Gå til innhold

Den store AaFK tråden!


Anbefalte innlegg

  • 2 uker senere...
Videoannonse
Annonse

Det har vore ein spennande sesong, sjølv om at resultatet i Tippeligaen godt kunne vore ein liten smule betre. Unødvendig å gjere det så spennande for oss. At det skulle ende med Cupgull var det vel likevel neppe så mange som kunne håpe på før sesongen og det var fantastisk å sjå innsatsen som vart vist spesielt etter at Carlsen vart utvist. Morsomt å sjå Molde-spelarane som datt som fluger i første ekstraomgang, mens Aafk-spelarane såg ut som at dei berre så vidt hadde starta. Deiligdeiligdeilig.

 

Gledar meg til neste sesong, og er veldig spent på å sjå korleis oppladninga til neste sesong blir, kva spelarar som går ut og inn osv. Kanskje det viktigaste vi har gjort i år er jo å få sikra oss Lindegaard. Fantastisk keeper, som godt kan ende opp med å ta steget ut til ein anna liga enn den norske etter kvart.

Lenke til kommentar
Er litt Ålesund tilhenger, halve familien kommer fra Ålesund :) Morfar spilte på a-laget på 60-tallet :D

Kanskje du kjenner han igjen i dette klippet:

 

 

Viste morfar dette klippet, han kjente igjen alle sammen, men han spilte ikke på Aalesund akkurat det året :p

Endret av KRISS-
Lenke til kommentar
  • 5 måneder senere...

Lite som har skjedd i denne tråden sidan november i fjor, men no er Tippeligaen igang igjen og Aafk ser i det minste ut til å ha truffe bra med oppldaninga framom sesongstarten. Fire sigrar på dei fem første kampane og 13 av 15 mulige poeng er veldig bra og spesielt når spelet til tider har vore mindre imponerande. Mot Viking hadde vi bedre perioder, med den siste halvtimen i første omgang som sesongen høgdepunkt til no. Då satt pasningsspelet og kombinasjonane, vi skapte mange farligheiter framom mål og fekk betalt med to scoringar av Aarøy, som også skaffa straffe og vårt tredje mål for kvelden ved Herrera.

 

Per i dag har vi i tillegg til å ligge på toppen av tabellen også den beste målforskjellen og nest flest scora mål etter Start. I tillegg har vi starta forholdsvis godt defansivt denne sesongen, med eit temmeleg solid forsvar og ein av Tippeligaen sine aller beste keeperar bakerst i Anders Lindegaard. At han bør nemnast blant dei aller beste kjøpa Aafk nokonsinne har gjort er eg absolutt ikkje i tvil om.

 

I kveld møter Aafk det tredje og siste opprykkslaget på bortebane. At vi får unna alle desse bortekampane tidleg ser til no ut til å ha vore veldig greit, ettersom vi har plukka tre poeng både på AKA Stadion og på Hjemselund. Kveldens kamp blir den første på gras for sesongen og med tanke på at grasbanene i Noreg hittil i år ser ganske tragiske ut (med visse hederlige unntak), så blir nok dette ein kamp der vi heller bør droppe eindel småspel langs bakken for å unngå unødvendige balltap. Tor Hogne Aarøy har spelt svært godt til no denne sesongen, er toppscorar i ligaen og på andreplass på VG-børsen. Haugesund er nok heilt sikkert klar over trusselen han utgjer, men det er uansett ikkje enkelt å vurdere om ein skal sette fleire mann på Aarøy og deretter få mindretal ein annan stad, eller om ein satsar på at det er nok med ein mann for litt betre balanse. Demar Phillips er tilgjengelig igjen til denne kampen og med tanke på Herrera sin flotte innsats mot Viking, så kan det jo tenkast at Rekdal vil satse på dei to hurtige spelarane på kvar sin ving.

 

Aafk har hatt ein heilt utruleg start på denne sesongen og medan Molde, Brann, Viking, Stabæk og fleire andre som er tippa mot toppen av Tippeligatabellen har slitt med å komme skikkelig igang, så har Aafk plukka godt med poeng og for første gong slått Viking i ein eliteseriekamp. Det er likevel gode grunnar til at vi skal vente litt med å ta heilt av på grunn av innsatsen til no. Etter kampen mot Haugesund i kveld har vi møtt alle dei tre opprykkslaga alt etter seks kampar. Desse tre kampane burde vi nok kunne få mellom 5 og 7 poeng utav uansett, sjølv om at alle kampane har vore på bortebane. Skal ein etablere seg som eit stabilt Tippeligalag, så må ein helst ta poeng frå dei nyopprykka laga. Med poeng i kveld så har vi tatt minimum 7 poeng frå dei på bortebane og det vil i såfall vere meir enn godkjent, men sidan vi er ferdige med nykomlingane borte allereie, så vil det seie at vi framover berre har kampar mot etablerte Tippeligalag. Alt på mandag kjem Rosenborg på vitjing til Color Line Stadion og sjølv om at det mest truleg blir ein folkefest uansett, så er det heilt sikkert at vi i den kampen får den største testen til no denne sesongen. I tillegg så møter Aafk Start heime, Molde borte og Odd heime i løpet av sju dagar i starten av mai. Vidare har vi VIF, Strømsgodset og Brann, før Tippeligaen tek ein mnd pause på grunn av VM. Her kan det fort komme kampar som blir mykje vanskeligare enn dei vi har hatt til no, og det er nok ganske utopisk å tenke seg at vi skal kunne halde fram med ein poengfangst som liknar det vi har hatt i sesongen sine første fem kampar.

 

No er ikkje meininga å sjå veldig negativt på muligheitene til Aafk heller, laget har heilt klart vokst etter Cuptriumfen i fjor og sjølv om at vi ikkje hadde nokon voldsom tilvekst til stallen i løpet av vinteren så verkar laget meir samkjørt og muligens noko taktisk betre enn det har vore tidligare. For min del er eg voldsomt nøgd med det Aafk har vist til no denne sesongen, men er såpass realistisk at det eg ser på som vårt klaraste og viktigaste mål for sesongen er å sikre spel i Tippeligaen også neste år, helst så tidleg så muleg, så får vi heller sjå korleis vi ligger an når serien nærmar seg slutten utpå hausten.

Lenke til kommentar

*mine innlegg igjen*

 

Syk start på sesongen for AaFK. Som du sier, så blir dette første kampen på naturgress. Kan være en klar ulempe, men tror faktisk at Rekdal og co. greier tre poeng i kveld også. Greit at første kamp på naturgress er mot et nyopprykket lag, ja.

Lenke til kommentar

Det hadde vore noko anna å møte RBK på Lerkendal i første kampen ja. Samtidig så må vi absolutt ikkje undervurdere Haugesund etter vår gode start. Det blir nok mykje meir kriging i denne kampen enn det har vore til no i Aafk sine kampar, men vi har ein god del dyktige duellspelarar, så satsar på at det skal gå bra.

 

Kampedit:

Merkelig formasjon vi skulle stille med i kveld. Arneng og Roberts på topp, med Aarøy som bindeledd mellom midtbane og angrep. Blir spanande å sjå korleis dette går.

 

Lindegaard

Jalasto - Tollås - Arnefjord - Parr

Skiri

Carlsen - Larsen

Aarøy

Arneng - Roberts

Endret av archanios
Lenke til kommentar

To kampar sidan sist post her og vi ligger framleis fint plassert på ein andreplass. Skuffande kamp borte mot Haugesund der lite fungerte sist helg, men vi fekk sjå eit mykje meir positivt lag i går, når Aafk tok poeng frå Rosenborg i Ålesund. Godt å sjå at viljen var tilbake og at presisjonen iallefall er på bedringens vei. Må slutte med sånt tull som Phillips driver med når han kastar ballen rett til Iversen, men ellers var det mykje bra å ta tak i. Som vanlig får laget det litt vanskelig i andreomgangen, men det er bra at dei klarar å løfte spelet etter at RBK får mål, sånn at vi slepper å spele heile andreomgang inne i eigen 16-meter. Siste 15-20 minutta får vi fleire bra muligheiter i tillegg og vi tek eit fortent poeng heime.

 

Søndag er det ein potensielt vanskeleg bortekamp mot Sandefjor, medan vi startar mai med ei ganske tøff veke der vi skal møte Start(heime), Molde(borte) og Odd(heime) i løpet av berre sju dagar. Viktig at vi fortsetter å plukke poeng også i dei neste kampane og då spesielt heime. Det er gode mogelegheiter for poeng i alle desse kampane, men det blir ikkje lett.

Lenke til kommentar

Vi kan alltids håpe. Eg ser framleis for meg at etter 30 kampar så ligger vi mellom 8-10. plass på tabellen. Trur dessverre at den stallen vi har pr i dag ikkje er sterk nok til å holde det same nivået gjennom heile sesongen. Eit par nye fjes inn i sommar hadde neppe gjort noko. Men vi har starta fantastisk og poenget mot RBK viser at vi kan ta poeng frå absolutt alle om vi har dagen. Det blir jo også kjekt med Europaligakvalifisering til sommaren. ;)

Lenke til kommentar

Vi kan alltids håpe. Eg ser framleis for meg at etter 30 kampar så ligger vi mellom 8-10. plass på tabellen.

Jeg tror og håper på en 5. plass. Dog må jeg innrømme at det er ganske optimistisk. :) AaFK har overrasket meg før.
Lenke til kommentar

Optimisme er bra det, men vi er fortsatt eit ungt lag i toppfotballsammenheng og som Rekdal seier, så er vi enda ikkje eit fullstenidg etablert Tippeligalag endå. Dette er kanskje sesongen som skal endre på det. (Håper vi) Spent på om vi kan ta poeng borte mot Sandefjord i helga. Viktig å komme igang med poengfangsten på gras igjen.

Lenke til kommentar

Potensielt vanskelig bortekamp i dag. Spent på om vi kan få årets første trepoenger på gras og eg vil verte skuffa om vi ikkje klarar å få med oss minimum eit poeng. Dessverre har Arneng kasta inn handkleet i forhold til å starte dagens kamp grunna sjukdom og han er erstatta av Orry.

 

AaFK (4-3-3): Anders Lindegaard - Enar Jääger, Daniel Arnefjord, Ville Jalasto, Jonatan Parr - Fredrik Carlsen, Peter Orry Larsen, Amund Skiri - Tor Hogne Aarøy, Magnus Sylling Olsen, Diego Silva.

 

Sandefjord (4-4-2): Espen Bugge Pettersen - Victor Demba Bindia, Espen Nystuen, Rune Hansen, Samuel Isaksen -Ebrima Sohna, Ørjan Røyrane, Admin Rasic, Panajotis Dimitriadis – Rune Ertsås, Malick Mane.

 

Hadde et håp om at Mathiesen skulle få sjansen frå start, ettersom han viste positive takter mot RBK, men vi får vel kanskje sjå han i løpet av kampen.

 

Benken: Gryteklut, Roberts, Fløtre, Økland, Ulvestad, Mathisen, Arneng

Unge spelarar på benken kan jo verte spanande om vi må gjere noko særleg med bytter.

Endret av archanios
Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...