Tosha0007 Skrevet 30. juli 2009 Del Skrevet 30. juli 2009 Hei, Per dags dato jobbar eg i ein sportsbutikk som har felles lagerinngang som eit apotek. Diverre er dei som leverer varer til apoteket særs uforsiktige, og nyleg klarde dei og kvelve og slå hol på ei flaske med plastfjernar(?). Flaska var vår, sportsbutikken eg jobbar i sin eigedom, og stod plassert ”trygt” i ei hylle som postmannen(?) som leverer varer til apoteket klarde å kvelve ved å skyve/slenge ein stol inn i hylla og gjennom flaska. Har diverre ikkje det konkrete namnet føre meg no, men det kan skaffas dersom det er vesentleg for saka. Denne væska kan løyse opp plast, og i følgje brukarrettleiinga på flaska bør det brukas maske sidan gassen luktar sterkt. Denne løysninga luktar særs sterkt, og kan framkalle kvalme hjå somme. Det var ”ganske” store mengder som rann ut på betonggolvet, om lag 1 - 2 liter, og det luktar framleis litt på staden sølet var. Då eg har god luktesans, og vert lett kvalm, vart eg sjølvsagt så dårleg at eg måtte gå heim dagen ulukka hende. Etter det eg har høyrd frå dei andre tilsette i butikken lukta heile butikken ut dagen, sjølv om dei lufta godt og gjorde det dei kunne for å fjerna lukta. Sidan eg hadde magesmerter, så store at eg i etter tid måte besøke lækjar, lurar eg no på kva rettar eg har for å få refundert mine utgifter til lækjar då dette er skade ”frå arbeidsplassen”. Heldigvis viste undersøkinga ingenting, men dersom det ikkje betra seg måtte eg kome inn att. Sidan sjefen min er på ferie utanlands har eg ikkje kontakta han om saken, men sidan han snart er tilbake vil eg gjerne på førehand ha klargjort mine rettar. Bør eg krevja å få dekka utgifter til lækjar og tapt arbeidstid frå min sjef, eller må eg ta kontakt direkte med sjefen til apoteket som igjen skal ta dette opp med leverandørfirmaet. Kan eg leggje fram andre krav og, då eg har hatt store problem med kvalme og liknande i etter tid noko som har medført stor ulempe for meg? Eg har sjølvsagt tatt vare på kviteringar frå lækjar dersom det trengs dokumentasjon for å få betalt utlegga mine tilbake. Firmaet som leverer har og tidlegare gjort skade på våre eigendelar på lageret, og viser i beste fall særs lite respekt for andre sine eigendelar når dei manøvrerer ein truck på lageret. Veit ikkje om dette har noko å seia, men følte det var greit å ha nemnd det Treng konkrete svar, der den/de som svarar gjerne viser til aktuelle lover dersom det fins noko slikt. Arbeidsmiljølova er vell truleg den mest relevante lova? På førehand; Tusen takk for svar, eg vonar det kan løyse seg greitt med min arbeidsgjevar/apoteket! Tosha0007 Lenke til kommentar
Herr Brun Skrevet 30. juli 2009 Del Skrevet 30. juli 2009 Du har krav på sykepenger (selvfølgelig), og jobben skal selvfølgelig også dekke legeutgiftene. Så får eventuelt sjefen din ta kontakt med fraktfirmaet og rette kravet videre mot dem, om det er hjemmel for det. Men DU skal i alle fall få dekket legeutgifter (og også få sykepenger for tiden du var borte på grunn av sykdom) fra jobben din. Lenke til kommentar
Tosha0007 Skrevet 30. juli 2009 Forfatter Del Skrevet 30. juli 2009 Takk for svar Gløymde å skrive i 1. innlegget at eg er tilsett som ekstrahjelp, men den dagen "ulukka" skjedde og store deler av sommaren har eg avtale med sjefen å jobbe 100 %. Har dette noko å seia? Lenke til kommentar
Herr Brun Skrevet 30. juli 2009 Del Skrevet 30. juli 2009 Er du syk når du er satt opp på vaktplan, skal du ha betalt. Lenke til kommentar
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå