Gå til innhold
🎄🎅❄️God Jul og Godt Nyttår fra alle oss i Diskusjon.no ×

Resurrecting Acer Aspire 2023


Anbefalte innlegg

Hei! :)

 

 

Det har seg slik at den gamle bærbaren vart utsett for eit lite uhell for rundt eit halvt år sidan, så no er skjermen... Ehm... Kaputt... :ermm:

 

Anyway, eg synest det var for synd å berre kaste maskina dersom eg i staden kunne brukt den på eit eller anna vis. Det er snakk om ein Acer Aspire 2023 på rundt fem-seks år, så det er ikkje rare greiene, men det kan bli artig å prøve å få gjort noko ut av den likevel. Eg lagar denne loggen for å ta imot idèar og forslag, og prøve å setje ein av dei ut i livet. Maskina er som sagt ganske gammal, så eg planlegg ikkje å bruke noko særleg pengar på dette prosjektet, då eg rett og slett ikkje synest det er verdt det, men utgifter av eit eller anna slag blir det vel uansett.

 

Ok. Eg har allereie tenkt på ein del ting eg kan gjere med maskina, t.d. å bygge den ned i ei skuffe, lage koffert-PC av den, bruke den som server/mediasenter eller noko i den dur, men eg klarar ikkje å bestemme meg. Andre idèar er sjølvsagt også hjarteleg mottekne! :)

 

Skjermen er som sagt øydelagd, så det må eg uansett skaffe meg ein ny av (oi, der kom første utgifta alt, gitt... :roll:), men det er mogeleg eg får ein billig gjennom jobben hass far. :p Time will show. Elles manglar det ein knapp på tastaturet, så det skal nok ikkje brukast.

 

Uansett, greia her er at eg treng råd om kva eg kan lage, korleis eg eventuelt kan/bør gjere det og ellers generelle idèar om prosjektet.

 

Slik ser maskina ut no:

 

post-157801-1260205286_thumb.png

 

Nokre mål (utan skjermen):

B, H, D = 36 cm, 2,2 cm, 27,3 cm

 

Vekt = ca 1,5 kg

 

 

Kommentarar vert mottekne med glede i kommentartråden! :)

Endret av Breidablik
Lenke til kommentar
  • 2 uker senere...
Videoannonse
Annonse

Tenkte eg skulle gi ein liten lyd frå meg.

 

Eg har ikkje fått gjort noko særleg i det siste pga tentamenslesing og overklokking, men no er det berre ein tentamen igjen, og så er det jul. Håpar på å få gjort noko då! :) Uansett har eg ikkje heilt bestemt meg for kva eg skal lage enno, men koffert-PC freistar mest. Men kom gjerne med idèar og forslag. Eg har som sagt ikkje bestemt noko enno.

 

Og så har eg funne ein skjerm som truleg dukkar opp i posten om eit par dagar. Det er ein 22" BenQ-skjerm. Stort meir veit eg ikkje om den, men det er heller ikkje det viktigaste. Eg fekk den billig, så eg kunne ikkje la vere. Den har kun VGA-inngang, men det gjer ikkje noko, då bærbaren ikkje har DVI heller. Men om eg bestemmer meg for å lage koffert-PC har eg eit slags problem. Korleis skal eg gjere det med straum til skjermen? :hmm:

 

Og så kan eg vel poste nokre bilder i tillegg...:

 

post-157801-1261220938_thumb.jpg

 

post-157801-1261221019_thumb.jpg

 

post-157801-1261221033_thumb.jpg

 

Kommentarar vert mottekne med glede i kommentartråden! :)

Lenke til kommentar
  • 5 uker senere...

Jahh... Det har då gått så mykje som 29 dagar sidan sist update. Det har dessverre skjedd fint lite med prosjektet, både pga. jul (som betyr stress) og andre ting som har kome i vegen. Ein viktig grunn er blant anna at eg ikkje er heilt sikker på kva dette prosjektet skal bli til enno...

 

Men for å sjå lyst på det - noko har då skjedd. Skjermen er komen (for gaaanske lenge sidan :innocent), og er har kost meg lenge og vel med dobbelt skjermoppsett. :wee: Elles har eg sett litt rundt etter koffert til eventuell koffert-PC-bygging, men det var ikkje mykje å finne som hadde plass til ein 22". Om nokon tilfeldigvis har ein slik koffert eller kjenner/veit om nokon som har eller kanskje veit om ein butikk som sel koffertar i den størrelsen er det berre å seie frå. ;)

 

Uansett. Eg treng framleis forslag og idèar om det eg skal lage, då eg tydelegvis ikkje er kreativ og oppfinnsom nok til å finne på noko sjølv... :p

 

I klartekst: KOM MED FORSLAG, FOLKENS! :thumbs:

 

 

Kommentartråden er ikkje akkurat utsleten... :)

Endret av Breidablik
Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...