Gå til innhold

nybegynner, bør eg velja vasskjøling?


Anbefalte innlegg

Eg har i lengre tid vurdert å skifte ut PC-en min med noko litt nyare, og eg kjenner spørsmålet om vasskjøling stadig pressar seg på. Til no har eg ingen, ja du leste rett ingen, erfaring med vasskjøling. Blir det for komplisert for ein som har lite erfaring med montering av PC, eller er dette noko "alle" kan klara?

 

Sjølv om eg har høyrd vasskjøling er sikkert, lurer eg på om det er noko overhengande fare for at eg kan få lekkasje eller andre ulukker på systemet?

 

I utgangspunktet vil eg gå for full pakke dersom eg skal ha vasskjøling, det vil sei kjøling av CPU, GPU, hovudkort, ram og harddisk. Eg er ikkje interessert i noko mellomløysning når eg først skal ha vasskjøling... Budsjettet er 3 - 4000 kroner. Dersom det ikkje er hensiktsmessig å kjøle så mange komponentar ned må de berre "skrika" ut ;)

 

Her er dei trulege spesifikasjonane i PC-en:

  • Intel Core i7 920 d0
  • AMD/ATI 4890 (kjem tilbake med stadfesting på kva model det vert etter kvart)
  • Gigabyte GA-X58-UD5
  • Corsair TWIN3X 1600MHz DDR3
  • To stk 3,5" harddisk. Det er vell ikkje naudsynt med vasskjøling på SSD harddisk (Intel x25 80 GB 2.gen)?

 

Harddiskane, hovudkort og prosessor er dei komponentane eg er 110 % sikre på.

 

Er det plass til vasskjøling i kabinettet mitt?

Kabinettet blir truleg LIAN LI PC-A77B då eg likar utsjånaden særs godt, og det ser ut til at kabinettet har hatt gode testar. Er dette kabinettet i det heile egna til vasskjøling, eller må eg gjera store modifikasjonar for å få det til å passe inn? Fins det eventuelt eit anna kabinett som er tilrådd vasskjøling der ein slepp å gjera modifikasjonar på kabinettet?

 

Alternativet til det heile er luftkjøling, noko eg føler meg vesentleg tryggare på. Eg har lese diverse guider her på forumet, og det verkar som vasskjøling er vegen å gå. Men eg føler meg diverre ikkje heilt trygg på det, kan nokon kome med dei siste argumenta for kvifor eg skal velja vasskjøling? Til no har eg desse argumenta: betre kjøling, bråker mindre.

 

Er det verdt å prøve noko nytt? I tillegg, fins det nokon som monterer vasskjøling for ein rimleg sum eller er dette noko ein må gjera sjølve.

 

På førehand tusen takk til den dei som svarar, og tar seg tid til å setja opp eit lite forslag!

Endret av tosha0007
Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Jeg tror alle kan klare å sette det sammen selv, det er vanligvis veldig enkelt. Men jo, det er alltid en viss fare for lekkasje. Jeg har fått vann utover flere skjermkort, hvorav det ene døde. I alle tilfellene med lekkasje har det likevel vært min slurv som har vært årsaken, så det burde være mulig å unngå.

 

Dropp vannkjøling av hovedkort, minne og harddisk, det blir bare bortkasta.

 

Jeg har ingen erfaring med det kabinettet der, men det ser ut til at det er plass til radiator i topp eller bunn. Jeg har montert vannkjøling i et lite Lian Li-kabinett for noen herrens år siden, og det gikk veldig greit. Personlig styrer jeg likevel vekk fra aluminiumskabinettene fordi jeg synes de gir langt mer resonansstøy (vibrasjonene planter seg og forsterkes av kabinettet).

 

I tillegg må du regne med å rense systemet fra tid til annen. Jeg har latt mitt system surre og gå et par år nå uten å gjøre noe med det, men nå ser ikke vannet like bra ut lenger. :p Alger kan lett oppstå etter lang tid.

 

Forresten, hele moroa er monteringa, så gjør det selv istedenfor å få noen andre til å gjøre det.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...