Gå til innhold
Trenger du skole- eller leksehjelp? Still spørsmål her ×

hjelp til kjøp av grafisk kalkulator


Anbefalte innlegg

Hei,

 

No har "endeleg" den gamle kalkulatoren min tatt kvelden for godt, og eg treng ein ny grafisk kalkulator ganske raskt! Treng ein som er lett å bruke, rask og har mulighet til å løyse likningar då den gamle min ikkje kunne det. Har irritert meg nok på lærarar som gjer oss sjette-gradslikningar o.l. på prøvar som ikkje kan faktoriserast :(

 

Går no på VG3, men skal truleg studere matematikk og/eller fysikk seinare så eg vil ha noko som vert tilrådd å bruke der!

 

Har eigentleg ikkje satt noko prisgrense, men reknar fort med eg må opp i ca 1000 kroner. Sidan eg ikkje har fastsett noko budsjett kan eg strekkja meg ein del lenger og dersom det er naudsynt! Displayet skal helst vera oversiktleg, og lett å manøvrere i då eg har sett nok kalkulatorar som gjer det utruleg tungvint å gå tilbake å endre eitt tal.

 

Nokon som har tips om kva kalkulator eg bør velja?

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Helt ærlig, min mening, det er ikke vits med grafisk kalkulator. Når du kommer videre på evt universitet så får du ikke lov til å bruke den uansett. Her jeg går (NTNU) er gyldig eksamenskalkulator Citizen SR-270X. Som funker helt greit. En kan til og med gå tilbake å endre på tallene. Den har ikke grafmuligheter, men det finnes det både internettsider og programmer på PC til.

Hvis læreren din gir deg sjettegradsuttrykk som ikke kan faktoriseres er læreren din litt slem :p

Lenke til kommentar

Er fult klar over at det fins gode matteprogram til data, men i prøvesamanheng får me, særskild i fysikk, likningar som tar laaang tid å løyse for hand... Derfor hadde det vore greit å hatt ein kalkulator som kunne dette.

 

Det er og tungvint å ta opp og ned PC-en når ein kan få ein graf relativt fort på kalkulatoren utan å få ordensmerknad for å ha brukt PC-en.

Lenke til kommentar

Vel. Om du har tenkt til å studere matematikk videre ville jeg gjort meg uavhengig av kalkulator som løser likninger for deg. Jeg kan ikke huske veldig mange vanskelige likninger i fysikk-kursene jeg tok. Er vel egentlig forventet at en skal kunne skissere en graf uten hjelpemidler.

Prøver bare å hjelpe deg så du ikke får et skikkelig sjokk videre :)

 

Men for all del, jeg var fornøyd med Texas da jeg gikk på videregående. TI-84 er fine saker.

Lenke til kommentar

runesole: læraren gjekk ut frå at alle hadde grafisk kalkulator på prøven, og han sa i etter tid at dei han visste hadde grafisk kalkulator fekk full score, medan me andre fekk 1 poeng trekk.

 

No har eg ikkje oppgåva føre meg, men det var ei oppgåve i samband med "rekkjer og følgjer" i R2. Læraren har sjølv sagt at den ikkje kan løysast på noko måte som me kan...

 

@winger: eg er uavhengig av kalkulator som løyser likningar for meg, men nytteverdien av å løyse opp "ørten" like likningar når ein kan prinsippet ser på eg på som bortkasta tid. Per i dag brukar eg mykje TI InterActive til løysning av likningar når eg har gjort eit visst antall oppgåver om eit emne. Diverre er det ikkje like populært bland lærarane, noko som er grunnen til at eg spør om tips til grafisk kalkulator.

 

Det er grenser for kor mange oppgåver ein får tid til å gjera når 90 % av tida går med til å løyse likningar som er relativt enkle før ein kjem til "sjølve" oppgåva. Særskild innan relativitetsteorien vert det ein del formelsnuing i fysikk 2.

 

Eg har absolutt ikkje noko problem med å teikne grafar, men som eg skreiv over er det veldig greit å bruke kalkulatoren til å få ein rask oversikt. I tillegg går ein del oppgåver i R2 ut på å skisser grafen med digitalt verkty, og les av topppunkt, botnpunkt osb.

Endret av tosha0007
Lenke til kommentar

Har brukt to ulike, ein Casio fx-82es (ikkje grafisk) og ein Casio FX-9750G. Litt usikker på modellnummer på den siste, då det var ein kalkulator eg "lånte" av ein tidsperiode heilt til han fann ut at det var eg som hadde "lånt" den ;)

 

Casio fx-82es er kalkulatoren eg primært har brukt, men den er diverre treig, manglar løysning av likningar og teikning av grafar.

Lenke til kommentar

Jeg slenger meg på denne :)

 

Går (nett)forkurs for ingeniør nå og har stortrivdes med GraphCalc inntill nå, men det er vel ikke lurt å bruke denne for lenge, da jeg må bruke vanlig kalkulator på eksamen, regner med at PC ikke er tillatt her :)

 

I studieveldningen står det at jeg bør ha grafisk kalkulator, for å løse oppgavene. Jeg ser etter en god og populær kalkulator som er lett å forstå og komme seg inn i. Ser over her at TI-84 er anbefalt, har denne et intuitivt grensesnitt?

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...