Gå til innhold

Nå byrjar Språkrådet øydeleggingi av nynorsken


Glutexo

Anbefalte innlegg

http://en.wikipedia.org/wiki/International_Phonetic_Alphabet - et alfabet som gjør det mulig å gjenngi det som er av muntlige språk.

 

Forby bokmål? Hva skal så være hensikten med det? Er du ikke klar over at en vesentlig del av det norske folk faktisk prater noe som ligger nærmere bokmål enn nynorsk?

 

Den eneste fordelen nynorsk har ovenfor bokmål er at nynorsk ligger nærere enkelte dialekter. Altså en fordel kun for de som prater de dialektene. På alle andre områder er bokmålet suverent, gramatikken er enklere og mer fornuftig, det er lettere å skaffe seg et stort ordforråd, og det tilgir manglende gramatikkunnskap bedre når det gjelder forståelse.

 

Jeg har ikke noe imot nynorsken; det er jo et vakkert språk. Men å tvinge det på hele norges befolkning ved å forby bokmålet; det er ren idioti. Man må innse at begge språkene har en plass i den norske kulturen, og faktisk også bør være i bruk fremdeles.

 

Muntlig språk skal være i utvikling. Et muntlig språk som ikke forandrer seg med tiden er et dødt språk. Man må bare godta at byfolk ikke vil snakke slik som bondetampene ute på landet. Hvorfor skal man ikke tillate at dialekter forandrer seg? At det kansje tilogmed kommer nye dialekter til?

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

I mi meining, viss nynorsk skal kunne overleva, bør det ikkje gjerast eit poeng i å gjera det så ulikt bokmål, og så radikalt, som mogleg. Bokmål vert også konstant fornya.

 

Dei fleste av oss som skriv nynorsk, skriv ein nokonlunde moderat form med eit mål om å gjera seg forstått.

Endret av Xyril
Lenke til kommentar

Eg liker absolutt ikkje at nynorsken får innskrenka valfridom, det er noko av det eg liker med målforma. Skal det berre vera læreboksnormal, NRK-nynorsk og langt færre lovlege ord eller hossen blir dette? Vi får vel berre vente og sjå kva dei kjem med, håper berre dei kan gjera dette litt demokratisk.

 

Men det at anbeheitelse-ord kjem meir inn er nok på sin plass sia det er så sentralt i tale, sjølv om òg det burde vera valfritt. Eg vil ha mykje valfridom, men det må jo òg vera stramme liner på grad av konsekvent skriving, så det ikkje blir kaos.. Språk er ikkje lett. =S

Endret av Oskeladden
Lenke til kommentar
  • 3 måneder senere...

Eg ser verdien i å hava ein stram normal. Men eg las for ikkje so lenge sidan at, eg hugsar ikkje kor mange, men trur det var om lag 30 % av alle som har nynorsk som hovudmål har det på grunn av valfridommen. Eg trur ikkje nynorsk har lenge igjen å leva. Når dei tek bort so mange former vil nynorsk misse mange brukarar. Kan hende nynorskkommunar kor 60 % vil halda på nynorsk vert til 40 % vil hava nynorsk etter reforma. Men nynorsk døyr uansett.

 

Det verkar som om dei gjev opp å hava ein levande nynorsk, og dei heller vil gjera nynorsk best mogeleg for dei som har det som sidemål.

 

Det var nyhende om at Språkrådet har byrja arbeidet med ny nynorsk, og der stod det at dei vil gjera nynorsk veldig stram. Eg veit ikkje kva dei meiner med det. Om dei meiner STRAM, eller stram som bokmål visstnok skal vera. Det er store skilnader mellom desse. Dei skulle ogso gjera so heile landet kan kjenna seg igjen i nynorsk.

 

Kva eg trur:

Om dei gjer nynorsk VELDIG stram trur eg me missar formar som skule og skole vert einaste form. Dette på grunn av at skole er vanleg over store delar av landet, og dessutan vil dei at folkehøgskolene framleis skal kunna hava fellesform.

 

Eg veit ikkje kva dei gjer med nå/no. Eg har sett at nå er vanleg i nynorsk, so det kan vera dei held på det. Men eg trur det mest trulege her er at dei held på hovudforma no, og heller støyter frå seg 10 % av dei som skriv nynorsk fordi dei ikkje kan skriva nå lenger.

 

Når det gjeld perfektum ... eg er usikker på kva dei vel der. Eg trur dei vel e-perfektum og stryk i-perfektum. Folk på austlandet hatar nynorsk uansett kor mykje det liknar på målføret deira, so det er ikkje noko poeng i å gjera dei til lags. Men oppdraget var å gjera nynorsk bra for heile landet, so det kan henda dei vel i-forma. Men ho er lite nytta ogso, so eg trur dei vel e-forma.

 

 

 

Nynorsk kjem til å døy i laupet av dei neste ti åra. Eg trur dei kjem til slå saman nynorsk og bokmål når den tida kjem. Dei kjem til å gjera den no strammare nynorsknormalen til valfritt saman med bokmål, og dei strammar inn det som berre finst i bokmål. Dei kjem til å stryka bevrer-formene, som dei klødde etter å stryka i 2005, og dei stryk bokmålsformer som ikkje er mykje nytta og som heller ikkje finst i nynorsk, som spell og brott. Om lag femten år etter det stryk dei på ny former som ikkje er nytta, og då stryk dei det meste av nynorsk, og frå då av vert det rekna som skrivefeil å skriva norsk. Dei viser ogso ynske om å stryka hokjøn, sidan det ikkje vert nytta, men dei ventar med det til neste reform endå nokre år seinare. Og so er det feil å skriva noko som kan likna på norsk, og dansk er einaste målform i Noreg.

 

 

Forresten:

http://språkrådet.no/Toppmeny/Aktuelt/Revisjon-av-nynorskrettskrivinga/

Det verkar som om Språkrådet vil høyra på nynorskbrukarar. Dei vil nok ikkje bry seg om dei seier at dei ikkje må taka bort i-mål, men det kan jo vera at de har noko fornuftig å seia.

Endret av Glutexo
Lenke til kommentar

Forresten:

http://språkrådet.no/Toppmeny/Aktuelt/Revisjon-av-nynorskrettskrivinga/

Det verker som om Språkrådet vil høyra på nynorskbrukarar. Dei vil nok ikkje bry seg om de sier at dei ikkje må taka bort i-mål, men det kan jo vera at de har noko fornuftig å seia.

Omsider noko godt nytt, men det var på tide no. Opi ordskifte har dei skravla mykje om utan å gjera noko med det. Vi som likar å skriva i-mål fær vera med i ordskiftet når det kjem, det såg ut til at det skulle vera netordskifte på same måte som diskusjon.no eller noko i den lei.

 

Råd: sjå på ordi i innlegget ditt eg har sett strek under.

Lenke til kommentar

Forresten:

http://språkrådet.no/Toppmeny/Aktuelt/Revisjon-av-nynorskrettskrivinga/

Det verker som om Språkrådet vil høyra på nynorskbrukarar. Dei vil nok ikkje bry seg om de sier at dei ikkje må taka bort i-mål, men det kan jo vera at de har noko fornuftig å seia.

Omsider noko godt nytt, men det var på tide no. Opi ordskifte har dei skravla mykje om utan å gjera noko med det. Vi som likar å skriva i-mål fær vera med i ordskiftet når det kjem, det såg ut til at det skulle vera netordskifte på same måte som diskusjon.no eller noko i den lei.

 

Råd: sjå på ordi i innlegget ditt eg har sett strek under.

Tusen takk for at du retta på feilane mine. Folk burde ikkje klaga når folk rettar på dei, dei burde heller vera takksame.

 

Eg trur ikkje dei held på i-mål. Dei verkar veldig klåre på at dei vil fjerna det. Og om dei tek omsyn til alle små grupper kan dei ikkje stramma inn noko som helst. Alle formene har nokon som vil taka vare på dei. Og i-mål vert ikkje mykje nytta, og det ligg utanfor kva som er vanleg nynorsk, so det er nok ikkje von om at dei held på det.

 

Og noko anna, som truleg ikkje har noko med brigda å gjera, men som dei bør retta på: Dei bør forandra sjiraff til skiraff, sjimpanse til skimpanse, sjiaislam til skiaislam, kjip til kip, og so vidare. Dei gjer det ikkje lettare å læra å skriva norsk når dei gjer gamle hugsereglar ugyldige.

Lenke til kommentar

Ein god grunn til å halda på i-målet er at Språkrådet har teki inn att fleire former ifrå det danske riksmålet. Då bør det vera høve til å godkjenna full valfridom mellom -a og -i i nynorsk òg. På bokmål har full valfridom mellom -a og -en verka godt. Dessutan har det verka bra med valfridom -a/-e/kløyvd når det gjeld infinitiv i nynorsk. Ending -i finst i Telemark og Indre sogn i hokjønn og inkjekjønn medan -i i supinum av verb finst over heile Austlandet. Det er eit stort mistak å fjerna denne òg. Tek dei bort -i i bundi form frå vest og -i i supinum frå aust, sit vi att med eit mål som ikkje høyrer heime nokon stad. Eg kan ingileis sjå anna enn at det vill skipa endå fleire vandar for fordomsfulle austlendingar med nynorsk som sidemål.

 

Ein ting eg skulle sett at dei gjorde noko med er stumme d-ar. Til dømes heiter det raud, men brei. Det er ikkje lett å skilja kva ord som har stum d og kva ord som ikkje har det.

 

Opning for å skriva detta og denna ved sida av dette og denne hadde òg vori fint, dette vert nytta mykje på Austlandet.

 

Elles er det forvitnelege forslag du kjem med når det gjeld kjip/kip osb. Kip samsvarar meir med kino enn det kjip gjer.

Lenke til kommentar

Så og si alle som snakker eller fortrekker nynorsk forstår bokmål, men de som ikke snakker eller foretrekker nynorsk forstår ikke nødvendigvis nynorsk. `nuff said :)

Jeg sluttet å lese Hårek da de gikk bort fra bokmål da det ble for dumt og tunglest.

 

Skal man absolutt blande inn et fantasispråk er vel klingon, mye kulere for den yngre/halvgamle generasjonen? (Jada, Bigbang Theory er knallbra)

 

I england har de "Queens english", men det betyr ikke at de fleste snakker det. De aller fleste forstår det derimot veldig godt.

Lenke til kommentar

Ein god grunn til å halda på i-målet er at Språkrådet har teki inn att fleire former ifrå det danske riksmålet. Då bør det vera høve til å godkjenna full valfridom mellom -a og -i i nynorsk òg. På bokmål har full valfridom mellom -a og -en verka godt. Dessutan har det verka bra med valfridom -a/-e/kløyvd når det gjeld infinitiv i nynorsk. Ending -i finst i Telemark og Indre sogn i hokjønn og inkjekjønn medan -i i supinum av verb finst over heile Austlandet. Det er eit stort mistak å fjerna denne òg. Tek dei bort -i i bundi form frå vest og -i i supinum frå aust, sit vi att med eit mål som ikkje høyrer heime nokon stad. Eg kan ingileis sjå anna enn at det vill skipa endå fleire vandar for fordomsfulle austlendingar med nynorsk som sidemål.

 

Ein ting eg skulle sett at dei gjorde noko med er stumme d-ar. Til dømes heiter det raud, men brei. Det er ikkje lett å skilja kva ord som har stum d og kva ord som ikkje har det.

 

Opning for å skriva detta og denna ved sida av dette og denne hadde òg vori fint, dette vert nytta mykje på Austlandet.

 

Elles er det forvitnelege forslag du kjem med når det gjeld kjip/kip osb. Kip samsvarar meir med kino enn det kjip gjer.

Eg trur ikkje målet er å gjera nynorsk til eit mål som høyrer heime nokon stad. Målet er berre å gjera nynorsk strammare, og byggja det på det vanlege målet i dag. Det vanlege er å skriva med e-ending i verb, men a-hokjøn. Det verkar ikkje som om dei ynskjer å gjera nynorsk til eit godt mål, men heller å gjera det best mogeleg for dei frå Oslo. Dessutan er eg ikkje samd i at det har fungert godt. Det burde vore feil å ikkje skilja mellom dei to kjøna.

 

Dei stumme d-ane irriterer meg ogso. Spesielt brei. I nynorsk kan ein ofte velja d-ar, men i brei er det irriterande at ein ikkje kan. Dei burde taka inn d i alle ord som har d i bokmål, det gjer det lettare for oslofolk å læra nynorsk ogso, so det passar godt med kva dei gjer.

 

Det speler ingi rolla kva dei gjer for austlandet, for austlandet hatar nynorsk uansett kva dei gjer. Dessutan er norsk nesten heilt døydd ut på austlandet. Språkrådet nøye med å gjera det klårt kven som lyt fylgja nynorsken. Dei ville nok minna høgnorskfolk, samnorskfolk, dei som liker å skriva dialekt og andre på at dei ikkje treng å fylgja nynorsk om dei ikkje vil det det dei skreiv.

 

Diverre trur eg nynorsk snart døyr heilt ut. Det beste nynorskfolket kan vona i lengda er at eg og ikkje vert tillate i bokmål, og at det vert nytta der. Eg trur ikkje det norske målet har lang tid å leva.

 

Eg kan jo seia fleire endringar eg trur hender.

 

-lig vert stryke. Ikkje mange nyttar det.

 

-a, -a, -o, -o -inkjekjøn vert stryke. Ikkje noko meir augo, øyro eller hjarto. Ikkje mange nyttar det, og det strid mot målet om å hava stramme reglar.

 

-er i presens vert stryke for verb som skriva og strida.

 

Verb fær e-ending i infinitiv. A-endig vert nytta no, men berre av dei som har nynorsk som hovudmål. Kløyvd infinitiv døyr med austlandsdialektane, er ikkje mykje nytta og er klammeform, so det stryk dei. A-infinitiv er ogso døyande, og det samlar ikkje austlandet når kløyvd infinitiv døyr. Dessutan er e-infinitiv mest nytta.

Endret av Glutexo
Lenke til kommentar

Eg trur ikkje det norske målet har lang tid å leva.

Så dramatisk! Hva skjer når det dør ut?

Det hender ikkje noko spesielt. Det er ikkje slik at alle døyr eller verdi gjeng under. Men eg tykkjer likevel det er trist.

 

Og det døyr ikkje på ei viss tid. Det døyr gradvis. Færre og færre av dei som veks opp talar norsk, og i mindre og mindre grad. Kan hende 50 % av dei som veks opp nyttar hokjøn, ti år seinare nyttar berre 25 % av dei som veks opp hokjøn.

Lenke til kommentar

Glutexo,

 

Du blander sammen ulike ting. Én ting er om målformen nynorsk dør ut; noe annet er om språket norsk gjør det (bokmål er faktisk norsk hva enten du liker det eller ei). Og én ting er om ulike former i nynorsk vil svekkes og havne i glemmeboken, men noe annet er jo hvorvidt disse fremdeles vil leve i dialektene.

 

Selv om nynorsk skulle kastes på skraphaugen, vil det jo ikke være forbudt for noen å bruke dativ, kløyvd infinitiv m.m. i sitt talespråk.

Lenke til kommentar

Om ikkje eg fær det som eg vil med dette brigdet, kjem eg til å skriva utanfor rettskrivingi. Øydelegg dei mer no, so har eg fengi nog.

 

Eg trur ikkje meiningi med brigdet er å gjera nynorsken enklare for Oslo-folk, då hadde dei ikkje stroki i-en i supinum. Kvar dei skal veit eg ikkje, men det ser i alle fall ut som at dei skal vekk ifrå landsmål, dialektar og bokmål.

 

Grunnen til at a-infinitiven ikkje vert nytta hjå skuleungdomen er at dei ikkje veit at han finst. Hugsar mellom anna at eg fekk han retta til e-infinitiv...

 

 

Elles er ei stor opprydjing i målet naudsynleg for at det skal overleva. Tri infinitivsformer (-a/-e/kløyvd) er berre til forvirring. Det er flest av folkesetnaden i Noreg som har kløyvd (Austlandet og Trøndelag). Eit overslag eg gjorde synte at om lag 1 225 000 har a-infinitiv, 785 000 har e-infinitiv, 2 620 000 har kløyvd infinitiv og 235 000 har ingen infinitiv (Nordland). Eg vil difor tru at det beste hadde vori å halda på a-infinitiv og kløyvd (eller berre -a sidan Austlandet, heimstaden til kløyvd infinitiv, nyttar bokmål).

 

Det tarvst at noko gjerst med inkonsekvensen. Formene er gjennomsyra av bokmålsreglar. Ikke berre gjeld det raud/brei/andsvar (nokre ord har d, andre ikkje), men òg spørja/byrja (ja, skal det vera ø eller y?), norsk/stort (t eller ikkje t i inkjekjønn adjektiv?), til/mellom (i eller e?). Verre er det med leia/leidning (ingen d i verbet, men d i substantivet) og seia/sagt (få att segja!).

 

Ein annan ting er bokstaven t. Å ha formi huset, men funne/funni heng ikkje på greip. Anten skal t-en vera der, eller so skal han ikkje det («eg har funni huse»/«eg har funnit huset»), han er stum i alle dialektar.

Lenke til kommentar

Det som kjem til å døy fyrst er -et-ending i verb i bokmål, det gleder meg. Kan henda samnorsken då kan takast opp att. Skal dei øydeleggja nynorsken, skal dei sannleg få «øydeleggja» bokmålet òg.

 

Hokjønnet trur eg ikkje er hota. Eg såg ein rapport som sagde at målet i Oslo gjeng mot meir a-endingar.

Lenke til kommentar

Det som kjem til å døy fyrst er -et-ending i verb i bokmål, det gleder meg. Kan henda samnorsken då kan takast opp att.

Tøys. Bokmål var riksmål før de blandet inn de forbannede a-endelsene, og moderne riksmål er Norges de facto offisielle skriftspråk. Det er ingen grunn til å ta opp samnorsken.

Ho (et-endinga) døyr munnleg. Det er færre og færre som seier «avmerkede» og «kastet». Det at moderne riksmålet som du kallar det er de facto Noregs offisielle skriftspråk er ikkje sant. Det skriv Riksmålsforbundet på heimsida si, men avisene og folk flest nyttar fleire a-endingar enn Rmf ynskjer. Til og med Afenposten skriv «ei» som ubunden artikkel i blant. «Hverken» må vika for «verken» og «sprog» vert berre nytta av dei som verkeleg vil vera vrange. Stadig fleire vel «fram» for «frem» (òg i skrift).

 

So til det skriftlege. Ordstillinga gjeng allereie mot det «folkelege» (altso, folk skriv meir beint fram). Stort gap mellom skrift- og talemål knakk den norrøne rettskrivinga, so eg kan ikkje sjå for meg at Språkrådet kjem til å sitja og glo på at det hender endå ein gong. Riksmålet er døyande og kjem neppe til å overleva. Det som vert skrivi i Facebook-/MSN-meldingar osb. vil eg tru at kjem til å ha ein enorm innverknad på skriftmålet i framtida. Med rette styret i Språkrådet hender det offisielt òg.

 

Du seier bokmål var riksmål før dei flotte a-endingane kom inn. Rett nok, men riksmål er også gjort om etter det. Alt i 1917 (føre riksmål/bokmål-splitten) kom a-endingane inn. I 1938 kom det fleire og det var riksmålet sprang ut som eiga grein. I augo mine er riksmålet berre eit synonym for «vil-ikke-tilpasse-meg-sprog» (kva i !"#¤%&/ er so gale med å ta bort ein stum h?!) og eg trur riksmålet døyr med Aftenposten. Eller ein gong føre det. Eg skal no i alle fall feira den dagen ein gravstein med «R.I.P. Riksmål» kjem opp på fjernsynsskjermen.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...