Gå til innhold

Den store AaFK tråden!


Anbefalte innlegg

Niande serierunde er overstått og Aafk har allereie karra med seg 20 poeng og scora 17 mål. I fjor tok vi 36 poeng og scora 34, etter 30 kampar. Såleis ligger vi veldig godt an, noko som sjølvsagt også er tydelig basert på tabellposisjonen. Aafk tok tilbake tabelltoppen denne serierunda og ligger heilt der oppe etter 9 av 30 kampar. Men der ligger også eit viktig poeng, det er 21 kampar igjen av årets Tippeliga og sjølv om at det ikkje finst nokon som helst slags tvil om at Aafk har hatt ein sensasjonelt bra seriestart, så vil det vere endå meir sensasjonelt om vi framleis er i topp 3 etter 20 kampar, og fullstendig utopisk at vi skal vere der etter 30. Laget får etter mi meining mykje velfortent skryt etter dei siste tids prestasjonar, men samstundes så ynskjer eg ikkje at alle rundt omkring skal ta oss fullstendig alvorlig. Jo fleire som trekker litt på skuldrane av at det er Aafk dei skal møte, jo større er sjansen for at vi med god organisering, mykje vilje og etterkvart eit betre og betre angrepsspel vil kunne overraske i endå fleire kampar.

 

Denne veka fekk ein fantastisk start, med tre vel fortente poeng mot Start, men allereie på torsdag får vi ei ny utfordring borte mot Molde.

- Vi møter en skadeskutt tiger I følge Rekdal, og det er klart at Molde på tross mange skader og til tider litt lite uttelling, kanskje berre ventar på at ting skal løsne skikkelig. Det er stor forskjell på laga som møtte kvarandre både på Molde stadion og i fjorårets cupfinale, men det er ein grunn til at Molde blei tippa mot toppen av årets serie og utover i sesongen så vil dei nok klatre jamnt og trutt på tabellen. Spørsmålet blir om vi kan utnytte at dei ligger litt nede no, og kjempe oss til eit eller tre poeng på Røkkeløkka, noko som rett og slett ville vere fantastisk deilig!

 

Veka blir avslutta søndag med heimkamp mot Odd. Dei har heller ikkje imponert til no i Tippeligaen, med tapet for VIF som sesongens nedtur til no. Om vi skulle finne på å ta tre poeng mot Molde, så bryr eg meg nesten ikkje om korleis det går mot Odd, men det ville sjølvsagt vere godt å få tre poeng heime. Trur denne kampen kan verte påverka av korleis kampen mot Molde blir, ettersom ein tung kamp i Molde tre dagar før møtet med Odd kan sitte godt i beina. Ein fordel vi har med dei tre kampane denne veka er jo sjølvsagt at vi nesten ikkje har noko reisetid til kampane, noko som gir bedre muligheiter for å komme utkvilte og restituerte til kvar kamp.

 

Aafk sitt kampprogram fram til VM:

06.05: Molde(b) - 0p/1p/3p - Nabooppgjer som vi har slitt mykje med tidligare, men det er kanskje vår beste sjanse til no til å ta tre poeng i Molde, mtp skadesituasjon og form. Vi har ein mykje betre sjans enn tidligare, men Molde har neppe så veldig lyst å tape mot Aafk, så det blir heilt sikkert ein tøff kamp.

 

09.05: Odd Grenland (h) - 3p(/1p) - Bør ta poeng heime mot eit Odd-lag som ikkje har overbevist til no denne sesongen. Spørsmålet blir kor mykje krefter Aafk brukar borte mot Molde, og om ein orkar å prestere på eit høgt nok nivå i tre kampar på ei veke.

 

16.05: VIF (b) - 0p(/1p) - Vår vanskeligaste bortekamp til no denne sesongen. Den nye matta på Ullevaall hjelper nok litt, ettersom vi absolutt ikkje takla den elendige matta i Haugesund. VIF har etterkvart begynt å vise mykje bra fotball, med ei veldig kreativ midtbane der Fellah, Singh og Hæstad har imponert.

 

24.05: Strømsgodset (h) - 3p(/1p) - Strømsgodset sine unggutar har gjort det veldig godt til no denne sesongen. Godset er likevel to forskjellige lag heime og borte, med 15 poeng heime og berre eit borte og Aafk bør kunne ta minst eit poeng heime i denne kampen.

 

06.06: Brann (b) - 0p(/1p) - Aafk har hatt eindel ok kampar mot Brann dei siste sesongane, ettersom vi var med på å utsette gullfeiringa og slo Brann 3-0 heime i fjorårssesongen. Brann starta serien fullstendig elendig, men har etterkvart fått spelet til å sitte betre, samt at dei ikkje lenger slepper inn 90% av alle sjansane til motstander. Baneforholda på Stadion har vore under ein kvar kritikk til no denne sesongen, men det er mulig vi får sjå ei betring på det når vi nærmar oss sommar og varmare tider.

 

Eg trur det absolutte maksimum vi kan få utav denne perioda er 11 poeng med siger over Molde, Odd og Strømsgodset, pluss poeng mot Brann og VIF. Dette er likevel veldig usannsynlig og eg trur heller at vi ender opp med 5-7 poeng. Det er uansett utruleg gøy å følge med på Aafk for tida, så får vi berre håpe at vi kan halde fram med å plukke poeng jamnt og trutt også i tida framover.

 

Stolt, oransj og blå

  • Liker 2
Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Sikker og sikker. Brann har betra seg etter ein forferdelig seriestart og det blir ein vanskelig kamp for Aafk uansett om Brann pr dags dato befinner seg eit stykke ned på tabellen. I tillegg vil Brann ha en klar fordel i forhold til bana, så lenge ikkje den betrar seg mykje i løpet av ein mnds tid. Aafk fungerer ikkje bra på dårlege grasbaner, så for vår del håpar eg verkeleg at graset på Stadion får gro litt til den tid.

 

Molde borte i kveld og eg merkar at eg har begynt å få litt nervar. I intervju med spelarar og Jonevret frå Molde så høyrest det omtrent ut som at vi skal spele mot eit 3.divisjonslag, men eg reknar med at Kjetil passar på at vi ikkje går ut og trur vi berre kan hente tre enkle poeng. Det er lenge sidan vi har vunne i Molde og dei er eit godt lag til tross for skader og ein lav tabellposisjon. Er litt redd for at dette kan vere kampen der det snur litt for Molde, men håper sjølvsagt at vi skal kunne ligge på toppen av TL endå ei runde. Ser iallefall ut som at laget får nok støtte der oppe, iogmed at det berre er på heimetrbuna det er billettar igjen til kampen.

Lenke til kommentar

Forbanna? Det er jo som Kjetil har sagt, vi skal spele mot ein såra tiger, eller eit eller anna villdyr. Eg trur ikkje det skal så veldig mykje til før det snur for Molde, og eg trur absolutt ikkje det vil bli nokon enkel kamp i dag. Klart at det vil vere skuffande å tape endå ein kamp der oppe, men med den sesongstarten vi har hatt i år, så er det nesten berre å kaste seg på vogna og vere takknemlige for turen.

  • Liker 1
Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...