Garegaupa Skrevet 26. desember 2009 Del Skrevet 26. desember 2009 Hei, folkens! Eg har nyss sett meg saman ny PC, og har prøvd meg på vasskjøling for fyrste gong i min PC-karriere. Alt har gått heilt bra så langt, men det er ein ting eg stussar på: Sidan eg starta maskina for fyrste gong for rundt to dagar sidan, så har væske-nivået i vasstanken gått ned med 2-3 mm, cirka 1-1,5 mm per dag. Eg har gått over heile systemet med ljos og lykter (bokstaveleg tala), og eg er ikkje kar om å finne noko som minner om ein lekkasje ein gong. PC-en går heilt som normalt, og eg merkar ingen forskjellar på temperaturane. Gjennomstrøyminga kan sjå ut til å ha auka med 1-2 liter per time, men dette er vel såpass lite at det ikkje skulle indikere noko? Før eg monterte PC-en ferdig for fyrste gong let eg systemet stå på i rundt eitt døger for å sjå etter lekkasjar, og då kunne eg ikkje registrere noko slikt væsketap. Det kan og nemnast at eg meiner at eg fekk ut all lufta frå systemet i løpet av denne prøveperioden, utan at eg skal kunne garantere at der ikkje var att ei lita luftlomme einkvan plassen... Så då er spørsmålet mitt om det er normalt at vassnivået søkk noko dei fyrste dagane etter at systemet vert teke i bruk, ved at vatnet finn seg nokon nye krinkelkrokar å fylle (eller av andre grunnar)? Og viss det ikkje er normalt, kvar skulle det då kunne ta vegen? Eg takkar på førehand for alle svar og synspunkt frå ekspertisen på området! Lenke til kommentar
Toad Skrevet 26. desember 2009 Del Skrevet 26. desember 2009 Er nok bare luftbobler som finner veien fra blokker/slanger/osv til vanntanken, ikke noe å bekymre seg over Lenke til kommentar
Garegaupa Skrevet 26. desember 2009 Forfatter Del Skrevet 26. desember 2009 OK, det høyrast bra ut! Det var det eg håpa på at var den naturlege forklåringa sidan alt er tett elles, og ut frå det du seier så høyrast det ikkje ut som om dette er noko spesielt unormalt. Eg får berre fylgje med framover og sjå om det held fram med å minke. Uansett, takk for kjapt svar! Lenke til kommentar
randknu Skrevet 29. desember 2009 Del Skrevet 29. desember 2009 Jeg merker også at etter en måned eller to så er nivået sunket. Hvor det er blitt av vet jeg ikke men etter en stund må det etterfylles. Det er kansje fordampet? Lenke til kommentar
gxi Skrevet 30. desember 2009 Del Skrevet 30. desember 2009 Det vil forsvinne litt vann ja. Selv om slangene og koblingene er vanntett er de ikke nødvendigvis lufttett. Når vannet varmer seg opp blåser det sakte ut luft som inneholder mye fordampet vann rundt koblinger og lignende pga både vannet og lufta utvider seg når det varmes opp. Lenke til kommentar
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå