Gå til innhold

Leitar etter Linux-distro med støtte for ATi X1600 Mobility


Anbefalte innlegg

Hei!

 

Eg har ein Compaq nc8430 med Intel Centrino Duo, T7200. GPUen er ein ATi X1600 Mobility, og denne skapar varmeproblem i distribusjonar som ubuntu, og fedora. Eg trur dette er fordi open-source driverene ikkje har støtte for skalering av klokkefrekvens for (i kvartfall) min GPU. Eg har lest litt rundt, og det er fleire som meinar dette er ein grunn til varmeproblemane ein opplev.

 

Foreløpig har Fedora vore varmast, ganske likt med Ubuntu - dei har begge kjørt GNOME. Xubuntu har vore ein del kjøligare, men etter ca. ein halvtime, så går temperaturen oppover, og vifta med. Eg brukar

sensors

og

acpi -t

for å sjekke temperaturane, men veit ikkje kva for ein temperatur som tilhøyrar dei forskjellege komponentane...

 

Det eg leitar etter er ein lett distribusjon som har støtte for den propitære ATi -driveren, eller ein anna løysning på mitt problem. :)

 

Eg har berre brukt Linux i eit par dagar, og er mest kjent med ubuntu sin terminal (bash?), så ein distribusjon med samme syntax ville vere og foretrekke. Uansett, eg tar i mot alle forslag på løysningar på mitt problem! :)

 

Trur dykk kanskje at det rett og slett er distribusjonane eg har prøvd som er for tunge? Skal eg heller berre gå for ein veldig lett distribusjon? Har forresten renset ut av alle vifter og kjøleribber, samt lagt på ny kjølepasta. Dette hjalp mye, men eg er fortsatt ikkje fornøgd. :hmm:

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...