Gå til innhold

Treng tips og råd om kjøp av student-laptop 7500 kr max


Anbefalte innlegg

Hola! :)

 

Er lysten på å kjøpe meg ein ny bærbar PC rundt juletider. Dette er ein PC eg vil bruke til studentlivet, altså ha den med på lesesal, forelesning, skrive forskjellige oppgåver, ta notatar osv. Det er altså ikkje snakk om noko gamingmaskin.

 

På mi noværande maskin har eg vista, så eg reknar med eit vist ytelsehopp når eg byttar over til 7 og eventuelt Linux som eg er ganske gira på å prøve ut. Men eg veit ikkje om dette er nok, for eg vil at maskina skal vere lynrask til dei tinga eg skal bruke den til. Det å ha mange vindauge åpne, mange dokument, internett, musikk osv. burde ikkje vere noko hindring for at maskina framleis skal følest superkjapp. Er dette mogleg å få til? :)

 

Batterilevetid er også eit viktig punkt, 4 timar burde den i alle fall klare. I tillegg burde den vere så stille som mogleg, og ikkje vere noko særleg tung.

 

Er det spesielle ting eg burde tenke på for å få dette til? Konkrete PCar nokon kan tipse om? Fått med meg at det er ein del batteribesparande prosessortypar der ute, gjev desse også god ytelse til vanleg bruk? Går alt i W7 silkeglatt?

 

For å oppsummere litt:

 

Bærbar PC til studentbruk, altså: hovudsakleg teksbehandling og internett. Kjem til å bruke eit teiknebrett, men dette for å skrive og ta notatar, ikkje teikne veldig mykje, så maskina treng ikkje å køyre tyngre ting som photoshop veldig godt, sjølv om dette ikkje er å forakte.

 

15 tommar skjerm, helst ikkje mindre, kanskje større.

 

Lang batteritid

 

Stillegåande

 

7500 kr sånn ca kan eg bruke på denne, sjølv om det kanskje er for mykje, men det kan jo ikkje skade :)

 

Takkar for alle tips og råd! :)

 

Lita oppdatering:

 

Har sett litt på Asus UL80Vt i kveld, som ser ut til å vere eit godt alternativ:

 

http://www.anandtech.com/mobile/showdoc.aspx?i=3665&p=1

 

http://www.laptopmag.com/review/laptop/asus-ul80vt-a1.aspx

 

Har ikkje heilt klart å finne ut om den er mogleg å få tak i her til lands. Nokon som veit noko om denne? Tankar? Trur dykk at dette kan vere noko som kan passe til mine behov?

Endret av LMH
Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...