Tosha0007 Skrevet 7. juni 2009 Del Skrevet 7. juni 2009 I desse dagar skal karakterane setjast, og eg står grunna ein dårleg tentamen i fare for å gå ned frå ein karakter, til ein lågare karakter. Læraren har berre ein teljande vurdering av den skriftlege delen av faget, då me skal ha to karakterar i internasjonal engelsk. Ein i munnleg og ein i skriftleg. Sjølve meiner eg me har for lite til at me kan få ein rettferdig karakter i skriftleg, då me berre har ein prøve/innlevering som skal vera grunnlaget for ein karakter. Dette er i mitt syn altfor lite, men eg er litt usikker på korleis eg kan gå vidare her. Har eg som elev krav på eit visst tal på vurderingar i løpet av ein termin for at det skal kunne setjast karakter? Samstundes har me i munnleg fleire aktivitetar; kjem på to større presentasjonar i farta, diskuterer i plenum i kvar time osb. Eit lite tilleggsspørsmål: Har eg som elev krav på ei munnleg/skriftleg åtvaring dersom eg står i fare for å gå ned frå første termin til standpunktkarakter? Veit ein skal ha i orden, og dersom ein står i fare for å ikkje få karakter, men kva reglar gjeld dersom ein står i fare for for eksempel å gå frå ein 4ar til ein 3ar. Dette har vore særs uklart frå skulen si side, og eg vonar nokon kunne stadfesta det eine eller det andre. Lenke til kommentar
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå