Gå til innhold

Tom ACL på filer ? i roaming profile


PinguShow

Anbefalte innlegg

Har to brukere med roaming profiles som ikkje får lasta profilen sin fordi dei ikkje får tilgang til enkeltfiler i profilen (dette er internettsnarveier hos begge to). event 1509 frå Userenv med Detail - Ingen tilgang blir logga hos begge to.

 

Problemet ser då ut til å vere manglande rettigheter på dei aktuelle filene som gjere att dei ikkje får lasta desse (og dermed heller ikkje profilen sin) når dei skal logge på.

 

Når eg går inn på filene for å sette korrekte rettigheter får eg ikkje opp security fana for filene, einaste fana som er der er "general".

Har også forsøkt å bruke CACLS og xcacls.vbs for å sette tilgang på filene, men alt eg prøver returnerer "access is denied" eg får sjølvsagt heller ikkje slette, gi nytt namn til, kopiere eller flytte dei aktuelle filene. Dette gjelder både som brukeren som har profilen, lokal admin og domene admin.

Får heller ikkje lov til å gi profilmappa eit nytt namn slik att det kan opprettast ei ny profilmappe, sidan eg har dei rettigheite som trengst for å gi den nytt namn vil eg tru det er dei aktuelle filene som er skuld også i dette (men her er eg ikkje hundre prosent sikker).

 

Det virker rett og slett som om det ikkje er nokon ACL oppføringar på desse filene og det gjer att det ikkje finst noko eller nokon som har tilgang til å fikse dei.

 

Gode forslag er dermed høgst velkomne for her begynner det å gå tomt for idear.

 

Server: Windows 2003 server sp2

Klient: Win XP sp3

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

tar dette fra hukommelsen, så det er mulig det er noe feil.

gå inn på profil-mappen til bruker.

høyreklikk, egenskeper, velg sikkerhet - avansert - eier - velg deg selv - huk av for "erstatt eier av underbeholdere og objekter, og velg ok.

 

du er da eier og som administrator blir andre sikkerhetsinstillinger overskrevet.

sett da opp sikkerheten på nytt og velg at alt under skal arve de rettigheten, og vips, alt ok :)

Lenke til kommentar

Her skulle eg eigentlig skrive att eg allereie har prøvd dette men fikk beskjed om att eg ikkje hadde tilgang på dei aktuelle filene som det er problemer med og difor ikkje kunne ta eierskap over dei.

Men eg kjørte gjennom ein gang til (mest for å sjå nøyaktig kva det var feilmeldinga sa) og denne gangen gikk det faktisk fint.

 

Når eg bladde gjennom mappene etterpå ser eg att dei filene som det var problem med faktisk er vekke no og eg er ikkje sikker på om desse forsvann når eg no forsøkte å ta eierskap over filene eller om dei forsvann mens eg var heime og åt middag :hmm:

 

Sidan alt ser fint ut no vil eg tru att problemet no er løyst, og so får eg sjå i morgon når brukarane skal logge seg på om det går knirkefritt då.

 

Tusen takk for hjelp og eit svært godt forslag :thumbup:

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...