Gå til innhold

[Løst]Intel X25-M 80G Win 7 klarer ikkje boote


Anbefalte innlegg

Saken:

Skaffa meg ein X25-M 80G for ca halvannan månad sidan, innstallerte umiddelbart Windows 7 og alt har fungert fint sidan då.

Eg beholdt den gamle systemdisken med vista, og vart dermed spurt kvar gong eg reboota om eg ville starte vista eller win 7. Dette var ikkje noko problem sidan eg rebootar såpass skjelden.

 

Men så: Her om dagen tok den gamle systemdisken kvelden. Uvisst av kva årsak, den var berre halvtanna år gammal, men død er den i alle fall.

Resultatet vart då at eg ikkje lenger klarer å boote i det heile tatt.

SSD disken står som første boot disk i bios, alt ser normalt ut der, men når eg prøver å boote får eg beskjed om at den ikkje finn "proper boot device" og at eg skal reboote eller sette inn godkjent boot medium og trykke ein tast.

Verkar som om den ikkje finn noko på SSD'en og går vidare til DVD'rom etc på jakt etter noko bootbart....

 

Hovudkortet mitt er Asus P5B Premium Vista Edition.

Harddiskane står i Raid config der tre diskar står i Raid 5, medan resten står som vanleg.

Den døde harddisken er kopla heilt frå og eg har prøvd å koble SSD'en til alle sATA kontaktane som er ledige utan noko meir hell av den grunn...

 

Kan også nemne at eg ikkje har oppdatert firmware på SSD'en så dei problema mange fekk i den forbindelse skal ikkje ha noko med dette å gjere...

 

Nokon som har idear til kva det kan vere??

Kan det ha skjedd noko under installasjon av Win 7 som gjer disken u-bootbar sidan eg alt hadde ein disk med vista på??

Alle forslag mottas med takk..

Endret av Hologram
Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Takkar så mykje for svar!

Og takk for den linken hårek!

Prøvde å søke, men fann ikkje akkuratt den.

No er det oppe og går igjen omsider, måtte koble SSD disken til ein annan maskin for å sette partisjonen som aktiv, men når det var i orden ordna Win 7 dvd'en resten sjølv omtrent.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...