Gå til innhold
🎄🎅❄️God Jul og Godt Nyttår fra alle oss i Diskusjon.no ×

Førespurnad om innspel på vasskjølingsoppsett


Anbefalte innlegg

Hei!

 

Eg har over lengre tid vurdert å byggje meg ny PC, og i den samanheng har eg lyst til å gå over til vasskjøling. Då eg ikkje har noko erfaring med dette ut over det eg har lese meg fram til her på forumet eller andre plassar på Internett så tenkte eg at eg skulle høyre kva fagfolket her inne tykkjer om tankane og ideane mine. :)

 

Viss det vert ny maskin på meg så vert ho basert på Asus P6T Deluxe V2, Intel Core i7 920 (som skal overklokkast så langt han orkar å vere med, berre for å ha sagt det :cool:) og eitt ATI Radeon HD 4890 (med mogelegheiter for oppgradering til CrossFire på sikt viss behovet skulle melde seg). Dessutan vurderer eg sterkt eitt av dei nye HD 5850-korta i staden. Eg tenkjer å vasskjøle prosessor, skjermkort og hovudkort (nord- og sørside, VRM og MOSFET-ar).

 

Her er den handlelista eg har kome fram til førebels:

 

Så til spørsmåla mine:

 

  1. Når ein sit og jobbar med noko er det lett å verte blind for eigne feil. Difor er eg svært interessert i å høyre det viss de ser nokon openberre feil med det ustyret eg har valt ut så langt (ting som ikkje passar saman, noko som manglar, noko eg ikkje treng og så vidare).
     
     
  2. Eg hadde i utgangspunktet sett føre meg eit tak på kr. 5.000,- for alt av vasskjølingsutstyret. Når eg reknar ihop prisen på det eg har sett opp ovanføre så er eg omtrent oppe i kr. 6.500,- når eg reknar saman prisane og legg på norsk moms. Viss nokon har tips til komponentar eg kan byte ut med billegare variantar som er (omtrent) like gode, så set eg stor pris på det. Eg kan leve med ein viss budsjettsprekk, og eg vil helst behalde det generelle oppsettet ovanfor. Må eg endre det så må eg endre det - men den tid, den sorg... :)
     
     
  3. Som de ser så har eg gått for slange med indre diameter 10 mm (3/8"). Burde eg heller gå for 13 mm (1/2"), eller vil ikkje det ha så mykje å seie i dette oppsettet?
     
     
  4. Ser de føre dykk at den pumpa eg har teke med i oppsettet er sterk nok til å få ei grei vassgjennomstrøyming i den krinsen eg vil få når eg koplar til alt dette her? Kva om eg legg til eitt skjermkort nummer to seinare?
     
     
  5. Så langt eg klarar å sjå så bør den radiatoren og dei viftene eg har valt ut vere nok til å halde unna både for dette systemet og ved ei eventuell framtidig oppgradering til to skjermkort. Er det nokon som har noko å utsetje på dette?
     
     
  6. Som de ser så har eg funne dei ulike komponentane på vidt forskjellige nettbutikkar. Ideelt sett så kunne eg tenkje meg å kjøpe alt frå ein eller to butikkar for å sleppe å betale alt for mykje i frakt. Viss det er nokon som har tips til andre butikkar enn dei eg har funne fram til over her som har dei fleste av komponentane på ein plass så vert alle innspel mottekne med takk! Dette gjeld sjølvsagt og forslag til alternative, tilsvarande komponentar som gjer at eg slepp unna med færre ulike butikkar.

Det var dei spørsmåla eg kjem på i fyrste omgong. Andre forslag og/eller kommentarar eg sjølvsagt velkomne. :)

 

På førehand takk!

Endret av Garegaupa
Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Ingen grunn for å gå for en DDC pumpe med spesial topp når du skal montere den rett på tanken uansett.

Handle heller pumpen på sidewindercomputers. Der kalt swiftech mcp355. Akkurat samme pumpen.

 

Dropp viftene. Er alt for dyr forhold til hva dem gir. Gå heller for yate-loon eller sony s-flex vifter

 

Du har egentlig for dårlig radiator forhold til hva du skal kjøle. Eller retter sagt for lite kjøle-evne. Spesielt hvis du klokke, men vil anbefale å skaffe flere eller tykkere radaitor hvis du har plass til det. Jo mer radiatorflate desto mindre delta temp vil du få. Å desto lavere kan du kjøre vifter slik at støynivået plager deg.

 

Også ville jeg gått for slanger med 3/8" ID og 5/8" OD. Tåler kraftigere bøy enn en med 1/2" OD.

 

Ville også heller gått for bitspower sine kompress nipler hvis du skal ha kompressnipler. Bitspower 3/8in. Compression Fittings for 5/8in. OD Tubing

Lenke til kommentar

Hei, og tusen takk for svar!

 

Det med pumpa ser eg no når du nemner det, eg hadde ikkje studert godt nok korleis den skulle monterast i tanken.

 

Resten av tipsa dine skal eg definitivt òg sjå nøyare på! Eg har fått fleire signal på at det kan verte for knapt med ein 360-radiator, så eg får sjå kva eg finn på her. Kva trur du om ein 480-radiator, vil det klare seg? Eller bør eg ha meir enn det òg?

 

Takk enno ein gong! :)

Endret av Garegaupa
Lenke til kommentar

Takk for hjelpa så langt! Då går eg nok for ei Swiftech MCP355, samt vifter og kompresjons-niplar av den typen du føreslår.

 

Kva trur du om å bruke ein 3x120mm radiator (ThermoChill PA120.3) og ein 1x140mm radiator (Black Ice® GT Xtreme 140) i staden for ein 4x120mm radiator? Vil det vere ei stor ulempe for gjennomstrøyminga å bruke to radiatorar i staden for ein?

 

(Grunnen til at eg vurderer å gjere det på denne måten er at desse to radiatorane skal passe rett inn i det kabinettet eg har sett føre meg å bruke, Corsair Obsidian 800D, utan at eg treng å gjere nokon endringar i kabinettet - latskapen lenge leve! :p)

Lenke til kommentar
  • 4 måneder senere...

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...