Gå til innhold

Litt OT, ny mikrofon


Anbefalte innlegg

Hei, eg er sikker på at nokon her kan peika meg i rett retning sjølv om det ikkje strengt tatt er eit datamaskin-spørsmål:

 

Eg har ein kvintett med jenter som syng a cappella (altså utan tonefølgje). Me har mikrofonar (billege AKG-C444 som funkar bra for dei 4 andre), miksepult, klangmodul og aktive høgttalarar. Me tar opptak frå miksepult til minidisk eller PC av og til. Eg syng som regel melodistemma, og AKG-C444 vrengjer lyden om eg ikkje er særs varsam over ca. E (ca 659 Hz). Eg kunne sjølvsagt ha skrudd endå meir ned på 'Gain', eller pådrag som me kalla det i reguleringsteknikken, men eg må ha litt lyd på dei lågare tonane og då det er eg som syng melodien. Ein E er ikkje ein særs høg tone for ein sopran, og t.d. 4-stemt Bruremarsj av J.M.Førde går til høg C (ca 1047 Hz om eg hugsar logarimiske rekkjer sånn nokonlunde).

 

Eg har kjøpt eit dempeledd (-20 dB), og sjølv om dette innebar ei stor betring, har eg innsett at eg må ha ny mikrofon.

 

Eg trur nok ein handheld mikrofon vil vera betre for meg, då kan eg ha den nærare på dei lågare partia og lengre frå på dei høge notane. Men, eg veit ikkje kor eg skal starta å leita. Det er så mange mikrofonar der ute, og for ei som er van med å syngja utan mikrofon vert det heile litt skremmande.

 

Så spørsmåla mine er:

1) Veit de om ein god mikrofon som kan takla ei normal norsk damestemme med litt volum?

2) Viss ikkje, kor skal eg venda meg for å få råd?

 

Beste helsing,

Randi A.

http://rak.no/

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

SM-58 annbefaler ikke jeg hvis du vil ha skikkelig gode opptak. Da bør du kjøpe en skikkelig stormembran-mikrofon...

 

Anbefaler deg å se på noen Røde microfoner. NT-1 og NT-2 er ganske gode greier. Prisen på disse ligger hhv. rundt 3000kr og 6000kr.

 

Men siden det nå finnes en musikk-kjede med navn Kick Musikk, bør du iallefall kjøpe deg en Kick Stormembran mic. Det er egentlig en Hansen EG 5014HB (stormembran kondensator) og den låter knall-bra! Og prisen? Kr 998,- !

GARANTERT den beste mikrofonen i prisklassen. Info om den finner du her

 

Bare husk at mixepulten din (eller mic.amp'en) din må ha +48 V phantom spenning...

 

:smile:

Lenke til kommentar

Shure mikrofoner får du stort sett overalt, vil du ha en onlinebutikk kan sound1.no være et godt alternativ. Jeg har hørt skryt av den Kick mikrofonen moskus snakker om, har du den selv moskus? Om den er så bra som alle sier, får jeg nesten vurdere å kjøpe en som vokalmikrofon.. Røde lager gode mikrofoner, ingen tvil om det, men jeg valgte å foreslå en dynamisk mikrofon pga. enkelheten (ikke noe behov for +48V phantom power).

 

SM-58; Du har et poeng moskus, det er ikke mikrofonen for detalj-jobbene, men hvis du vil ha en grei, nøytral dynamisk vokalmikrofon til en forholdsvis billig penge, mener jeg at den er et ypperlig valg.

Lenke til kommentar

Hei. Miksepulten vår kan ikkje ta phantom-power. Eg treng berre eit alternativ til den superbillege AKG-C444. Den fungerar bra frå 2.sopran og ned til 2.alt, men ikkje for ein vanleg norsk 1.sopran.

 

Det ville ikkje vera heilt rettvist om eg skulle ha ein mikrofon til 6000.- og dei andre måtte slita med AKG'ane til tusenlappen (sikkert mindre i dag).

 

Opptak er ikkje 1.prioritet, opptreden er absolutt det viktigaste. Eg må berre ha ein mikrofon som ikkje vrengjer seg ved 1000Hz med normal sopranstemme. Det kan vel ikkje vera veldig vanskeleg?

 

Eg kan sikkert betala eit par tusen. Veit ikkje kva som er gale med miksepulten vår, men det står 'ikkje phantom power' på masse klistrelappar over alt.

 

Randi A.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...