Gå til innhold

Ei lita oppramsing av prisar på datatrafikk


Anbefalte innlegg

Eg har oppsummert litt om dataprisar nedanfor. Lista er ikkje fullstendig, men eg trur eg har fått med det viktigaste:

 

Telenor har makspris på 10 kr. per dag på alle abonnement, også kontantkort. Dataprisen er stive 12,50 per MB.

 

One Call har datapris på 1 kr. per MB, men ingen makspris. Kjøper du datapakke 50 MB betalar du 25 kr. i månaden. 100 MB kostar 50, og 200 MB kostar 100.

 

Brukar du 200 MB i månaden eller meir kjem du betre ut med Telenor, som har datapakken "Av&til" (også kalla "Mobilsurf") med 500 MB for 100 kr.

 

Surfar du mest på fritida har Tele2 framleis fri bruk på kvelds- og helgetid for 100 kr. Netcom tek 130 kr. for det same tilbodet. Ynskjer du Telenordekning kostar tilsvarande pakke hos Telenor 150 kr.

 

Netcom og fleire andre gjev fri bruk for 250 kr. i månaden, Telenor kostar her 300 kr.

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse
  • 4 uker senere...

10 kr dagen for å bruke internett hvis du kun bruker 800 KB er stivt, hvis det samme koster 80 øre hos Onecall. Hvis man bruker Opera Mini, så er det en realistisk situasjon, hvor man vil spare mye hos Onecall. Om man surfer til og fra jobb/skole, så vil jo det bli ca. 200 kr vs 16 kr for en måned.

 

For folk som bruker internett mer aktivt, på f.eks. iPhone, lønner Telenor fort seg pga. 500 MB pakken.

Endret av eisa01
Lenke til kommentar

Jeg har kjøpt meg HTC Hero nå, og forstår fort at det vil gå mange MB i datatrafikk hos meg fremmover. Har i dag OneCall som viser til gunstige priser pr MB. Men kanskje det vil lønne seg å skifte i lengden? Noen med iPhone/HTC som har regnet på hvor mange MB man bruker i snitt pr dag?

 

Hvordan er det mulig at OneCall som benytter seg av telenor sitt nett kan være så mye billigere enn Telenor?

Lenke til kommentar

Grobbie, 12,50 per MB er dyrt, sjølv om taksameteret stoppar på 10 kr. Eisa01 gjev eit svært godt svar på kvifor. Telenor vert svært dyrt når ein brukar data lite og ofte, f.eks. sjekke e-post og bruke Opera Mini kvar dag.

 

Eunaas, dette vert som å spørje kvifor f.eks. Ludo slår Telenor på ringeprisar. Dessutan er heller ikkje One Call billegare enn Telenor uansett bruk. Brukar ein eit vanleg Telenor-abonnement utan tilleggstenesta Mobilt Breiband ei helg på hytta (f.eks. laurdag og sundag) kan ein surfe fritt for 20 kr. (Obs1: Telenor har rett til å setje hastigheita ned til 200 kb/s når ein passerer 200 MB for heile månaden. Obs2: Med tilleggstenesta Mobilt Breiband (Kveld&helg/Av&til/Mobilsurf)er maksprisen 50 kr. per (kvar-/)dag) One Call har ikkje makspris, og det er difor inga grense for kor mange tusen kroner ein kan svi av på ei helg med eit vanleg One Call abonnement utan fri bruk som tilleggsteneste.

 

Til hytteturen kunne ein også ha brukt Mobilt Breiband Kveld&helg frå Telenor. One Call manglar dette tilbodet heilt.

 

Eit tredje eksempel er dersom ein brukar mykje data både titt og ofte. One Call tek 100 kr. for 200 MB, medan ein får 500 MB frå Telenor. Fri bruk er også dyrare hos One Call enn hos Telenor.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...