Gå til innhold

Litteratur: Lærarane var også menneskjer!


Anbefalte innlegg

Hei! Eg la nettopp merkje til denne kategorien og synest det virka litt kjekt å publisere eldre stilar eg har skrevet. Først ut er eit kåseri eg skreiv i 1.klassen allmenn på VGS. Det er nok sikkert litt skrivefeil mm. Karakteren hugsar eg ikkje sånn i farta, men eg vil nok tippe ein 4ar. Eg fekk som regel alltid 4arar på norskstilane mine.

Lærarane var også menneskjer !

Lærarar, ja kva kan ein seia? Dei er ei spesiell yrkesgruppe, nesten eit eige lite folkeslag. Ja så spesielle er dei. Uansett kor du oppheld deg på kloten, har du ein rimeleg stor sjanse for å møte på ein lærar. Dei kjem i alle slags fargar og fasongar. Høge, lave, store, små, tjukke, tynne, mange og få. Ja vi kan nesten kalla det eit ”Lærerikt mangfald”. Dei lærarane eg har lært å kjenne er ingen unntak. Eg har tross alt gått på skule i snart 11 år, og har difor fått sjansen til å møte mange rare skapningar.

 

Lærarane er alltid velkledde. Dei går ikkje ein einaste dag på skulen utan å kle seg i dei finaste antrekk. Raude ballkjolar og kvite snippdressar er vanleg å sjå på ein gjennomsnittsskule. Grunnen til dette og noko av grunnen til at lærarane er spesielle har med at dei elskar jobben sin. Andre arbeidsgrupper stønnar og onkar seg som regel når dei må dra til den drittkjedelige arbeidsplassen sin. Dette er heilt omvendt hos lærarane. Dei stønnar som regel fordi dei må dra HEIM. Hadde vi latt lærarar styre landet vårt, hadde det ikkje tatt lang tid før vi hadde hatt 12-timars skuledagar utan friminutt.

 

Første skuledag er alltid den verste. Då er læraren trøtt etter ein lang ferie utan å ha undervist ei einaste sjel, at han berre MÅ gi mykje lekser. Jau, det er slik at får ikkje lærarane lært frå seg ein viss dose ”lærdom” så blir dei sure og irriterte. Nesten som kvinna, som må ha ein viss utblåsing med jamne mellomrom. Dette er spesialtilfeller, som du sjeldan vil kome borti, men eg har advart deg. Heldigvis er sure og sinte lærarar ei mangelvare. Dei er som oftast litt for blide og litt for kjekke. Men det seier seg sjølv sidan skulen har eit så bra arbeidsmiljø. Dei gjer aldri noko fysisk og treng aldri å heve stemma. I tillegg har dei superhøg løn og kosar seg langt til natt med å rette prøvar. Nei lærar, det skulle ALLE blitt.

 

Ser du ein velkledd person gåande nedover gata, så er det 92% sjanse for at det er ein lærar. Han helser som regel på alle. Og har det ultimata colgate smilet. Han har heilt sikkert med seg kona si, som òg er lærar. Ja, det er slik at dei helst formeirar seg med ein ”likesinna”. Det tar ikkje lang tid før det ynglar i born, og borna blir som regel best i klassen. Grunnen til dette er i hovudsak den ekstra opplæringa dei får. Både vinter, påske og sommarferie vert dedikert til den såkalla ”overlæringa”. Overlæring er eit mystisk ord som lærarar brukar titt og ofte. Når du pressar orda ”over” og ”læring” saman i eitt ord kan det få uante konsekvensar. Det minnar fælt om masse ekstra arbeid, noko som er heilt riktig.

 

Om ikkje lærarane er i klasseromma sine og gir frå seg kunnskap til lærelystne førsteklassingar så sit dei på lærarkontoret. Visst du smakar litt på ordet ”Lærarkontoret” så høyres det ut som ein skummel plass. Men dette er total misforståing! Inne på lærarkontoret er det fuglar som kvitrar og alltid vår. Kaffimaskina jobbar som regel på overtid og pumpar ut bortimot 60 litar kaffi i minuttet. Der sit lærarane og diskuterer kven som har snillast og ikkje minst flinkast elevar, medan dei heller innpå svart kaffi utan like. Og når klokka ringer inn, ja då slår dei nevane saman og seier i kor –”Endelig time!”. Når læraren stig inn døra er det som regel ein middels krig i klasserommet. Elevar kranglar på golvet, fleire vindauge er knuste og kateteret står i brann. Ein heilt normal dag. Det går som regel berre eit par sekund før den flinke læraren får løyst opp i konfliktane. Når alle elevane er kome på plass startar han leksjonen med eit smil om munnen.

 

Medan du sit ved pulten din og jobbar, så kjem læraren snikande opp bak ryggen din. Han ser ned på svara og tek tunge andedrag som minnar om ein forkjølt flodhest. I tillegg så siktar han omhyggjeleg munnen mot deg medan ein skarp deilig kaffiånde breiar seg ut i klasserommet. Lukta av lærarar, ei herlig lukt.

 

Om eg forhåpentlegvis blir stor, skal eg for all del bli lærar.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...