Gå til innhold

play.com toll og frakt?


Anbefalte innlegg

Videoannonse
Annonse

Det er snakk om moms, ikkje toll. Moms må ein betale på varer kjøpt frå utlandet som har ein verdi på 200 kroner eller høgare.

 

Då må ein plusse på 25% i moms pluss eit gebyr på ca 90 kroner for at posten skal fortolle pakken.

 

Play.com er veldig grei sånn sett. Alt er det gratis frakt på og alt blir sendt enkeltvis, uansett kor mykje du bestiller samtidig.

 

Du kan bestille 20 varer, DVD-er, CD-er, spel samtidig, dei vil alltid bli sendt ein om gongen. Du får gjerne ein heil haug samtidig, men det har ingen betydning for momsen så lenge kvar enkelt er pakka inn for seg sjølv og merka med pris.

 

Kjøper du ei vare som kostar over 200 vil det ikkje få noko betydning for resten av varene, men du må betale moms for den. Då er det Tollvesenets omregningskursar som gjeld: http://www.toll.no/templates_TAD/Tolltarif...;epslanguage=NO

 

Kursen britisk pund ligg for tida rundt 9,4, då kan du kjøpe varer for opp til £21 utan å betale moms. Hugs og at kursen endrar seg heile tida, vanlegvis kva veke. Play.com kan være litt treige på levering, så om du kjøper noko som kostar 195 kroner ei veke og den kjem til landet to veker seinare kan ein risikere at kursen har gått opp nok til at pakken har ein verdi på over 200 kroner, då må du betale moms.

 

Så, for å summere opp. Kjøper du aldri varer til over 200 kroner er ikkje moms eit tema.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...