Gå til innhold
Trenger du råd om juss? Still spørsmål anonymt her ×

[Løst]sjuk under eksamen, feil tilbakemeldingar frå skulen


Tosha0007

Anbefalte innlegg

Hei

 

Grunna akutt sjukdom var eg borte frå eksamen i matematikk R1 den 22.05.2009. Alt har til no gått fint, då eg fekk levert ein erklæring frå lækjar same dag som eksamen var. Eg gjorde alt etter boka, og fekk føresette til å ringja til skulen å informera om at eg ikkje kunne stilla grunna sjukdom. I telefonen fekk far min veta at eg då måtte ta eksamen i matematikk R1 opp att til hausten, truleg i november. Altså, eg skulle ta same eksamen opp att, noko som for meg var gjekk heilt fint sidan det var matematikk R1 eg vona å kome opp i.

 

Saken er den at no plutseleg har skulen funne at eg ikkje skal opp i matematikk R1 likevell, men at eg skal trekkjast opp i eit nytt fag etter det som står i opplæringslova. Eg har ikkje funne nemnde paragraf, men har heller ikkje leita altfor lenge så det kan vera den eksisterer.

 

Då skulen, etter mitt syn, har laga ein munnleg avtale om at eg skal opp i matematikk R1 til hausten, blir det etter mitt syn feil å gå vekk frå denne avtalen når det nærmar seg munnleg eksamen. Kva er jussen i ei slik sak som dette? Har eg nokre rettar, då skule kjem med kontrabeskjeden lovleg seint når det om under ei veke skal trekkjast i munnleg eksamen? Er denne "avtalen" eg har med skulen gjeldane, eller må eg ta til takke med eit nytt fag? Personleg er eg veldig usikker, men far min snakka med eksamensansvarleg ved skulen via telefon. Etter mitt syn burde eksamensansvarleg har nok innsikt i korleis systemet fungerar, til ikkje å love noko som no viser seg å vera feil.

 

Er fullt berett på at eg ikkje har noko eg skulle ha sagt, men skulen kan då vitterleg ikkje etter mitt syn kome med slik feilinformasjon ustraffa.

 

edit: Her er paragrafen frå forskrifta til opplæringslova. Det ser ut som eg ikkje har noko val lenger, men kan skulen likevel gi så feil informasjon "å sleppe unna" med det.

 

§ 4-22. Utsett eksamen

 

Ein elev eller privatist som har dokumentert gyldig forfall ved ordinær eksamen, og ein elev som har gyldig forfall ved særskild eksamen eller ny eksamen, har rett til å framstille seg til første etterfølgjande eksamen. Eleven beheld da standpunktvurderinga i faget. Dersom eleven ikkje går opp til første etterfølgjande eksamen, må han eller ho ta faget som privatist, og eventuell standpunktvurdering i faget fell bort.

 

Forfall til eksamen blir rekna som gyldig når eleven eller privatisten er hindra frå å stille til eksamen, når hindringa er uføreseieleg og han eller ho elles ikkje kan lastast for hindringa. Dersom ein elev har rett til utsett eksamen i trekkfag, skal trekkinga av fag gjerast på ny.

Endret av tosha0007
Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Opplæringsforskriften § 4-22:

 

§ 4-22. Utsett eksamen

 

Ein elev eller privatist som har dokumentert gyldig forfall ved ordinær eksamen, og ein elev som har gyldig forfall ved særskild eksamen eller ny eksamen, har rett til å framstille seg til første etterfølgjande eksamen. Eleven beheld da standpunktvurderinga i faget. Dersom eleven ikkje går opp til første etterfølgjande eksamen, må han eller ho ta faget som privatist, og eventuell standpunktvurdering i faget fell bort.

 

Forfall til eksamen blir rekna som gyldig når eleven eller privatisten er hindra frå å stille til eksamen, når hindringa er uføreseieleg og han eller ho elles ikkje kan lastast for hindringa. Dersom ein elev har rett til utsett eksamen i trekkfag, skal trekkinga av fag gjerast på ny.

 

Du har krav på å få vite hvilket fag du skal opp i 48 timer før eksamen.

 

Jeg er ikke helt sikker på hva du spør om her. Du var fraværende fra en eksamen 22.05.09, var denne skriftlig? Og det du lurer på er om fylkeskommunen kan trekke deg ut til muntlig eksamen?

Lenke til kommentar

Ja, denne var skriftleg. Er vanskeleg å formulere det, men eg prøver på nytt.

 

Før eksamen starta ringde far min for å vera på den sikre sida, slik at skulen visste eg ikkje kom då det kunne vera kø hjå lækjar. Over telefon fekk han opplyst at eg måtte ta den same eksamenen om att, høgst truleg i november. Vedkomande som gav denne beskjeden har ansvaret for eksamen ved skulen, og burde kunne gi rett informasjon. Sidan informasjonen eg fekk frå vedkomande var feil, har eg då noko klagemulighet over å bli trekt opp i ny eksamen?

 

No har eg vore innstilt på at eg skal ha eksamen i november, og eigentleg hamna litt i feriemodus sterkt umotivert for å ta ein eksamen eg vart indirekte "lova" å sleppa, då me berre skal opp i ein eksamen i år.

Endret av tosha0007
Lenke til kommentar

Vel, du skal jo bare opp i en eksamen allikevel...

 

Du har ingen klagemulighet her. Opplæringsforskriften fastsetter i § 5-1 hva som kan påklages, og beslutning om eksamensoppmelding er ikke listet opp.

 

Kan ikke se at det uansett hadde gått inn under reglene om enkeltvedtak i forvaltningsloven heller, i og med at oppmelding til eksamen er en prosessuell beslutning.

Lenke til kommentar

Ok, takk for rask tilbakemelding. Hadde eigentleg ikkje trudd eg hadde noko sjanse, men ein må jo kunne prøva seg når skulen (u)bevisst har feilinformert meg som elev.

 

Lite tilleggsspørsmål: Vil eit vg2 fag eg har tatt som privatist kunne telle som den "eine" eksamenen eg skal ha?

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...