Gå til innhold

Ryktebørsen - rykter og ønsker, Manchester United


Latias

Anbefalte innlegg

Videoannonse
Annonse

Det er vel uansett ikkje overraskande at Bayern er eit svært attraktivt lag for tyske spelarar. Det har det alltid vore, og kjem nok til å halde fram med det, sjølv for spelarar i klubbar som kjempar i toppen saman med Bayern, slik som Dortmund. Det hadde sjølvsagt vore kjekt om vi kunne lokke ein spelar som Götze til oss, men det har ikkje vore noko eg har sett på som spesielt sannsynleg.

 

Når det gjeld innkjøp for klubben, så vil eg tru mykje vil avhenge av kva som skjer med spelarar ut. For min del ser det nok ut til at Anderson og Nani kan vere på veg ut dørene i løpet av sommaren, og i såfall så bør vi også få inn minimum kvar av deira posisjonar, om ikkje anna så for å behalde den breidda som vi har per i dag. Spørsmålet er då, kven? United vert kopla til spelarar gjennom heile sesongen, og det kjem truleg ikkje til å verte mindre når vi no går fram mot ein ny silly season.

 

Eg vil tru at SAF har sett at noko må gjerast om klubben skal kunne konkurrere mot dei aller beste i Europa om framtidige CL-trofé. Det er ikkje naudsynt å hente inn fleire spissar, men eg ser ikkje vekk ifrå at det kan verte gjort om han meinar at den rette blir tilgjengeleg. Isåfall er det etter mi meining store sjansar for at ein av dei noværande spissane vil forlate klubben, og basert på speletid så er det nok Hernandez som står nærast. Eg trur ikkje at Rooney kjem til å forlate klubben, og spesielt sidan han viser at han kan spele i opptil fleire posisjonar (sjølv om at han nok helst vil vere spydspiss) så vil nok han vere med i planane vidare.

 

Eg kunne godt tenkt meg å fått inn ein spelande terrier på midten. Det har vore opplest og vedtatt at United har bruk for ein offensiv, kreativ spelar på midten, men om ein nyttar Kagawa, eller Rooney, eller begge, samt Carrick, så er det mykje kreativitet berre der. Problemet som vart illustrert til tider i går var at om ikkje viljen til Rooney er på topp i det defensive arbeidet, så går det litt for treigt, og det er litt for enkelt å kjøre rett gjennom. Der vil eg gjerne ha eit rivjern som er kjapp i beina, er vanskeleg å kome forbi, kan hjelpe Carrick med det defensive ansvaret og frigjere dei endå meir kreative spelarane framom. Men om det skal vere ein optimal spelar etter mine ynskje, så må han også vere spelande, nokonlunde kreativ og god med ball. Det kan godt hende det er utopisk, men det får heller berre vere.

  • Liker 1
Lenke til kommentar

Synes aldri vi kjøper dem vi blir koblet mot. Stort sett er det overraskelser vi handler inn. Zaha er vel "erstatteren" til Nani.

 

Liker Anderson, han beveger både seg og ballen raskt. Fletcher og Scholes er vel mer eller mindre ute. Har vi noen unge som banker på, eller må vi hente nye spillere her?

Lenke til kommentar

Personleg er eg ein stor fan av Anderson og har vore det sidan han kom til klubben. Dessverre så er det framleis så himla mykje som aldri klaffar, det vere seg skader, formtap, eller utanomsportslege ting at eg har byrja å tvile på at han vil vere i klubben så mykje lenger. Han har så vidt eg veit ikkje vore skadd den siste tida heller, men har ikkje vore verken på bana eller benken dei siste fire kampane.

 

Scholes og Fletcher bør ein vel ikkje rekne med vidare nei. Det kan godt hende Scholes er med ein sesong til, sjølv om at eg kanskje tviler litt, men det er ikkje desse klubben må satse på i tida som kjem.

 

Adnan Januzaj er vel ein spelar som muligens kan nærme seg førstelaget etterkvart, men det er kanskje litt tidleg alt komande sesong. Han blir vel likevel sett på som eit av dei største talenta i klubben akkurat no, saman med Nick Powell, som eg nesten reknar med vi får sjå meir av komande sesong om han kan holde seg skadefri. Ryan Tunnicliffe kan vel også få nokre sjansar om han ikkje vert lånt ut, men vi må kanskje vente til pre-seson touren før vi ser tydelegare kven av dei unge klubben har trua på i forhold til neste sesong.

Lenke til kommentar

Hmm, om vi skulle kvitte oss med Nani/Valencia og Young. Zaha på venstrekanten, og han her på høyre:

Uheldigvis har City også lyst på ham..

Så altså to uferdige og uprøvde unggutter på hver sin kant på 18 og 20 år? Mulig vi henter han, men vi selger neppe både Young og Nani/Valencia og bare henter en 18-åring. Det nekter jeg å tro.

 

Men må si jeg gleder meg stort til å se Zaha i United. Han blir nok en hit, med tiden i alle fall.

 

Etter å ha sett Dortmund i kveld, så sitter jeg jo nesten å sikler etter halve laget deres, haha. Gungodan er førstevalget, men jeg tror nok Lewandowski er mer realistisk, selv om jeg ikke helt ser hvordan Ferguson har tenkt å løse luksusproblemet med så mange spisser. Da er det nok fort vekk Hernandez som ryker, dessverre..

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...