Gå til innhold
Trenger du skole- eller leksehjelp? Still spørsmål her ×

Finner dere noen feil i denne Nynorsk teksten?

Eldy

Anbefalte innlegg

Augebryna hans veks så vidt saman det skin på nasevingane hans, og når ho ser nærmare etter er det tett med små svarte prikkar på dei. Munnen er snurpa saman på midten når han tygg. På overleppa hans er ein lita, størkna eggeplommeflekk. Kva ser du på? Seier han. Ingenting seier ho, var egget passe kokt? Det støkkar i henne da ho ser filosofiboka i vindaugskarmen, halvt skjult bak gardina. Mens ho saltar egget med den eine handa, skyver ho den diskré lenger inn med den andre. Ho har laga frukost til han, kokt egget nøyaktig slik han vil ha det, dekket bordet koseleg med stearinlys sjølv om det er sol ute. Ho seier, det er nokre musklar eg aldri har sett slappe av hos deg, unnateke når du søv, for eksempel i skyldreine og kjeven. Du er ganske spent, er det berre når du er saman med meg? Eg er ikkje spent, seier han, hald opp å analysere meg. Eg la spesielt merke til den morgonen før du hadde eksamen, seier ho, du var ein nervebunt, kanskje du har eit litt spent forhold til det å prestere noko på kommando. Du hadde jo lest, og det var andre gongen. Han tennar ein røyk. Ho ser at han har skit under naglane, nikotinfarge på langefingeren, vakre auge. Ho seier, så mye du røykjer, kor mye røykjar du om dagen? Eg veit ikkje, seier han. Ho begynnar å rydde av bordet. Han trekkjer kaffikoppen til seg og held fast til den. Ho stoppar ved stolen hans med juicekartongen i handa, bøyer seg ned og kysser han kjærleg i panna. Kan eg presse ut hudormane dine? Spør ho. Nei! Seier han. Ver så snill, seier ho. Han vrir seg unna, stumpar røyken, reiser seg og går ut i stua. Det er gult søl på eggeglaset hans. Ei halv skive brød med smør ligg igjen på tallerkenen. Hovudet hans hang så tungt til den eine sidet og han sa, eg strauk, og ho sa, i staden for ikkje å ha noko å seie; i staden for å bli irritert eller oppgitt, sa ho, er du trist? Og han retta opp hovudet og sa, nei, ikkje så veldig. Ho set proppen i oppvaskkummen og skrur på vatnet. Ho veit at han aldri kjem til å stå, men det gjer ingenting. Ho veit at han lett blir deprimert og nervøs, og at han treng henne, ho forstår det når han sit tagal og stirer i veggen eller ikkje kan slappe av i omfamningane, ho kysser han da; ho tek hovudet hans i hendene sine og kysser han, nokre gangar smaker det godt av munnen hans. Ho kikkar inn døra til stua og seier, i kveld skal eg lage pizza og massere skyldreine dine.

Takk for hjelpen!

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Skumleste bare. Men et godt tips er å bruke avsnitt. Blir lettere å lese da.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...