Gå til innhold

Problem med Nokia-fjernsyn


Anbefalte innlegg

Hei, folkens!

 

Mor mi har eit relativt gammalt Nokia-fjernsyn som me ikkje får til å virke lenger. Eg klarar diverre ikkje å finne nøyaktig modellnamn, men det er eit 32", 100 Hz CRT-fjernsyn (widescreen) som vart kjøpt ein gong på slutten av 90-talet.

 

Problemet er at det ikkje kjem bilete på skjermen. Når ein slår på hovudbrytaren så lyser lampa som indikerer at apparatet får straum, og viss ein trykkjer på ein eller annan knapp på fjernkontrollen så blinkar det i den lampa på fjernsynet som indikerer at fjernkontrollen er i bruk, men noko meir skjer det ikkje. Me har prøvd fleire gongar å slå hovudstraumbrytaren av og på, samt å ta ut kontakten og la den stå ute over både kortare og lengre tid, men det har ikkje hjelpt så langt.

 

Er det nokon som har noko forslag til ein eller annan måte å feilsøkje dette på, eller er det berre å innsjå at den gamle slitaren har teke kvelden?

 

Forresten så har eg eit anna spørsmål som heng litt saman med denne feilen: Mor mi er svært bekymra for brann i fjernsynsapparatet, så kvar kveld slår ho av hovudbrytaren på fjernsynet og trekkjer ut stikkontakten. Er det nokon grunn til å tru at denne stadige syklusen med stikkontakt inn, stikkontakt ut kan ha vore med på å forårsake problemet? Det var etter at fjernsynet hadde stått med stikkontakten ute sist natt at det slutta å fungere. Vil det kunne føre til ekstra slitasje på apparatet når ein stadig koblar det til og frå på denne måten?

 

På førehand takk for alle svar! :)

 

Redigert: Viss det er til noko som helst slags hjelp så fann eg endeleg modellnamnet. Det er eit Nokia 82F7-T Multi 100 Hz fjernsyn, modell nummer MZ82F7.

Endret av Garegaupa
Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Nei, det er ikkje lyd heller, det gløymde eg å nemne. Det virkar rett og slett som apparatet berre står i "standby", og ikkje får slått seg på.

 

Det er kanskje samstundes verdt å nemne at det i det siste har skjedd nokre gonger at fjernsynet har "hengt seg opp" (bortfall av lyd, flimring og fargeforstyrrelsar i biletet). Den einaste måten å fikse dette på har vore å slå hovudstraumbrytaren av og på, og då har alt fungert som normalt att.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...