Gå til innhold

!rørlegger! jeg vet ikke hva skal eg søke om?


Anbefalte innlegg

Videoannonse
Annonse

Skal du bli rørlegger eller sivilingeniør?

 

For å bli rørlegger så må du gå yrkeslinja på vidaregåande, men sidan du no straks er ferdig på vidaregåande (almen?) så rekner eg med at det er sivilingeniør du ønsker å bli.

Sivilingeniør er forresten ein gammal tittel no heiter det mastergrad i ingeniørfag. DEnne utdanninga får du vel tatt berre i Trondheim, Ås, Grimstad, Stavanger og Tromsø.

 

Det er to alternativer for å få mastergrad, det fyrste alternativet er å starte direkte på masterutdanninga som er ei 5 årig utdanning der du får mastergrad når du er ferdig med 5 året. Det andre alternativet er å fyrst ta ei vanlig ingeniørutdanning som er ein bachelorgrad, ingeniørutdanninga tar 3 år og du får då tittelen høgskoleingeniør etter at du er ferdig med 3 året. Du kan då enten seie deg fornøgd med ein 3 årig høgare utdanning å starte i jobb som ingeniør eller du kan gå 2 år til på universitet for å få mastergrada.

 

Kva alternativ som er best er nok litt smak og behag, ved å ta eit 5 årig studieløp så får du ingen tittel før du er heilt ferdig med alla faga, om du då skulle være uheldig å slite med å bestå eit fag så kan det ta lang tid før du får vitnemålet ditt. Fordelen er at du får mastergrad når du er ferdig og at du ikkje vil falle for fristelsen å hoppe av for å begynde å jobbe før du er heilt ferdig.

 

Om du går 3 årig ingeniørhøgskule med planar om 2 årig påbygging så risikerer du at du blir skolelei og går dermed rett ut i jobb etter 3 år istaden for å følge løpet heilt ut.

Ein fordel med å ta ingeniørutdanning er at du då faktisk kan gi deg på det etter 3 år og få vitnemål som ingeniør utan å få 2 ekstra år. Du vil sjølvsagt også ha muligheita til å ta mastergraden som påbyggning etter å ha jobba nokre år som ingeniør, men det er ofte vanskelig å gå tilbake som student etter nokre år med fulltidsjobb.

 

 

Skal du bli ingeniør så må du ha matematikk R2 og fysikk 1 i tillegg til generell studiekompetanse. Mangler du matte og fysikk så må du gå forkurs før du kan starte på ingeniørutdanninga.

Lenke til kommentar

eg vil bli master. eg lurer på eg skal søke på NTNU (teknologi, ingenniør og arkitektur) i linje bygg - miljøteknikk. etter 2-år, skal eg velge vann - miljø. er det mulig ? ( eg vil bli rørlegger men eg vil ta høy utdanning (universitet). så eg må velge vann - mijlø linje ) er det riktig.

Lenke til kommentar
( eg vil bli rørlegger men eg vil ta høy utdanning (universitet). så eg må velge vann - mijlø linje ) er det riktig.

 

Då kan det være eit alternativ for deg å gå yrkesutdanning som rørlegger, er vell totalt 4 år på vidaregåande skule inklusiv praksisarbeid før du får fagbrevet. Deretter kan du søke inn på ingeniørstudier gjennom Y-vei og ende opp som VVS-ingeniør (Varme-, ventilasjons- og sanitærteknikk). Rørleggerbakgrunn vil være idielt for ei slik utdanning.

Men om du no er ferdig med vanlig vidaregåande skule og du har den nødvendige matematikken og fysikken så kan du søke deg rett inn på ingeniørstudier for VVS. Du vil då ikkje bli rørlegger men du vil jobbe meir teoretisk med rørlegger utfordringar og antageligvis jobbe nært med rørleggarar og kanskje til og med få personellansvar for andre rørleggere.

Lenke til kommentar
oki.... hvis eg får 52 poeng, så er det mulig å få plass i NTNU.(bygg - arkitekt)?

 

Veit ikkje kva poenggrensa ligg på, men du må i alle fall søke. Høgskolen vil fylle opp alle studieplassane uansett så sjølv om dei har høge opptakskrav så vil dei også kunne ta inn personer med lavere poengsum dersom dei ikkje får nok søkarar som har meir poeng ein poenggrensa.

Det einaste reelle kravet for å komme inn på NTNU er at du har generell studiekompetanse samt matte og fysikk.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...