Gå til innhold

Stopp folkemordet på Sri Lanka!


Anbefalte innlegg

Stopp folkemordet på Sri Lanka!!

 

De har heilt sikkert sett på nyheitene, eller i avisa at det skjer noko på Sri Lanka. Dessverre er ikkje norske media særleg interesserte i problema på Sri Lanka, noko som ikkje er heilt overraskande sidan Sri Lanka ikkje ligg i Midtausten eller har olje.

 

I desse dagar er det spesielt vanskeleg for tamilane på Sri Lanka. I september 2008 blei alle hjelpeorganisasjonane av regjeringa beordra ut av ”tamilske område” medan det pågjekk kraftige artillerikamper nettopp i dette området på Sri Lanka. Den srilankiske regjeringa hevda at det var for farleg for desse hjelpeorganisasjonane å vera der. Viss det er FOR FARLEG for profesjonelle fagfolk som er utdanna for å vera i ein slik krigssituasjon, kva skal då den vanlege sivilbefolkninga gjera? Som ein følgje av dette vart over 200 000 tamilar interne flyktningar i sitt eige land.

 

Har de nokon gong tenkt på dette: Når ein familie må flykta frå heimen sin på grunn av at fly slepper ned bomber i nabolaget, og dei veit at det ikkje tar lang tid før bombene vil treffa huset deira, så flyktar dei med det dei kan bera med seg i nevane, nokre få livsnødvendige ting. Det vil seia at nesten alt dei eig, alt som dei har brukt tid og krefter og ikkje minst pengar på, blir lagt att til anten å bli stole, eller til å bli smadra til fillebitar. Men for å halda seg i live, blir dei nøydde til å flykta. Dei finn seg ein plass og trur at dei no kan starta på nytt. Men sjølvsagt skal det ikkje vera så enkelt; dei finn ut at desse bombeflya har så å seia smadra alt som var i dei andre områda, og leitar etter nye bytte, altså nye område dei kan bomba. Denne familien må atter ein gong ta med seg det aller nødvendigste og flykta. Det er dette som har skjedd i Sri Lanka dei siste månadene av 2008. Tamilane har ikkje berre måtta flykta ein gong eller to gonger, dei har måtta flykta så å seia heile tida. Med ein gong dei har funne ein plass, så er det på an igjen. Me trudde situasjonen ikkje kunne bli særleg verre enn dette, altså at så mange av sivilbefolkninga skulle bli interne flyktningar i sitt eige land, at skular og andre offentlege bygningar blei bombarderte. Vel å merka så har dei ikkje ein gong halde sjukehusa utanfor desse angrepa!

 

Men nei da, atter ein gong tok me feil! Den singalesiske regjeringa har sagt til den tamilske sivilbefolkninga at dei må, viss dei ynskjer å unngå bombeangrepa som er retta mot ”terroristar”, innan 48 timar gå til ”sikkerhetsområde” i den singalesiske delen av Sri Lanka. Kva trur de at desse folka vil gjera, leie som dei er av all flyktinga, leie av å sjå sine nærmaste liggja der sprengde i småbitar, leie av barn som græt, barn som skjelvande klynger seg til mødrene sine i rein frykt; og mødrene som alltid prøver å trøysta ungane sine, men som kvar einaste gong mislykkast, for dei og sit der og skjelv av frykt? Kva vil dei gjera? Jo, sjølvsagt går desse fortvila menneska bort til ”sikkerhetsområda”. For dei er dette eit håp, eit håp om at det vil vera nokon i slekta deira som overlever denne krigen. Allereie dagen etter at regjeringa kom med dette tilbodet, strøymde folket bort til desse områda. Og så? Kva skjedde? Med ein gong denne kaldblodige regjeringa fekk veta at desse områdane var fulle av fortvila tamilar, gav ho orde om å skyta ned folka. Ingen unntak, kvinner, menn, gamle besteforeldre, gravide, til og med små barn, vart eit offer til ei urettferdig regjering. Men det som kanskje sjokkerte meg aller mest, er vel at Storbritannia sende tilbake 208 tamilske flyktningar til Sri Lanka sjølv om dei visste kva som føregjekk i landet. Dei sende ikkje flyktningar tilbake til Sri Lanka, dei sende tamilane rett inn til ein grufull død.

 

Eg forstår ikkje heilt kva denne regjeringa gjer. Kva har sivilbefolkninga gjort for å fortena noko slikt? Eller er det berre det at det tamilske folket ikkje er verd nok til å ha nokon slags rettar? Ikkje eingong retten til å leva?

Endret av suvsel
Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Du forstår ikke hva regjeringa gjør? Regjeringa kjemper mot en seperatistgruppe. Og da havner sivilbefolkningen i kryssilden dessverre.

 

Ellers må du gjerne presenterer kilder på at regjeringen gav ordre om å skyte flyktninger, det er en konflikt jeg ikke har for mye sinnsikt i. Selv om jeg har litt oversikt over LTTE som regjeringen kjemper mot. Første søket mitt fant at "safe-zone" ble bombet av artilleri som kom fra BÅDE regjeringssiden og fra rebellsiden.

 

http://www.independent.co.uk/news/world/as...ne-1517850.html

 

Du har faktisk gått gjennom hele denne greia uten å i det hele tatt nevne rebellene eller LTTE. Det virker som det er bare regjeringen som angriper sivile.

 

What is the human and economic cost of the war?

 

The conflict has killed an estimated 70,000 people, displaced thousands more and held back the island's growth and economic development.

 

Both the military and the Tigers have been regularly accused of gross abuses of human rights by organisations such as Amnesty International and Human Rights Watch

http://news.bbc.co.uk/2/hi/south_asia/2405347.stm

 

Og vær så snill, bytt skrifttype. Det var litt vondt å lese.

Endret av Rampage
Lenke til kommentar
Gjest
Dette emnet er stengt for flere svar.
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...