Gå til innhold
Trenger du hjelp med PCen? Still spørsmål her! ×

Blåskjerm og problem med booting etter torevêr


Anbefalte innlegg

Vi hadde eit torevêr her ei natt for ei veke sidan, og då eg skulle starte opp PCen dagen etter tok det ikkje lang tid før eg fekk blåskjerm. Etter å ha formatert maskina og lagt inn på Windows 7 i staden, er problemet der framleis, og opptrer no berre hyppigare og hyppigare. No tek det som regel ikkje meir enn 10-15 minutt etter oppstart før blåskjermen kjem. I tillegg har det vorte problematisk å boote Windows fordi den anten stoppar heilt opp, eller at oppstarten før booting av Windows går ufatteleg treigt. Eg må som oftast gjere fleire forsøk før eg kjem meg inn i Windows.

 

Det eg har gjort til no er som sagt å formatere PCen, og bytt ut Windows Vista med Windows 7. Eg har i tillegg prøvd å køyre utan eksterne harddiskar og anna utstyr tilkopla, og eg har prøvd å køyre med ei og ei RAM-brikke.

 

Eit eventuellt lynnedslag må ha kome gjennom frå nettverket, for straumnettet i huset er sikra med lynfilter i samband med brannvarslingsanlegget. Eg har i tillegg eit eige overspenningsvern, og det var ikkje straum til PCen denne natta. I vår missta eg den eine nettverksporten på hovudkortet etter eit lynnedslag, so eg kan godt tenkje meg at dette nedslaget har fått enno verre følgjer enn det førre.

 

Kva skal eg gjere vidare? Er det mest sannsynleg at det er hovudkortet som er gåent, eller kan det like gjerne vere prosessor og grafikkort?

 

Postar eit dårleg bilete av blåskjermen om det skulle vere til hjelp:

post-150056-1252615973_thumb.jpg

Endret av Kalvegodt
Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Feilmeldingen indikerer feil på Ram brikken(e)

Meldingene indikerer at pagefilnummerlisten er ødelagt. Denne oppførselen skyldes mest sansynlig at RAMen (Random Access Memory) på maskinen din er ødelagt. For å løse dette problemet må du antakelig bytte ut den ødelagte RAM brikken.

Jeg ville kjørt diagnoseverktøy og testet Ram brikkene dine. Windows Vista og Windows 7 har et slik diagnoseprogram integrert. Start opp fra Windows Vista eller Windows 7 DVDen, så vil du finne et slik diagnoseprogram der.

Lenke til kommentar

Har testa ein del med Memtest no, og er ikkje akkurat blitt noko klokare. På fredag såg det ut til at det var feil på dei to minnespora som ligg lengst til venstre, medan dei to hine fungerte som dei skulle. Prøvde so å bruke berre ei minnebrikke i eit av spora som fungerte, og maskina gjekk heile kvelden utan at blåskjermen kom. men då eg starta opp maskina på laurdagen att, var det tilbake til blåskjerm att. Etter det har eg testa alle spora med kvar av brikkene, og no ser det ut til at dei spora det var feil på fungerer som dei skal att. Blåskjermen kjem likevel.

 

Eg har forresten merka meg at det kjem seks andre meldingar i tillegg til MEMORY_MANAGEMENT:

SYSTEM SERVICE EXCEPTION

DRIVER_IRQL_NOT_LESS_OR_EQUAL

IRQL_NOT_LESS_OR_EQUAL

PFN_LIST_CORRUPT

PAGE_FAULT_IN_NONPAGED_AREA

BAD_POOL_HEADER

Endret av Kalvegodt
Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...