Gå til innhold
Trenger du råd om juss? Still spørsmål anonymt her ×

Få erstatning for saksomkostningar.


Mephistopheles

Anbefalte innlegg

Hei.

 

Min sambuar og eg har to ungar. Den eldste er min steson, som ho har frå eit tidlegare forhold. Mannen som er far til eldstemann har saksøkt oss 2 gonger i omsorgsamanheng. Begge gongene har saka vorte avslutta etter fyrste innleiande rettsmøte. Den siste saka vart avslutta nylig.

 

Me er ganske sikre på at han kjem til å prøva seg igjen, så snart han får sett seg ned og dikta opp fleire absurditetar som tilseier at me ikkje er skikka til å ha omsorga.

Han og sambuaren har låge inntekter, så dei får fri rettshjelp. Det får ikkje me. Me har hyra fullmektig i begge sakene, og rekningane har naturleg nok vorte ganske store for oss. Me la ned påstand om å få dekka saksomkostningane, men sidan saka er avslutta er dette no uaktuelt.

 

Som sagt, me er ganske sikre på å verta stevna igjen. Erfaring tilseier at dette skjer om eit års tid. Om så skjer, vil me ta saka utan bistand, sidan me er vane med forløpet etterkvart. Han fremmer sak utan nokon bevis eller henvisningar, så forløpet kjem nok til å gjenta seg.

 

Det var saka si stilling, no til spørsmålet mitt:

Me har tenkt at om våre antagingar er rette, og me vert stevna nok ei gong, kan me då gå til motsak og få dekka omkostningane frå tidlegare saker? Det er tale om mykje pengar, og håpet er at han vart litt avskræmd for å ta opp fleire saker av same kaliber som me har vore gjennom.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...