Gå til innhold

Harmageddon -Israel mot nasjonane


Anbefalte innlegg

Harmageddon er nasjonen Israel sin kamp mot verdssamfunnet på slutten.

kampen gjeld retten tilGuds Land og byen Jerusalem.

Bibelen beskriv mange stader kva som vil skje med nasjonen Israel og dei andre nasjonane,

 

Jesus seier:

 

”Når de då ser at «den øydande styggedomen», som profeten Daniel har tala om, står på den heilage staden – skjøn det, den som les! – 16 då må dei som er i Judea, røma til fjells; 17 den som er på taket, må ikkje gå ned og henta noko i huset; 18 og den som er ute på marka, må ikkje gå heim etter kappa si. 19 Stakkars dei som ventar barn og dei som gjev bryst i dei dagane! 20 Men bed at de må sleppa å røma om vinteren eller på ein sabbat! 21 For då skal det verta så store trengsler som det aldri har vore frå verda vart skapt og til no, og som det heller aldri meir skal verta. 22 Og vart ikkje den tida avkorta, kom ikkje noko menneske til å verta frelst. Men for dei utvalde skuld skal den tida gjerast kortare.” Matteus 24 ,15

 

Dersom ein les teksten rett fram ser ein at dette gjeld Jerusalem og jødane.

 

Lukas 21 seier nesten det same:

 

” Når de ser Jerusalem kringsett av hærar, då skal de vita at byen snart blir øydelagd. 21 Då må dei som er i Judea, rømma til fjells, dei som er i byen, må koma seg ut, og dei som er ute på landet, må ikkje gå inn i byen. 22 For dette er straffedomens tid, då alt som står skrive, skal gå i oppfylling. 23 Ve dei som ventar barn og dei som gjev bryst i dei dagane! For det skal bli stor naud i landet, og vreide skal ramma dette folket. 24 Dei skal falla for sverd og førast bort som fangar til alle folkeslag. Og andre folk skal trakka Jerusalem under fot heilt til tida for heidningane er ute.”

 

Teksten beskriv at Jerusalem i det bokstavlege Israel vert kringsett av militære hærstyrkar og folk som bur i området (Judea) vert bedd om å flykta.

 

”Men bed at de må sleppa å røma om vinteren eller på ein sabbat! ”

 

Denne setninga viser at det gjeld jødane spesielt. Dei held sabbaten.

 

Den verste trengselstida som har vore til no skal då ramma jødane.

 

Daniels bok seier:

 

”Det skal koma ei trengselstid

som det ikkje har vore maken til

heilt sidan folkeslag vart til.

Men på den tid skal folket ditt verta frelst,

alle som er oppskrivne i boka.

2 Og mange av dei som søv i molda,

skal vakna opp,

somme til evig liv,

andre til skam og evig avsky.” Daniel 12,1

 

Mange vil prøva å knytta denne teksten om ”den øydande styggedomen” til det som skjedde i år 70 då Jerusalem vart innteken av Titus og tempelet vart øydelagt.

 

Ein kan godt seia at deler av profetien då fekk ei oppfylling , men det er mange ting som ikkje skjedde då.

 

Teksten i Daniels bok der uttrykket ”den øydande styggedommen ” er brukt er desse:

 

”Frå den tid då det daglege offeret vert bortteke og den øydande styggedomen oppsett, skal det gå 1 290 dagar. … Så gå du til møtes med endetida! Du skal kvila og stå opp og få din lut når dagane tek ende.» Daniel 12,11

 

Hærstyrkar som han sender ut, vanhelgar heilagdomen, den faste borga, tek bort det daglege offeret og set opp den øydande styggedomen. 32 Dei som syndar mot pakta, lokkar han til fråfall med sleipe ord. Men det folket som kjenner sin Gud, står fast og viser det i gjerning. ” Daniel 11,31

 

”Byen og heilagdomen skal øydeleggjast

av hæren åt ein fyrste som kjem.

Han skal enda sine dagar i ein flaum.

Den fastsette øydelegging

skal vara til krigen er slutt.

27 Éi veke gjer han pakta tung for mange,

midt i veka gjer han ende

på slaktoffer og grødeoffer.” Daniel 9,26

 

”Jamvel mot hovdingen over hæren briska det seg. Det tok frå han det daglege offeret, og staden der heilagdomen hans står, vart vanæra. 12 Det reiste seg mot Gud og skipa til ei gudsdyrking i strid med det daglege offeret. Hornet kasta sanninga til jorda, og det hadde lukka med seg i alt det tok seg føre.” Daniel 8,11

 

Teksten viser at desse tekstane handlar om endetida og det som skal skje på slutten.

 

”Og vart ikkje den tida avkorta, kom ikkje noko menneske til å verta frelst. Men for dei utvalde skuld skal den tida gjerast kortare.” Matteus 24,22

 

”dei utvalgde” peikar fyrst og fremst på ”Guds utvalgde Folk”-jødane.

 

Trengselstida som Daniels bok nemner er knytta til det som skjer i Jerusalem og i tempelet.

 

”Det daglege offer” er berre ein ting i Skrifta. Det er den handlinga som gjekk føre seg i tempelet kvar dag - offertenesta.

 

”det daglege offeret, og staden der heilagdomen hans står, vart vanæra.” Daniel 8,11

 

Mange har ikkje forstått desse orda,fordi jødane idag ikkje har noko tempel eller offerteneste.

 

For at tekstane i Daniel skal kunna oppfyllast må templetenesta til jødane igjen koma på plass.Det vil skje .

 

Tempelet til jødane vil verta gjenreist no på slutten før Jesu gjenkomst.

 

Jødane vil igjen starta med daglege ofringar slik dei gjorde i tidlegare tider.

 

http://www.templemountfaithful.org/

 

Kva vil skje på slutten i Jerusalem?

 

Jau,nøyaktig det teksten seier.

 

Antikrist vil med sine hærstyrkar innta det bokstavlege Jerusalem på slutten og vil fjerna dei daglege ofringane og setja seg sjølv i tempelet og gje seg ut for å vera Gud.

 

”For først må fråfallet koma og den lovlause syna seg, han som endar i fortaping. 4 Det er motstandaren, han som opphøgjer seg over alt det som gud og heilagdom heiter, så han til og med set seg i Guds tempel og gjer seg sjølv til gud.” 2 Tess 2

 

Daniel 11,31 seier det veldig tydeleg.

 

”Hærstyrkar som han sender ut, vanhelgar heilagdomen, den faste borga, tek bort det daglege offeret og set opp den øydande styggedomen”.

 

Antiokus Epifanes var eit svakt forbilete på det som skal skje på slutten.

 

Han fjerna jødane si tempeltenesta og ” Det reiste seg mot Gud og skipa til ei gudsdyrking i strid med det daglege offeret.” Daniel 8

 

Sakarja 14 seier veldig tydeleg kva som vil utspela seg i Jerusalem no før Jesu gjenkome.

 

”Eg vil samla alle folkeslaga til strid mot Jerusalem. Byen skal verta teken, husa plyndra og kvinnene tekne med vald. Halve byen skal førast bort i fangenskap, men resten av folket skal ikkje rydjast ut or byen.

3 Herren sjølv skal fara ut og strida mot desse folka som på stridens dag, den dagen han gjekk til kamp. 4 Den dagen skal han stå med føtene på Oljeberget, som ligg rett aust for Jerusalem. Og Oljeberget skal dela seg i to frå aust til vest, så det vert ein brei dal.”

 

Heidningane eller folkeslaga skal igjen samla seg mot Israel og innta Jerusalem og knebla jødane.”Stakkars dei som ventar born eller dier”,seier Jesus. Det vert ei grusom tid.

 

Men når det er som verst vil Herren sjølv gripa inn.”Vart ikkje den trengslestida forkorta vart ikkje noko kjøt frelst,men for dei utvalgde si skuld skal den forkortast”.

 

”Den dagen skal han stå med føtene på Oljeberget”

 

Oljeberget ligg på same plassen som alltid.Når Jesus stig ned der Han reiste frå vil det dela seg i to.

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Dette er den tredje tråden du "spammer" her inne som ikke på noen måte søker en debatt, kun et ønske om å bedrive kristen propaganda.

 

Så enten må du omdefinere det du skriver eller så må du ha et ønske om en debatt på "veggen av tekst" du skriver, noe ihvertfall ikke jeg klarer å se at du har....

 

Så enten kan tråden stenges eller så lager du noe som faktisk har noe å føre en debatt over.... Dette er faktisk et diskusjons forum, ikke et propaganda organ for kristen med ønske om misjonering :)

Endret av RWS
Lenke til kommentar
Bibelens budskap er ikke relevant for dagens politiske situasjon i midtøsten eller noe annet sted i verden.

Den er, når jeg tenker etter, ikke relevant for noe som helst, så hvorfor bruke den i det hele tatt?

 

Ja rapporter den, det er fint. Bare tull hele greia jo! :)

Lenke til kommentar
Gjest
Dette emnet er stengt for flere svar.
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...