Gå til innhold

Problemer med mor sin nye, fine DLink-ruter


Anbefalte innlegg

Hepp!

Mora mi kom heim stålande blid i går og sa stolt og fornøgd at ho endeleg hadde handla trådlaust internett. Jaha..? Litt skeptisk vart eg, og enda meir skeptisk når ho drog fram DLink-boksen ho hadde kjøpt på ein mobiltelefonbutikk. Vurderte å gå og få den bytta utan å bryte forseglinga etter tidlegare erfaringar med merket, men bestemte meg for å berre installere den så var det gjort, det kunne då ikkje vere såå gale? Joda, installeringa gikk greit den, det fungerte til og med knirkefritt i heile gårkveld. Så. Skrudde eg på maskina igjen i dag. Den er tydelegvis tilkobla heile tida til tross for 4-timeouts før eg fikk tvinga meg på, men ved typisk streaming som spotify, youtube og nett-tv går det heilt bananas. Avspelinga går avskrekande lite glatt. På spotify får eg spelt av 10-30sek med musikk, så tar den 5-10sek pause. Dei samme kvilepausane får eg med all streaming i varierande grad, men spotify gir meg nesten hjerteflimmer. Har liten erfaring med trådlause nettverk frå før då eg berre har brukt airport sjølv, og det fungerer jo berre, enkelt og greit. Kan liksom ikkje forestille meg at den er for svak, sitter 3meter fra den og mottakssignalet viser 100%, men det verkar likevel som den kveler linja.

Noko eg kan gjere for å få ting til å gå glattare, eller skal eg berre sjå om dei har ein Linksys-ruter el. eg kunne ha bytta den i?

 

Det er forresten denne flotte ruteren: https://prisguiden.no/product.php?produc...&cat_id=259

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...