Gå til innhold
🎄🎅❄️God Jul og Godt Nyttår fra alle oss i Diskusjon.no ×

Bruk av daTax Totaløkonomi til utfylling av Næringsoppgåve 1


Anbefalte innlegg

Hei, folkens!

 

Eg har eit lite enkeltmannsføretak (med lite meiner eg eit titals bilag per år) som eg driv på sida av vanleg, fast arbeid. Eg kjøpte meg for ei tid sidan daTax Totaløkonomi for å halde styr på bilag og fakturering for dette føretaket, samt for å halde styr på privatøkonomien. Eg er 100% sjølvlært på dette, og plukkar opp ting etter kvart. Men det er noko eg ikkje har klart å finne ut av så langt.

 

Eg har tidlegare levert sjølvmelding manuelt med hjelp av ein kjenning som kan dette her. No då eg fekk daTax Totaløkonomi så bestemte eg meg for å leggje inn tidlegare år inn i systemet for å få alt inn på data. Men viss eg då prøvar å få daTax til å fylle ut Næringsoppgåve 1 så får eg nokon heilt andre tal inn der enn det som kom opp då dette vart gjort manuelt.

 

Dei felta som eg listar opp her skulle eigentleg vise null, men inneheld eit beløp når eg fyller ut skjemaet med hjelp av daTax:

 

  • 0220 Avgiftspliktig salg av innkjøpte varer for videresalg
  • 0240 Sum salgsinntekter
  • 0260 Bruttofortjeneste innkjøpte varer for videresalg
  • 1920 Bankinnskudd
  • 2050 Annen egenkapital
  • 9960 Sum skattemessig egenkapital
  • 2400 Leverandørgjeld
  • 9990 Sum gjeld
  • 9995 Sum egenkapital og gjeld

Desse felta skulle vere fylt ut, men står blanke i daTax:

 

  • 0402 Spesifikasjon av beløp som skal overføres til personinnntektsskjema og til selvangivelsen
  • 2061 Kontantuttak

Andre ting:

 

  • 2079 Privatkonto syner feil beløp
  • 0421 Årsresultat (fra post 9940) og 0422 Privatkonto fra post 2079 skulle vere like, men vert no ulike i daTax

Det som eg ikkje forstår er kor "innkjøpte varer for videresalg" kjem frå, ettersom eg ikkje driv med kjøp og sal av varer, men med konsulentverksemd. Dette meinte eg at eg hadde fått spesifisert inn i programmet, men her tek eg tydelegvis feil?

 

Eg forstår heller ikkje kvifor eg står med eit beløp i feltet "leverandørgjeld", ettersom eg ikkje har nokon ubetalte fordringar?

 

Og til slutt, korleis får eg programmet til å forstå at alt overskot frå firmaet er overført til privatkonto og ikkje skal liggje som "bankinnskudd" for enkeltmannsføretaket?

 

Eg går ut frå at det er nokon ganske elementære ting eg har gløymt her, men som sagt er eg alldeles sjølvlært når det gjeld dette. :)

 

Eg vonar nokon kloke hovud her kan hjelpe meg litt på veg. Sei ifrå viss de treng fleire opplysningar for å forstå kva det er som ikkje stemmer her.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...