Gå til innhold

Kva er det å finne på?


Anbefalte innlegg

Hei!

Visste ikkje kor i alle dager eg skulle poste denne, så eg prøver her i sosialt.

Mitt spørsmål er berre - kva i alle dager er det å finne på? Eg nytter så mykje tid på å kjede meg utan at eg vil!

Driv med masse på PC (eller Mac då), litt foto, gitar og anna musikk, jogger, sykler, og heng med vener. Men likevel føler eg meg så tom, ingenting gjer meg glad! Eg treng noko nytt å gjere, eventuelt hjelp av psykiater.

 

I ein alder av 17 (eller 18 om få dager) så kan eg snart gå på byen å drikke er eg klar over, men ikkje berre foreslå slikt. Eg vil gjere noko nytt - spennande! Tips?!

Kva i helvete er det å finne på?

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Siste der var interessant. Har eit par kompisar som driv med dette. Skal sjekke det ut.

 

Du kan jo begynne med å bli kvitt den nynorsken din :)

Kvifor? Eg har óg alltid vært motstander av nynorsk, heilt til eg ein dag bestemte meg for å gi det ein sjanse. Nytte det eit par månedar på forumet. No trives eg godt med det, og nyttar heller dét, framfor bokmål. Ein må hugse at nynorsk i mykje større grad er "ekte norsk" enn kva bokmålen er. Bokmål er som kjent mykje meir plagiat av dansk.

 

 

Boksing trur eg imidlertid ikkje er noko for meg. Dreiv med judo når eg var mindre, men det var ikkje heilt meg.

Takker for alle svar :) Nokon andre tips?

 

Redigert: Spiller allereie eit par instrumenter. No spiller eg gitar, driv forsåvidt litt med piano, og held generelt på ein del med musikkproduksjon. Har faktisk spelt tuba tidligare, óg.

Endret av steffenz
Lenke til kommentar
  • 2 uker senere...
Hei!

Visste ikkje kor i alle dager eg skulle poste denne, så eg prøver her i sosialt.

Mitt spørsmål er berre - kva i alle dager er det å finne på? Eg nytter så mykje tid på å kjede meg utan at eg vil!

Driv med masse på PC (eller Mac då), litt foto, gitar og anna musikk, jogger, sykler, og heng med vener. Men likevel føler eg meg så tom, ingenting gjer meg glad! Eg treng noko nytt å gjere, eventuelt hjelp av psykiater.

 

I ein alder av 17 (eller 18 om få dager) så kan eg snart gå på byen å drikke er eg klar over, men ikkje berre foreslå slikt. Eg vil gjere noko nytt - spennande! Tips?!

Kva i helvete er det å finne på?

 

Har det heeelt likt! Er helt "tom". Med en gang jeg ikke har noe å gjøre bare depper jeg og sitter ved pc'en. Uansett hva jeg gjør, tenker jeg ALT for mye! Tenker for mye på alt jeg ikke bør tenke for mye på liksom, så jeg trenger også veldig hjelp med å ha det "moro". Har vært hos psykolog og det hjalp litt, men slutter liksom ikke å tenke.

 

En ting som kan hjelpe litt hvis jeg har det veeeldig kjedelig er å dirke! Øve på å få opp låser, nye låser og sånt. Har fått bruk for det flere ganger! : p

 

En gang jeg ikke fant nøkkelen til sykkellåsen, en gang låsen på badet gikk i vranglås, så jeg måtte åpne den med en saks : p

Endret av robbern9292
Lenke til kommentar

@Trådstartar

Trenar du? Om ikkje, så kan eg verkeleg råde deg til å starte med ein eller annan form for trening! Sykling er gaman og moro. Du får sett stader og vore mykje ute og få deg frisk luft. Trening øyker overskotet i kvardagen, du brukar tid på det, du får mindre stillesitjing, du vert sundare, du blir sterkare i hjartet, du får eit lengre liv og så vidare.

Eg for min del hata det då eg byrja å sykle, for det var eit så stort slit. Men det er godt når ein er ferdig med ei økt, og kan setje seg ned og kvile. Eg har fått eit mykje betre liv etter eg byrja med meir fysisk aktivitet.

Og forresten; god innstilling til nynorsk, det er bra! :thumbup:

Lenke til kommentar

Godt med nokon som skriv på rett målform i tråden!

Takk for innspel, men eg driv mykje med trening. I hovudsak jogging og sykling (både utandørs og spinning). Det er grett, men eg går ofte lei. Resultatene er ikkje verdas beste (sjølv om eg brenn omlag i underkant av 1000 kcal kvar gong). Det tek motivasjonen frå meg.

Dessuten kjenner eg relativt få som er interessert i å trene, så det blir storset åleine. Dei samme vegene, samme musikken, samme kvardagen.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...