Gå til innhold

Olympus E-520 + stjernekikkert - kva treng eg?


Anbefalte innlegg

Hei :)

 

Eg har akkurat fått meg Olympus E-520, og er nøgd så langt. Har hatt planar om å kjøpe stjernekikkert ei stund, og vil gjerne kunne montere kameraet på den, for å ta bilete av det som er der ute. Eg har ikkje klart å finne ut kva som er nødvendig av adapter o.l., så eg set pris på litt hjelp.

 

Eg har sett på Sky-Watcher Skyhawk 1145PM. Ut frå det eg har lest meg til ser denne ut som den er grei å starte med, med følgjemotor, som gjer foto med lange lukkartider litt enklare. Prisen er heller ikkje verst. Er det ein OK kikkert til mitt bruk, eller er det andre kikkertar eg kan sjå på?

 

T-Mount Adapter for Olympus EVOLT E-520

 

Har eg bruk for ein slik? Treng eg fleire adapter enn denne for å koble kameraet til stjernekikkerten?

 

Eg må spare litt først, men det er greit å vite kva eg skal spare til. Takkar for all hjelp. :)

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

På noen telskoper kan du skru T-adapteren rett på men ofte trenger du et fotoadapter i tillegg.

 

Det er mange ting å vurdere, dette er snakk om et billig teleskop så kvaliteten er neppe den beste men du kan sikkert å gode resultater med trening. Astrofotografering er teknisk krevende så tålmodighet og erfaring er viktig.

 

En ting å huske på er at teleskop er ikke alltid det beste valget. En del av motivene er ganske store i utstrekning på himmelen og man kan få fine bilder av galakser og stjernetåker med et teleobjektiv som også kan brukes til andre ting. Det viktigste er et godt stativ med følgemotor sånn at du kan ta lange eksponeringer uten problemer.

Lenke til kommentar

Orion EQ-1 Equatorial Mount ser ut til å være et komplett stativ med hode, det er noe sånt du trenger. Du vil antakelig også trenge en adapter for 1/4" gjenger sånn at du kan montere kameraet direkte på stativet. Når du velger objektiv så må du ha i tankene at hvis objektivet er tungt så er det ikke lurt å la kameraet holde all vekten, da burde du ha et objektiv med stativfeste sånn at objektivet holder all vekten.

Lenke til kommentar

Nei, men med Sigma 300-800mm f5.6 får eg 1600mm f/5.6. Eg må bare spare litt. :p

 

Rundt på nettet får Sky-Watcher Explorer 130PM (1300mm f/5) mykje skryt, og er mykje teleskop for pengane. Det er visstnok òg verdt det ekstra det kostar samanlikna med 1145PM.

 

Fordelen med å bruke kameraet som teleskop, med teleobjektiv, er at eg får eit objektiv eg kan bruke til andre ting. Ulempa er at eg ikkje oppnår same brennvidde (då vert det i så fall langt dyrare, med t.d. Sigma 135-400 + telekonverter).

 

Eg har kome fram til at eg får sjå kor mykje pengar eg har til dette etter sommaren, og vurdere ut frå det. Men takk for tips og hjelp, no har eg fleire alternativ å velje mellom. :)

Lenke til kommentar

Flotte bilete. :dribble:

 

Med 14-42 og 40-150 ser det ut som eg har litt å ta av før eg må skaffe fleire objektiv til dette. Etter litt nærmare undersøking har eg oppdaga at eg kan kjøpe stativ, EQ-montering med kamerafeste og motor, og bare legge til eit teleskoprør seinare, om eg får lyst.

 

Då har eg oversikt over kva for utstyr eg må ha, så er det bare å vente til eg har råd til å kjøpe det. Skulle gjerne hatt det no, men det går utover husleia. :p

 

Mange takk for alle innspel. :)

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...