Gå til innhold
🎄🎅❄️God Jul og Godt Nyttår fra alle oss i Diskusjon.no ×

Anbefalte innlegg

Hei, eg har endeleg fått den siste delen (ein Seriell ATA-disk) og skulle kosa meg med å setja saman alt i dag. Eg meinte eg var komen langt nok til å setja straumen på for å sjå kva som skjedde, men det var helst skralt.

 

PSU'en er ein Chieftec 360W (P-4) som eg fekk etter at Enermax'en ikkje passa. Skulle ikkje ei eller anna vifte ha starta når eg skrur på straumen? Det er heilt stilt. Ein LED på huvudkortet (ASUS P4G8X Deluxe) kjem på, den som heiter SB_PWR, men korkje vifta over CPU eller i straumforsyninga snurrar rundt.

 

Er det heilt naudsynt å ha kopla til alle leidningane frå kabinettet (Sky Hawk PSR4638)? Eg har ein som er merka 'Power SW' som eg ikkje har funne plass til enno.

 

Ellers har eg fått prosessor, harddisk, skjermkort, minne og CD-spelar på plass. Synes liksom det skulle susa og pipa litt når eg skrudde på straumen?

 

Har eg forstått det rett når eg ikkje koplar til det som heiter EZ_PLUG når eg har ein 20-pins ATXPWR (den passar i alle fall) og ATX12V? Eg har prøvd både med og utan EZ-dingsen.

 

Veit ikkje heilt kva eg skal gjera. Eg kan jo sjølvsagt prøva med ein annan PSU, men eg veit ikkje om dette er problemet.

 

Hovudkortet har eit par modular (Game/Midi-port og USB på den eine og lydkort-ting på den andre) som eg ikkje har montert enno. Dette kan vel umuleg spela nokon rolle? Eg har heller ikkje montert kabinett-vifta enno, den trur eg må monterast til slutt. Den er veldig i vegen.

 

Nokon idear?

 

Beste helsing,

Randi A.

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Når du kobler i strømkablen, og hovedbryteren bak på psu står på, vil powerlyset på hovedkortet lyse, men det betyr ikke at pcn har startet. For å starte pcn må du koble til powerknappen (power_sw) til selve hovedkortet slik at dette gir ordre til psu om å gi strøm på alle kanaler når du trykker inn knappen på framsida av kabinettet. De aller fleste hovedkort har tilkobling av slike kabler nederst til høyre på kortet. Manualen som fulgte med hovedkortet viser eksakt plassering, samt at det oftest står med lita skrift ved alle pinnene du kan plugge kablen på.

 

Hvis du tror psu er ødelagt kan du teste den ved å kortslutte den grønne og en svart kabel i pluggen som går til hovedkortet. Psu vil da starte og du vil høre vifta osv. Ikke la noe være koblet til strømforsyninga når du gjør dette. (unntak: vifter du vil teste).

Lenke til kommentar

Ypperlich! Det var jo nett power_sw-kabelen eg ikkje hadde funne plass til enno. Eg skal heim og lesa brukarrettleiinga til ASUS P4G8X Deluxe ein gong til for å sjå om eg ikkje kan forstå kor den skal sitja.

 

Tusen takk og hurra!

 

Randi A.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...