kvar plass og ei ledlist vil vere under første hylla og gje lys ned til tastaturområdet. Rotorlampe er i tankane, samt horn/sirene.

 

Idag så samlast me hos Actrm eigentleg for å reise å handle alt me trengte av treverk, men starta med å kike i snekkarverkstaden til familien for å sjå kva som fantest der av treverk. Til alt hell så fann me bjelkar som var tilnærma like det me skulle bruke til ramma. Og hos eit snikkarfirma litt unna fann me bakplate som me skulle få gratis og hyller som me betalte 250kr stk for. Så da var det å samle alt i ei snekkarbod, fyre i ovnen og starte bygginga. Enda opp me att me fekk laga til rammene som skal vere i endane av hylla.

 

Kjem vel kanskje nokon bilder seinare i kveld :)

 

Kommentartråd

Endret av Agrostar
Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Her kjem bilder frå økta i går og nokre tegningar:

 

1.jpg

 

2.jpg

 

Lasta med plater:

IMAG0068.jpg

 

Snikkarverkstaden:

IMAG0074.jpg

 

Studering av arbeidstegningar:

IMAG0070.jpg

 

 

Me fekk gjort ferdig føtene til sjølve hylla i går. Satse på å jobbe ein kveld til å få ferdig sjølve råma til hylla. Spørsmål er velkomne i kommentartråden.

Lenke til kommentar

Nok ein laurdag unnagjort! Dreiv på i cirka 7 timar idag og fekk da unnagjort grunnpillaren i hylla og slengt på dei 2 hyllene og festa dei.

 

IMAGE_006.jpg

Her er bjelkane som går over sitteplassane montert

 

IMAGE_008.jpg

Vinklar vart påmontert på undersidane av alle dei 4 bjelkane som skal bere hyllene. Hylla er oppned til dei som lurde :tease:

 

IMAGE_009.jpg

Actrm igang med å fyre

 

IMAGE_011.jpg

Her er kapping av hylla til førsteetasjen igang. Den gjekk ifra å vere 620mm til å bli 58Xmm?

 

IMAGE_014.jpg

Her er begge hyllene montert og fastskrua

 

IMAGE_015.jpg

Så langt kom me da idag

 

Det som da gjenstår er å lage til bakplatene, sideplatene, hol til kablar, stikkontaktar, ledstrip på undersida av første hylla. Og sikkert meir eg ikkje kjem på no :!: Reknar med at Actrm kjem med nokon bilder han og iløpet av kvelden samt kanskje ein liten tekst.

Lenke til kommentar

topp.gif

 

Go kveld godtfolk

 

Fekk ein kjekk mail ifra daglige leiaren i 2tal elektro i kveld (også kjent som arbeidsplassen min som noverande lærling). Der stod det at dei ville sponse oss med det utstyret me treng. Så da er stikkontaktar og gummikabel i boks, funderar på å ha skikkelege brytarar på lysa våre og sirena. Du las rett, sirene... Har antakeleg fått lånt ei på 100db ifra firmaet også om alt går som det skal.

 

Så tommelenlane opp til 2tal elektro!

Lenke til kommentar
  • 3 uker senere...

Hylla er forhåpentleg ferdig mala til slutten av kommande veke, da blir det montering av stikkontaktar, brytarar og kanskje meir hvis posten er i rute.

 

Eg har idag brukt ein par timar på firmaet sitt bensinaggregat som ikkje hadde gnist. Men det er no delvis fiksa og motoren starta fint med min heimalaga elstart :dribble:

 

http://www.youtube.com/watch?v=_odPhuqVhsQ

 

 

Minner om kommentartråden

Endret av Agrostar
Lenke til kommentar
  • 2 uker senere...
  • 4 uker senere...

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...