banansplitt™ Skrevet 26. november 2009 Del Skrevet 26. november 2009 (endret) vs. 28-11-2009 Kl. 16:00 @ Fratton Park Vises på: _________________________________________________ Lørdag ettermiddag møtes tabelltoer og tabelljumbo til oppgjør på Fratton Park. United trenger 3 poeng for å fortsatt henge med Chelsea helt i toppen. Portsmouth på sin side trenger 3 poeng for å komme seg opp av den gropa de selv har gravd denne sesongen. United er selvfølgelig soleklare favoritter foran oppgjøret. Statistikk Innbyrdes (siste 5): Tabell: ________________________________________________ Portsmouth Eit Portsmouth-lag som innehar den siste plassen på tabellen, skal laurdag ta imot serietoar Manchester United, som vil forsøke å legge press på Chelsea før deira kamp mot Arsenal søndag. Med siger nede på sørkysten vil United berre vere to poeng bak Chelsea, med ein kamp meir spelt og skulle Chelsea tape poeng denne helga, så vil dei nok kjenne pusten til dei raude djevlane i nakken. Portsmouth sin sesong har så langt vore ein stor nedtur. To seirar og ein uavgjort har ført til at laget ligger desidert sist i Premier League, med berre sju poeng på dei første 13 kampane. At manager Paul Hart fekk sparken tidligare denne veka viser tydeleg at ting ikkje er som dei skal i klubben, som var med på å snyte United for ein muleg treble i 2008. Tidligare Chelsea-manager Avram Grant tar over sjefsstolen og vil nok forsøke å inspirere laget til å ta ein sårt tiltrengt siger mot United. På tross av at Pompey ligger på siste plass på tabellen, så har dei ikkje sluppe inn mykje mål denne sesongen. Faktisk er det 11 klubbar som har sluppe inn meir mål enn Portsmouth, men når laget berre har klart å putte ti mål bak motstandarane sine keeperar, så er det likevel ikkje så rart at poengfangsten har blitt mager. Dette seier likevel noko om at det muligens ikkje blir eit svært målrikt oppgjer, noko også resultata i dei siste kampane mellom laga viser Skadesituasjon: D James, P Bouba Diop, J Utaka, S Finnan og L Primus er alle skadde eller usikre framom kampen mot United. I følge Physioroom.co.uk kan Diop, Utaka og Finnan vere tilbake til United-kampen, medan James og Primus ikkje står oppført med dato for når dei er klare. ________________________________________________ Man Utd Etter eit skuffande resultat mot Besiktas i Champions League, får vi nok sjå eit heilt anna United-lag mot Portsmouth. Vi kan nok forvente ein stad mellom 6 og 8 bytter frå kampen i midtveka. Ein del etablerte spelarar blei kvilte i CL, noko som gav mogelegheita for eindel av våre unge lovande. Den noko ujamne innsatsen fører nok til at Sir Alex velger sikrare alternativ for å halde oppe dampen i Premier League. 3-0 sigeren mot Everton var eit godt svar etter landslagspause og tap på Stamford Bridge, men mange satt nok likevel igjen med ein følelse av at vi fortsatt har enda eit par gir å gå på. United har allereie tapt tre kampar denne sesongen, men med siger mot Portsmouth så vil ein framleis henge greit med Chelsea, som skal ut i ein tøff bortekamp mot Arsenal på Emirates. Enda eit tap mot forventa enkel motstand vil gi Chelsea mogelegheita til å få ei åtte poengs luke, noko som vil vere vanskeleg å ta igjen med tanke på stabiliteten laget har vist til no denne sesongen. United er det av dei fire første på tabellen som har scora minst mål og mange håpar nok at Rooney og Berbatov skal kunne hjelpe litt på ein litt forsiktig målkonto. Skadesituasjon: Meir kjem etter pressekonferanse fredag. Endret 26. november 2009 av Points Lenke til kommentar
Smågal Skrevet 26. november 2009 Del Skrevet 26. november 2009 (endret) .. Endret 3. desember 2009 av Smågal Lenke til kommentar
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå