enixitan Skrevet 29. august 2009 Del Skrevet 29. august 2009 Hei. Har no installert Win7 RC på min nye PC, og tenkte eg skulle sjekke temperaturar o.l. Dette er det vesentlege av delar: - AMD Phenom II X3 720 BE - Gigabyte GA-MA785GT-UD3H - Xigmatek HDT-S1283 - IC Diamond kjølepasta - Lian Li PC60BplusII kabinett - med standardvifter Speedfan viser 50-60C på Core ved skrivebordsbruk. Når eg køyrer OCCT går den ganske kjapt opp til 80C (ca. 1 minutt), og testen stoppar. Eg har ikkje tenkt å klokke mykje, men det er jo greit med OK temperaturar, eg vil òg gjerne sjekke stabiliteten på den fjerde kjerna. Det er sikkert mykje eg kan ha gjort feil her, så eg stiller nokre spørsmål. Korleis bør eg legge på kjølepasta? På denne kjølaren ligg varmerøra rett mot CPU-en, bør eg då legge striper med pasta langs røra? Har sett andre kjølarar med liknande konstruksjon med dette. No har eg bare brukt litt på midten av prosessoren. Eg er forøvrig klar over at for mykje pasta ikkje er bra. Når kabinettet står oppreist ligg vifta under kjølaren når ein ser inn i kabinettet. Den er montert for å blåse gjennom kjølaren og mot taket i kabinettet (med 80mm utblåsing i taket), eg innbillar meg at det er bra at lufta går gjennom kjølaren. Er dette den beste måten å montere vifta på kjølaren? Eg har ei 120mm-vifte som sug inn luft frå sidedøra. Denne står rett under vifta på CPU-kjølaren. Kan dette ha ein negativ effekt? Med dette oppsettet, kva temperaturar bør eg forvente med romtemperatur på 23-26 grader? Takkar for hjelpande svar. Lenke til kommentar
enixitan Skrevet 3. september 2009 Forfatter Del Skrevet 3. september 2009 Ikkje så mykje respons her, men men. Eg tok ut kjølar og prosessor, rensa begge med isopropanol, og la på kjølepasta langs varmerøra på kjølaren. No har eg køyrt OCCT (utan å låse opp kjerner, standard klokk) i 15 min, og det varmaste som er registrert er 30,8 grader ©. Dette var saker. Lenke til kommentar
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå