Gå til innhold
🎄🎅❄️God Jul og Godt Nyttår fra alle oss i Diskusjon.no ×

Brannmann i militæret


Skyax

Anbefalte innlegg

Takk for svar! Du sier at utdanningsveien er rettet mot lederutdanning på høgskole, hva er dette? En spesiell linje alle gjennom? (beklager dumt spørsmål) Noen som vet om den nye utdanningen krever klasse C + kode 160 før du søker, eller om dette er pensum som brannkonstabel (som ved f.eks. politihøgskolen)?

 

Har nå sett på ulike veier for å bli brannkonstabel:

1: Brannvernsoldat ved luftforsvaret

2: Årsstudium i yrkes-dykking ved Høgskolen i Bergen

Har aldri dykket før, med oksygentank (?) altså, men begge deler høres svært interessant ut. Hvilken retning vil gjøre meg mest attraktiv for utdanningen som brannkonstabel og ved en fast ansettelse på en brannstasjon?

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Lederutdanninga på høgskulenivå er for forebyggande personell, mellomledarar og brannsjef. Det har med andre ord ingenting med brannkonstabelutdanninga å gjere sidan den blir lagt på eit litt lavare utdanningsnivå med meir fokus på praktisk opplæring.

 

Detaljane om kva krav som stilles i er så vidt eg veit ikkje avklart endå. Men eg tviler på at det blir krav om 160 kode då dette nok er lettare å berre legge inn som ein del av utdanninga. Eller det kan være at utdanninga ikkje tar for seg kjøyringa i det heile tatt slik at det ikkje er krav om sertifikat.

For dei fleste brannkonstablar så er det ikkje eigentleg nødvendig å ha sertifikat for verken stor eller liten bil då dei fleste berre sitter på i brannbilen. Men det er klart at dei fleste brannvesen vil nok ha folk som også har førarkorta i orden slik at alle kan gjere alt dersom det blir behov for det.

 

Så langt er det ingen ordentlig veg inn i brannvesenet. Men dei fleste søkarar er personar med fagbrev og førarkort klasse C.

Det å være brannvernsoldat i luftforsvaret vil nok være til hjelp, men det er ingen garanti for at du får jobb i eit brannvesen. Den lettaste delen av å trene opp ein person til å bli brannmann er å gi vedkommande opplæring i røykdykking og slangerulling, så dei fleste brannvesen ser etter personar med kunnskap og erfaringar som er nyttige også i andre samanhengar, som f.eks. personar som har fagbrev som tømrar som vil være nyttige i forhold til bygningsbrannar, eller bilmekanikere som har nyttig kunnskap ved bilulykker.

I tillegg til at ein ser etter personar som egnar seg godt i fagmiljøet, og ellers er lette å samarbeide med fordi dei har den rette innstillinga.

 

 

Personleg så trur eg at det å hoppe rett på redningsdykkarutdanning på HiB er litt risikabelt med tanke på at du på ingen måte er garantert jobb etterpå og sidan denne utdanninga ikkje kan brukast til så mykje anna.

 

 

Det som eg tenker er den lettaste måten å bli brannmann på er å busette seg i ei mindre kommune med deltidsbrannvesen der du får deg ei deltidsstilling i brannvesenet. I små brannvesen har dei langt færre søkarar slik at det er lett å få jobben sjølv om du manglar både utdanning og kursing. F.eks. treng ikkje alle å være sjåførar, røykdykkarar, eller andre slike funksjonar.

Deretter kan du trene deg opp og kanskje få betalt utgiftene ved å ta førarkort, 160-kode, grunnkurs for deltidsmannskap, røykdykkerkurs, osv. Når du har både slike kurs og litt erfaring frå eit brannvesen så vil det være langt lettare å få seg jobb i eit større brannvesen som fulltidsansatt.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...