Gå til innhold

Avinstallere Norman Security Suite


Anbefalte innlegg

Prøver å avinstallere Norman Security Suite frå maskina til ein svoger.

Han har fått programmet gjennom sin nettbankleverandør, men har hatt problem med det heilt sidan installasjonen. Stadige feilmeldingar, varsel om tilpassing av brannmur for kvar minste ting og nå har programmet deaktivert seg sjølv og får heller ikkje til å avinstallere det.

 

Ved åpning av programmet kjem det opp eit skjermbilde med teksten "Please wait updating" eller noko i den dur. Det er også eit bilde av ei crash-test-dummies som skriv på ei tavle. Står "Powered by Norman Sandbox" eller noko sånt nede i høgre hjørne. Programmet kjem ikkje vidare og vert berre ståande med dette skjermbildet.

 

Eg tenkte det var best å få vekk dritten og vel avinstaller via Legg til/fjern programmer. Då kjem det berre opp ein dialogboks med at eg må kontakta www.sparebank1.no då oppdateringane er udatert. Så der er eg nå...

 

Supportsidene til Norman er heller dårlige. Finn eit verktøy der for avinstallering http://download.norman.no/public/nsec/Delnvc5.exe, men kom ikkje nemneverdig vidare med den. I tillegg er det veldig forvirrande på nettsidene deira, då dei snakkar om Norman antivirus, virus control og security suite. Verktøyet nemnt ovanfor virkar til å vera laga for dei to førstnemnde.

 

Ringde til slutt til supporttelefonen (26 kr/min !!), men får etter å ha snakka med ein konsulent der beskjed om at han sender meg ein mail med beskrivelse... Og i den mailen var det ein link til det nemnde avinstalleringsverktøyet. Så nå blir det nok til at eg må reinstallere Vista...

 

Det beste i livet er gratis vert det sagt. Dette gjeld i alle fall ikkje Norman Security Suite dersom du skulle få tilbod om det gratis gjennom nettbank etc. Vil på det sterkaste frårå å bruka dette programmet!

Bør heller å satse på Avast, AVG eller tilsvarande som du også får gratis. Dei lar seg i det minste fjerna om det skulle vera behov for det!

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...