torbjornen Skrevet 1. april 2009 Del Skrevet 1. april 2009 Hei! Eg har fått inntrykk av at vidarekopling er gratis innanfor frifamilie, men etter å ha logga meg på nettet og sett på forbruket på kontantkortet mitt ser det ut til at Telenor likevel har teke betalt. Nokon som veit om dette skal vere gratis eller ikkje? Lenke til kommentar
mdek Skrevet 1. april 2009 Del Skrevet 1. april 2009 (endret) Nye priser for viderekobling frå 1.mars: https://www.diskusjon.no/index.php?showtopic=1067057 og https://www.diskusjon.no/index.php?act=atta...t&id=278224 Alle vidarekobling prises no omlag som ein normal samtale (enkelte avvik, sjå pdf). Før var dette gratis til Telenor-nettverk og fast-telefon. Det er ingen informasjon om dette å nettsida, slik som under "nyheter". Prisinformasjonen kan imidelertid bli henta fram ved å trykke "priser" -> (aktuelt abo) -> "priser" på telenormobil.no. Djuice.no manglar informasjon om vidarekobling i det heile - imponerande. Frå samme tid er det også oppstartgebyr og minuttakst til mobilsvar (var også stort sett gratis) Netcom har gratis vidarekobling til andre Netcom kundar og fast-telefon (Kontant og kontroll kan bare vidarekoblast til personsvar). Når Netcom "justerer" priser, så har dei i alle fall ei side som heiter "kunngjøringer" som viser kva for priser som er blitt endra (opp eller ned). Litt off topic, men det verdt å merke seg prisen på 5-siffra nummer. Kostnaden for operatøren er svært låg. Forbrukerrådet burde reagere, dette er ein vesentleg del av kostnadene. Telepriser.no tar heller ikkje hensyn til dette. Telenor: 2 til 3 kr/min (avhengig av abo) Netcom: 2,5 (abo), 5kr (kontant) Onecall: 5kr (nyleg satt opp, før ca 1kr) Chess: 3kr Tele2: 1.4kr Endret 1. april 2009 av mdek Lenke til kommentar
torbjornen Skrevet 1. april 2009 Forfatter Del Skrevet 1. april 2009 I følgje innlegg 20 i den tråden skal vidarekopling framleis vere gratis innanfor FriFamilie. Det har vore minimalt med informasjon om desse endringane frå Telenor. Dersom denne vidarekoplinga eigentleg skal vere gratis, så ser det ut til at eg har ei lita høne å plukke med Telenor. Lenke til kommentar
Rusher Skrevet 2. april 2009 Del Skrevet 2. april 2009 (endret) Du betaler oppstart når du viderekobler innen frifam med kontantkort, det har jeg opplevd selv. Grunnen til dette er at mange utnyttet dette ifbm frifam. Altså de satt en kontantkort inni frifam som var viderekoblet til ett annet telenor nummer, og dermed "ringer gratis" uten å ha FriFamilie. Ang Viderekobling innen Netcom så er ikke det gratis hos Netcom. Samme pris der. Endret 2. april 2009 av Rusher Lenke til kommentar
Hedonism Skrevet 2. april 2009 Del Skrevet 2. april 2009 Du betaler oppstart når du viderekobler innen frifam med kontantkort, det har jeg opplevd selv. Grunnen til dette er at mange utnyttet dette ifbm frifam. Altså de satt en kontantkort inni frifam som var viderekoblet til ett annet telenor nummer, og dermed "ringer gratis" uten å ha FriFamilie. Kjenner flere som har gjort dette ja. Lenke til kommentar
torbjornen Skrevet 2. april 2009 Forfatter Del Skrevet 2. april 2009 Forklaringa til Rusher virkar logisk, men eg får likevel ikkje dette til å stemme. I følgje Mine Sider har telefonen i løpet av mars vore vidarekopla i 12 m. 49 sek., fordelt på 9 samtalar. For dette har dei belasta kontantkortet 9,86 kr. Nett&kontant har ein oppstartpris på 69 øre, medan 9,86:9 = "oppstartsavgift" på 1,10 kr. Samstundes kan det heller ikkje vere vanleg minuttpris Telenor har belasta meg for, sidan dette åleine ville kosta meir enn 9,86. Difor lurer eg framleis på om det eigentleg berre har skjedd ein feil. At Telenor som alle andre selskap må tene pengar for å overleve, det forstår eg. Men det er ufatteleg dårleg gjort å plutseleg byrje å ta seg betalt, utan å informere nokon stad verken at dei gjer det, eller korleis dei kjem fram til beløpa sine. Lenke til kommentar
esoteric Skrevet 2. april 2009 Del Skrevet 2. april 2009 (endret) Det er fortsatt gratis å viderekoble innad i en FriFamilie løsning. Jeg hadde kontaktet kundeservice dersom jeg ble fakturert for dette. Edit: Når det kommer til det Rusher nevner om oppstart, er jeg ikke sikker. Men det burde ikke være oppstart ettersom det ikke lenger er mulig og viderekoble gratis. Man skal jo også kunne ringe innad FriFamilie uten penger på kontantkortet, selv om det heller ikke altid virker i praksis. Endret 2. april 2009 av Dain Bramaged Lenke til kommentar
Furious-D Skrevet 2. april 2009 Del Skrevet 2. april 2009 Ang Viderekobling innen Netcom så er ikke det gratis hos Netcom. Samme pris der. Muligens med Trådløs Familie løsningen, men ellers er dette gratis hos Netcom. "Viderekobling av samtaler til fastlinjetelefoner og mobiler i NetComs nett er gratis" Lenke til kommentar
-M- Skrevet 3. april 2009 Del Skrevet 3. april 2009 Hadde faktisk aldri tenkt tanken, men dette var interessant. Skal hjem og ta fram med Netcom-kontantkortet fra skuffa. :-) Lenke til kommentar
torbjornen Skrevet 14. april 2009 Forfatter Del Skrevet 14. april 2009 (endret) Då er det på tide med ei oppdatering. Fyrst sendte eg ein e-post til kundesørvis, der eg forklarte problemet. Dessutan skreiv eg at eg tykte Telenor hadde informert for dårleg om endringa. Dessutan skreiv eg at det burde vere mogeleg å laste opp vedlegg når ein skriv til kundesørvis, i dette tilfellet ville eg gjerne ha lasta opp eit skjermbilete frå "Mine Sider". Fekk til svar noko om at prisen for vidarekopling er den same som for samtalar, og at det andre spørsmålet var vidaresendt til informasjonsavdelinga. Sendte ny e-post, sidan det eg var fakturert for stemte verken for samtalepris med eller utan frifamilie. Samtalepris med nett&kontant og frifamilie er då også gratis. Fekk svar at eg burde be om å få tilsendt ein samtalespesifikasjon, noko som ville vere gratis. I så fall trengde dei meir info, slik at eg måtte ringe 09000. Ringte deretter 09000, og forklarte problemet på nytt. Kundebehandlaren hadde ikkje vore borti dette før. Etter å ha snakka med ein kollega meinte han at vidarekopling ikkje var gratis i frifamilie. Forbruk for eit kontantabonnement var det berre eg som kan sjå, og han kunne såleis ikkje gjere greie for korleis Telenor hadde komme fram til beløpet. Etter å ha fått fødselsnummeret ordna han ei spesifisert utskrift, som kom i dag. Denne utskrifta inneheldt fire vidarekoplingar, i staden for 9, og kvar av desse vart faktisk ein god del dyrare enn vanlege samtalar. Etter at eg eigentleg hadde gitt opp å finne ut av dette, dukka det opp ein e-post frå kundesørvis, nemleg svaret frå informasjonsavdelinga på den fyrste e-posten min. Eg hadde ikkje venta at dei skulle sjå på det som i utgangspunktet var problemet. Overraskinga mi var stor, sidan dei faktisk hadde lese heile e-posten, og teke bryet med å finne ut av saka. Konklusjonen er altså at det var ein feil, og at vidarekopling mellom frifamilienummer er gratis. Eg har tidlegare vore godt fornøgd med kundesørvisen til Telenor, men har fått eit noko meir negativt syn på den etter dette. Men det er i allefall bra at det finst kundebehandlarar som gidd å setje seg inn i ei sak, og finne ut av det. Det viktigaste er at feilen no er retta. Telenor: Hei Torbjørn, og takk for henvendelsen. Vi har dessverre hatt en feil som gjør at viderekobling i FriFamilie har blitt belastet minuttpris. Dette var fra 01.03.2009. Feilen er nå rettet. Kr 10,- blir overført til nummer 9xx 3x xxx. Når det gjelder varsling, så er det blitt gjort via de 4 største avisene en måned før endringen ble aktiv. Telenor valgte denne varslingen i stedet for å sende det via SMS. Når det gjelder kontaktskjema og mulighet til å legge med vedlegg så har vi ikke det pr i dag, men dette er tatt videre. Vi takker for ditt innspill. Vi håper samtidig du vil hjelpe oss med å bli bedre kundebehandlere. Det kan du gjøre ved å svare på noen spørsmål på følgende link: https://www.questback.com/telenorkundeservi...vat/b7cbvqodqt/ Svarer du, kan du være en av fem som får kr 500,- i ringesaldo, eller som fratrekk på faktura. Ha en riktig fin dag! Med vennlig hilsen xxx xxxxx xxxxxxx kundeansvarlig Telenor Kundeservice for mobil > Navn: Torbjørn xxxxxxxx > Fødselsdato: > Mobilnummer: 9xx3xxxx > E-postadresse: [email protected] > Kontaktnummer: > > Spørsmål:Hei! > > Eg har FriFamilie på 9xx1xxxx, og har m.a. med kontantkorta 9xx3xxxx og 9xx2xxxx i frifamiliegruppa. > > Når eg går inn på ^Forbruk^ på ^Mine Sider^ på 9xx3xxxx (nett&kontant) viser det seg at eg er belasta 9,86 kr. for 9 vidarekoplingar på 12 m. 49 sek. Telefonen er vidarekopla til 9xx2xxxx, og begge desse nummera er som sagt med i frifamiliegruppa. > > Det eg lurer på er om ikkje vidarekopling innanfor frifamilie framleis skulle vere gratis, og at her har skjedd ein feil. Evt. lurer eg på korleis Telenor fakturerer vidarekopling innanfor frifamilie for nett&kontant. Oppstart? Minuttpris? Lurer svært på korleis Telenor har komme fram til akkurat dette beløpet (9,86 kr.). > > Håpar på ei oppklaring. > > Elles tykkjer eg det har vore svært dårleg informert frå Telenor si side om endring av pris på vidarekopling/mobilsvar frå 1/3, og info om dette har eg lese heilt andre stader enn hos Telenor. Eg får jamnleg e-post frå Telenor om gode tilbod osv., då kan det ikkje vere SÅ vanskeleg å sende ut ein sms om at vidarekopling ikkje lenger er gratis. > > Dessutan tykkjer eg at dette kontaktskjemaet bør ha ein knapp for å laste opp filer, f.eks. eit skjermbilete av forbruksoversikt frå ^Mine Sider^. Det ville gjere det lettare å kommunisere med kundesørvis. > > Mvh. > Torbjørn xxxxxxxx Endret 14. april 2009 av torbjornen Lenke til kommentar
esoteric Skrevet 14. april 2009 Del Skrevet 14. april 2009 Flott med oppdatering Kanskje flere som burde sjekke fakturaen sin dersom de bruker viderekobling i en FriFamilie løsning. Lurer på hvilke aviser de har informert om dette i. Selv har jeg ikke sett noe til det, og det og sende ut en SMS til kundene sine må jo også være enklere for Telenor? Lenke til kommentar
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå